Torgeir Hagestad

Alder: 51
  RSS

Om Torgeir

Følgere

Mangekamp: JA! Fellesstart: NEI!

Publisert nesten 12 år siden

Mangekampforslaget er svært bra! Få idrettsgreiner er meir utfordrande enn mangekamp. Respekten steig vesentleg hjå underteiknande for 4-5 år sidan, då eg i over eitt år (alt for kort tid) trente til min første 10-kamp. Svært utfordrande! Eg trur likevel SKIØVINGAR er eit betre utgangspunkt enn snøaktivitetar generelt. M.a. kunne ein med fordel hatt med både sprint og vanleg langrenn, i kvar sin  stilart, kan hende? Snowboard er tøft, men høyrer ikkje med her. Skicross, tja - er litt skeptisk, ja....

Eg tykkjer du generelt har svært gode artiklar, Gilberg. I motsetnad til dei aller fleste sportsjournalistar er artiklane dine verd å lese og ikkje om sjølvsagte eller uvesentlege tema, slik som vanleg er på sportssidene i avisene, diverre.

Men kva er det med dette fellesstarthysteriet? Her følgjer eg deg ikkje i det heile teke. Som eksplosiv utøvar hadde eg ikkje fnugg av sjanse på øvingar som varde lenger enn 30 sekund, og eg har difor få personlege erfaringar med konkurranseidrett i kondisjonskrevjande greiner. Men, noko heilt anna som tilskodar! Særleg på fjernsyn. Kva er vel betre enn ei klassisk 5-mil på seigt føre og med intervallstart? No er det ikkje bryet verd å slå på fjernsynet før 45 km-merket vert passert. Ja, eg let meg ôg fascinere av hardhausane i Frankrike rundt, men sjå på dei sykle med 60-70%-puls, i time etter time? NEI. Til og med er det slik at eigne ryttarar berre er med for å trekkje opp dei beste. Takke meg til dei litt suspekte "harane" på friidrettsbanen, dei hjelp då i det minste alle utøvarane i eit felt! 10000 m er jo klart den kjekkaste distansen å sjå på for oss som liker skeiseløp, men det skulle ha vore 20000m. I dag er det ikkje lenger nokon som verkeleg FÅR DET på mila.

Dessutan; vil me ha ei utvikling mot idrettar der taktikeri vert vel så viktig som kondisjon og styrke? Northug skryt av skodespelet sitt for å lure konkurrenten sin 7-800 m frå mål. Er dette realt? Slike konkurransar tek farge frå realitykonkurransane. Eg registrerer at det finst menneske som tykkjer drittsekk-TV er sjåverdig, men ver så venlege å ikkje smitt idretten med dette!

Eg helsar elles nanoteknologiskiene velkomne. Smørenostalgien får så vere, det er likevel ikkje stort røring i gryta att! Med nanoski kan me vonaleg få tilnærma like glitilhøve i framtida.

JA TIL MANGEKAMP PÅ SKI! NEI OG ATTER NEI TIL FELLESSTART!

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere