Leif Halvard Silli

Alder: 53
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Ski 2000 og Utøya 2011

Publisert over 9 år siden

Det har vore mykje snakk om lenken mellom 11. september og 22. juli. Men dersom Breivik har Aspergers, bør me her i Noreg heller studera 4. april og nedbrenninga av huset til Yngve Hågensen.

I motsetnad til 22. juli, er nedbrenninga av huset til Ynge Hågensen ikkje med i  Bokmål-Wikipedia sitt oversyn over terror-aksjonar i Noreg.

Men dersom Anders Behring Breivik har ei form form autisme (Asperbergs, Tourettes), so gjev det 22. juli mange parallellar til 4. april 2000, då ein mann med Aspergers-diagnose sette fyr på huset til dåverande LO-leiar Yngve Hågensen — som for tida var i Sør-Afrika.

Bør ein ikkje rekna 22. juli som ein terroraksjon? Bør ein rekna 4. april som terroraksjon?

Viktige trekk ved 4. april-saka:

⁃ Høgreekstremismejakt: Politi og samfunn jakta fyrst på høgreekstreme gjerningsmenn.
AUF: Fiendane til gjerningsmannen var LO (Hågensen og Bjørndalen) og AUF (Annikken Huitfeldt).
Brevskriving: Medan han var varetektsfengsla, sendte han ut trusselbrev.
Uforståeleg motiv: Logikken bak motivet — han var imot LO sitt krav om ei femte ferieveke — var uforståeleg
Merkeleg, ustraffa fortid: Mannen hadde hatt 83 straffesaker imot seg men var aldri dømd.
Stutt brotsverkperiode: 75 av brotsverka vart utførde frå 12. februar i 1998 fram til brannen.
Ung mann:
 Mannen var 26 år. 
Regelryttar/Regelskrivar: Han laga reglar han meinte både han sjølv og andre måtte fylgja.
Merkeleg etikk/logikk:  Fordi LO og Hågensen forsvara ulovleg meieri- og transportarbeidarstreik, meinte han at dei måtte rekna med reaksjonar sjølve òg. Og når han fyrst hadde skrive trusselbrev — mellom annna brev (som vart stogga av fengselet) til AUF-leiar Anniken Huitfeldt (som truga med aksjonar i gasskraftsaka) — meinte han seg plikta til å oppfylla det han hadde truga med. 
Livsreglar: Han laga mat- og drikkereglar for seg sjølv.
Firma: Mannen hadde eit firma og hadde drive med aksjar.
Empati: Han skal ha forstått kva han hadde gjort men synte ikkje anger eller empati.
Eineståande: Det vart påstått at saka var unik og eineståande — at det var fyrste gongen det var ei sak mot ein gjerningsmann med Aspergers.
Evner: Gjerningsmannen vart rekna for å vera hyperintelligent på visse område.
Fengsling: Det var diskusjon om han var tilrekneleg — men ein valde å varetektsfengsla honom på vanleg måte.
Utilrekneleg: Under rettssaka i Indre Follo heradsrett, meinte psykiatrane at han ikkje var tilrekneleg — og dette vart òg konklusjonen til retten.
Dom: Fordi det var fare for nye brotsverk, vart mannen dømd til fem års sikring.
Trusselbilete: Det førte til noko auka merksemd kring problemet med trugsmål mot politikarane  

Og elles var Tor-Aksel Busch òg den gong riksadvokat …
 

Felles ideologikk

Parallellane til 22. juli-saka er slåande. Men i staden for å gå inne på alle, skal eg kort gå inn på parallellane i ideologikken. Og istaden for den engelske teksten i manifestet, kan me sjå på innlegga hans på Document.no der han kjem med fleire utsegner som er meir eller mindre parallelle til ting han seier i manifestet.

Nokre Breivik-sitat frå Document.no:

  • «ALLE hat-ideologier bør behandles likt».
  • «For meg blir det svært hyklersk å behandle Muslimer, Nazister og Marxister forskjellig. 
  • «—Jeg sidestiller dermed multikulturalisme med de andre hatideologiene: nazisme (anti-jødisk), kommunisme (anti-individualisme) og Islam (anti-kafr).»
  • «I et samfunn hvor marxistekstremister som Thomas Hylland Eriksen blir tillatt å praktisere fritt innenfor rammene av politisk korrekthet vil andre mer moderate humanister/kulturmarxister (ekstremister), som Mads Gilbert og Erik Fosse fremstå som frigjørngshelter (Nazistene (Jødene) skal knuses akkurat som Nazi-Tyskland). 
        Hadde Vest-Europa og US bestemt seg for å fengsle alle Marxister (Nazister og Marxister) etter WW2 og banne Marxistiske prinsipper som hat-ideologi på linje med Nazisme hadde vi aldri vært i dagens situasjon.»

Logikken i desse utsegnene — som han i manifestet dreg endå lenger (både slik at dei legitimerer avretting men ogso slik at han femner om fleire ideologiar) — minner om korleis 4. april-gjerningsmannen meinte å ha rett til å brenna ned huset til Hågensen som ein konsekvens av at LO hadde støtta ulovleg streik.

Breivik protesterar ofte når ein freistar å båssetja honom. Og logikken i manifestet — som eg her berre har gjeve nokre smakebetar av — er verkeleg heilt spesiell. Det er for meg merkeleg at det har vore so utruleg lett for so mange ekstremisme-ekspertar å fletta manifestet inn i kategoriane dei opererer med.

Megalomani

Breivik er skulda for «megalomani». Men handlar det kanskje òg om at han meiner å ha sett koplingar og samanhengar som andre ikkje har sett? Jamfør korleis han, når han i retten og i avhøyra har snakka om dei høgreekstremistiske etterkrigs-aksjonane i Noreg, har vore påpasseleg med å rosa initiativet deira. Derimot er det berre han sjølv — Anders Behring Breivik — som har gjort noko av format, både teknisk og ideologisk. Litt på same måten som han sa i retten at mora hans ikkje makta å setja ting i samanheng, so meiner han at dei andre, norske «motstandsfolka» har vore amatørar.

Spørsmålet om han er tilrekneleg ser litt annleis ut no. Men dersom han har Aspergers, so vil eg tru at det er Aspergersen som har gjort at han har drege desse vanvituge konsekvensane av det heile.

Jamfør nok ein gong 4. april-gjerningsmannen: Det er logikk i det at han var kritisk til ulovlege aksjonar og det var òg ein viss logikk i det at (eller dersom) han meinte at når LO og AUF kunne sleppa unna med ulovlege aksjonar, so burde folk i næringslivet òg kunna sleppa unna. Den logiske bresten var at han såg det å brenna ned bustaden til LO-leiaren som ei parallell handling. 

Det er det same manglande perspektivet hjå Breivik. Denne mangelen på perspektiv kjem til uttrykk både i rettssaka og i manifestet hans.

Gå til innlegget

«Stakkarsleggjering» og andre stråmenn

Publisert over 9 år siden

I rettssaka mot Breivik ser me ofte at ting vert tolka på motsette måtar. Samstundes er det so mange opplysningar og so mange oppfatningar å halda styr på at det er til å skjøna at ein kommentator blandar oppfatning og fakta.

I rettsalen 8. juni kom det både ein ny interessant diagnose og nye kommentarar frå Breivik, som ikkje vil ha det på seg at han er nokon sjølvoppteken kvinnefiende etc.

Og kommentator Stanghelle i Aftenposten, tykte i Dagsnytt 18 at han laut gje Breivik eit poeng: Breivik er utsett for «stakkarsleggjering». Og argument han var — nok ein gong — vitnemåla frå venene til Breivik, som hadde vist at mannen ikkje var nokon stakkar.

Problemet er berre at når han seier dette, so riv Stanghelle berre ned ein stråmann han og fleire andre kommentatorar sjølve har vore med å byggja opp!

For då aktoratet i byrjinga av saka gjekk gjenom livet til Breivik, so var det fleire som tolka det som kom fram dit at Breivik hadde hatt ein mislukka karriere i Framstegspartiet: Han hadde jo berre sete i nokre småutval i FrP, hadde han ikkje det? Og ikkje hadde han skjøna at FrP var for bombinga av Serbia. Anders Giæver kommenterte det siste og sa at Breivik synte som litt dum.  Alt han gjorde var mislukka: Han prøvde seg med firma, men det gjekk ikkje. Han prøvde seg i politikken. Med jenter. Men ingenting gjekk. Om lag på dag 3 av rettssaka, då FrP-tida hans vart lagd fram, skorta det ikkje på kommentarar om det mislukka livet til Breivik!

Dette biletet av Breivik er kjendt. Og hadde Stanghelle sagt at det var dette biletet som var stakkarsleggjering, so hadde eg sagt meg samd! 

Men det var ikkje det Stanghelle sa.

Det Stanghelle sa var at når venene kom med ljose minne inn i rettssalen, so viste det at han ikkje var nokon stakkars. Ho som fortalde at Breivik var so hyggjeleg å snakka med, at han brydde seg om henne jamvel om ho «berre» var ein kjærast til ein ven, ho viste altso at han ikkje var nokon stakkars. Det same galdt bestevenen, som sa at Breivik hadde vore so god å tru seg til. 

Det er likevel eit stykke frå dette og til å påstå det Stanghelle so gjerne repeterer — at venene ikkje vitna om nokon stakkar. Nei, dei vitna ikkje om ein stakkar: Dei vitna om ein toleg oppegåande person. Men dei sa òg at han etter kvart byrja å utvikla seg i feil retning. At han stengde seg inne på guteromet heime hjå mor — jamvel når venene kom for å helsa på på bursdagen. Høgst uvanleg. Og dei kjende det som eit slags tap.

Eg veit ikkje kva tid «stakkarsleg» høver, men venene reagerte på dette og tykte synd på honom og freista å få han med seg ut på byen og liknande for å muntra honom opp. Dei såg at han ikkje hadde det godt.

Å seia a det var slik, er ikkje «stakkarsleggjering»!

Det som er stakkarsleggjering var å fyrst teikna dette myrke biiletet der Breivik liksom alltid hadde vore dysfunksjonell og alltid hadde vore bisarr. Dette myrke biletet er ikkje tuft på deipsykiatriske rapportane. Men er heller tuft på dei negative forventningane til kven Breivik skulle vera.

Me har gjerne lett for å gløyma kor informasjons-sugne me var i fjor haust — og kor lenge me hadde måtta venta på å få noko. Dette saman med heksejakt på «meiningsfellar» og ein trong til å gjera Breivik til ein demon og eit umenneske, kan òg ha gjort sitt. Brotsmenn skal helst vara stygge å sjå til og vonde og dumme i hovudet.

Når so dei som teikna dette myrke og dystre Breivik-biletet vart konfronterte med dei ljose forteljingane frå venene til Breivik, so byrjar dei å tenkja at — «obs — dette var ikkje slik me hadde tenkt, det er jo ingen stakkars». 

Det er på tide at kommentatorane i Breiviksaka inntek ei meir edrueleg haldning. Det er viktig at kommentatorane freistar å liggja tettare på fakta — kommentatorane bør lesa meir og lesa inn mindre.

Med fakta som hovudballast vert det òg lettare å skifta meining når nye data kjem på banen. Slik som til dømes den nye, spanande diagnosen til Malt — som (for mitt vedkomande) nok ein gong fører tanken til år 2000, då huset til Yngve Hågensen brann ned fordi ein ung mann med autisme (asberger) var usamd i kravet til LO om ei femte ferieveke. Gjerningsmannen den gongen hadde i år 2000 hatt 83 straffesaker mot seg, utan å vera dømd — det er nesten merkeleg at Breivik ikkje har nemnt denne «høyt fungerende» autisten som døme på ein stor aktivist i den anti-multikulturelle «motstandskampen»  …

Gå til innlegget

Tørrissen og Aspaas’ forklåringsproblem

Publisert over 9 år siden

Tørrissen og Aspaas stadfester i tilleggsrapporten det som tidlegare er framkome i retten om koss dei to har påverka — og sjølv vorte påverka — av Anders Behring Breivik. Dermed har dei laga seg eit forklåringsproblem.

VG la i går ut «the TA-files» — Tørrissen og Aspaas si skriftlege vurdering av Breivik. I etterkant, og jamvel om han gjerne ikkje hadde rokke å lesa alle dei 284 filene enno, gav Andreas Wiese dei ein betre karakter:

  • «Det er lettere å kjenne igjen den Breivik vi ser i retten i den rapporten, enn i bildet vi får beskrevet i Husby og Sørheims første rapport»

Men det Wiese ikkje tek noko atterhald for her, er om den Breivik me ser i retten kunne vera resultatet av Tørrissen/Aspaas si psykiatriske gransking.

Ei samanlikning av den VG-publiserte tilleggsrapporten deira med det som er kome fram i retten, gjer dette spørsmålet meir — og ikkje mindre — presserande.

I eit innlegg 4. juni slo eg fast at det i retten hadde kome fram:

  1. at Breivik f.o.m. 1. og 8. mars brått heldt opp å vera taletrengd om Knights Templar-ordenen (med tilhøyrande dataspel-inspirert uniforms- og symbolbruk);
  2. at denne endringa skjedde rett etter at han, over 13 dagar, hadde hatt til saman 5 samtaler med Tørrissen/Aspaas;
  3. at denne endringa kraftigt minkar verdet av den — i prinsippet — grundige døger-kontinuerlege overvakinga til Tørrissen og Aspaas fordi overvakinga tok til fyrst etter at haldningsendringa hjå Breivik var eit faktum;

Når eg so les tilleggsrapporten av 30. april, fester eg meg serskildt ved koss Tørrissen og Aspaas — når dei skal byggja opp truverdet for den måten dei tolkar Breivik — framfører ei harmoniserande (les: tilslørande) framstelling av korleis Breivik utvikla seg under avhøyra. Dette er Tørrissen og Aspaas sin versjon:

  • Siste setning side 2: Det var berre «i den tidlige etterforskingsfasen» at Breivik hadde ein «storslått» måte å snakk om Knights Templar på.
  • Fyrste setning side 3: So tidleg som den 18. oktober har Breivik «tonet ned beskrivelsene når det gjelder Knights Templar»  («glansbilete»-utsegna)
  • Andre setning side 3: Han har likevel heile tida halde fast på «grunnidéene om Knight Templars mål og struktur men har understreket [ … ] at mange av hans beskrivelser må anses som forslag til en framtidig struktur»

I vitnemålet til Geir Egil Løken, derimot, heiter det at Breivik — med unntak for den eine gongen han nytta ordet «glansbilete» — hadde same ivrige måte å snakka om Knights Templar på like fram til 1. og 8. mars. Fyrst då merka dei at han — høgst truleg som eit direkte resultat av indirekte påverknad gjenom samtalene med Tørrissen og Aspaas — hadde byrja å te seg som «ein annan person».

Truleg var det òg etterverknadene av Tørrissen/Aspaas si gransking — og ikkje det Wiese seier om å oppleva seg sjølv «som en arbeidsløs ung mann» (kor viktig er det no etter 77 drap?) — som var ein av av grunnane til at Breivik i retten i går nok ein gong slo seg vrang då aktor Holden freista å spørja han ut om dataspel-aktiviteten hans.

Her kan ein òg minna om at Holden alt i innleiingsprosedyren gav eit ymt om at dei såg eit samband mellom symbolbruken i dataspela og symbolbruken i kompendiendiet, videoen og utstyret han nytta under udåden.

Til fordel for ei slik tolking talar og den sak at jamvel om Breivik ikkje er er so samarbeidsviljug som aktoratet gjerne hadde ynskt, so ter og uttaler han seg seg likevel — og då gjerne heilt på tvers av det som etter alt å døma kunne ha styrkt at han er tilrekneleg.

Den einaste måten eg kan få Breivik si framferd i retten til å gå i hop med at han er tilrekneleg, er dersom det me ser i retten er at Breivik har byrja å slutta å tru på sitt eige tilreknelegheitsprosjekt — på den måten at han har byrja å innsjå at alt saman berre er eit spel han sjølv har sett i scene slik at han no byrjar å vedgå at han berre han drive eit skodespel for seg sjølv — eit skodespel han no ikkje lenger greier å halda ved likar.

Ser Wiese at han har byrja å te seg slik? Ser Tørrissen og Aspaas  det slik at dei har  fått  Breivik til å sjå seg sjølv i eit sannare ljos? Er det ikkje heller slik at Breivik framleis driv på med det mislukka tilreknelegheitsprosjektet sitt? Og er ikkje det han gjer innanfor dette prosjektet eigenleg eit prov på at han er utilrekneleg?

Iallfall, dersom dei skal ha von om å vinna fram for retten med sitt syn på Breiviks ansvarsevne,  er Tørrissen/Aspaas nøydde å presentera rimelege svar på den openberre motsetninga mellom det faktum dei sjølv har hevda og det faktum Løken hevdar.

Dersom so ikkje skjer, kjem det til å festa seg eit inntrykk av at den omfattande rapporten deira er tuft på sviktande premissar.

Gå til innlegget

Rettspsykiatriatisk kommisjon gav Tørrissen/Aspaas riper i lakken. Men jamvel utan dette, hadde dei riper. Aspaas/Tørrissen ser Breivik som «normal til å vera ekstremist». Dei har ikkje vore opne for at han kan vera både utilrekneleg og ekstrem.

Påverking av Breivik

Avhøyrar Geir Egil Løken fortalde i vitnemålet sitt at dei merka ei stor endring hjå Breivik frå og med 1. mars og 8. mars. Før den tid, var Breivik sers glad i å leggja ut om Knights Templar. Men f.o.m. i mars, merka dei at han var endra. Løken nytta uttrykket «ein annan person» — so sterkt oppfatta dei det.

Psykiater Sørheim ville gjerne vita om Løken hadde nokon teoriar om kvifor. Då kom det fram at Tørrissen/Aspaas mellom 17. februar og 1. mars hadde fem «førebuande» samtaler med Breivik.

Før dette kom fram, hadde Løken fortald retten om korleis politi-avhøyrarane nytta moderne avhøyrsteknikkar, der dei la vekt å verta kjend med den tiltala og på å ikkje påverka honom. Løken skildra i vitnemålet sitt at dei var utruleg vare på om dei — på noko vis, t.d. med hjelp av leiande spørsmål — uforvarande kunne påverka den tiltala. Dei prøvde alt dei kunne å unngå slike ting.

So sterk var denne anti-påverknads-haldninga at Løken sjølv let seg påverka av Breivik. Dette kom fram då Husby spurde Løken kvifor han nytta ordet «pragmatisk» om måten Breivik omtala udådane på Utøya på. Då laut Løken vedgå at «pragmatisk» kunne vera eit ord han hadde plukka opp ifrå Breivik.

• Det må då vera vera ein utruleg blunder at det var psykiatrar, Tørrissen/Aspaas — av alle — som påverka Breivik til å verta «ein annan person»?

Då den døger-kontinuerlege observasjonsen byrja i mars, hadde Brevik med andre ord snappa opp at dei nye psykiatrane hadde eit ynskje om at Breivik skulle te seg meir «fornuftig» — at han ikkje skulle bruka ord og talemåtar som fekk han til å framstå som «pompøs». Dermed har Tørrissen/Aspaas — gjerne utan å vera klåre over det sjølve — fyrst manipulert Breivik.

Tendensen til ein del ser ut til å vera at det Rettspsykiatrisk Kommisjon som har rota det til for Tørrisen/Aspaas.

• Men er det nokon som, etter det som kom fram i samband med vitnemålet til Løken, lenger undrar kvifor Rettspsykiatrisk Kommisjon spurde om dei kunne ha late seg manipulera av Breivik?

Låst tolking

Aspaas/Tørrissen ser på Breivik som «normal til å vera ekstremist». Dei har ikkje vore opne for at han kan vera både utilrekneleg og ekstremist. Jamvel høgreekstremisme-ekspertane — Emberland, Bjørgo og Strømmen — var meir opne for denne kombinasjonen enn Aspaas/Tørrissen.

Ikkje minst på NRK, t.d. under direktesendinga av vitnemåla til ovannemnde ekspertvitne, vart det kringkasta mange kommentarar som gjekk ut på at ekspertvitna gjorde Husby/Sørheim til lått og skamme.

For eit litt onnor vurdering av styrken i desse vitnemåla, råder eg til å lesa den smått underfundige kommentaren til Aftenpostens Inge D Hansen: «Forsvarerne kunne bare lene seg tilbake og sanke poeng til prosedyren.» Eller den direkte humoristiske kommentaren «Dosentenes dag» av Document.no-journalist Christian Skaug: «Analysene tok ikke utgangspunkt i personen på tiltalebenken, men i ferdige kategorier man etter beste evne dyttet tiltalte inn i.»

Skaug sine karakteristikkar er diverre på sin plass. Samstundes er Skaug — og gjerne òg Hansen — litt blinde for at ekspertvitna òg kom med utsegner som hadde opning for at Husby/Sørheim-rapporten har rett.

For i røynda viste ekspertvitna opning for kombinasjonen — at Breivik både kunne vera utilrekneleg og «ekstrem». Og det var akkurat når ekspertane hadde pressa Breivik alt dei kunne inn i kategoriane sine, at biletet sprakk — at ein kunne skimta koss Breivik ikkje «berre» er ekstremist. Og det som fyrst og fremst sprengjer biletet, er udådane på Utøya.

Bjørgo fekk t.d. fram at mange ekstremistar er dumme — dei gjer dumme ting, og nyttar dumme og verknadslause metodar. Dette er altso noko som Breivik deler med mange andre … at han er dum, med ein vonlaus strategi. Toskeskap er med andre ord ikkje i seg sjølv eit teikn på ansvarsuførleik.

Men Bjørgo var likevel open for at det i Breiviks tilfelle kunne vera noko meir enn berre ekstremisme som var ute og gjekk. Og då var det serleg det som hendte på Utøya som var problemet — det passa ikkje inn i biletet av ein høgreekstremist.

Mest tydeleg var denne opninga likevel hjå det siste ekspertvitnet, Øyvind Strømmen. Alt i Dagblad-kronikken frå same dag han vitna i retten, heiter det i siste avsnitt:

•‹Breivik kan godt være utilregnelig. [ … ] Som det heter i den første sakkyndigrapporten, som konkluderte med at Breivik er utilregnelig: «Det vil jo også si at hans sitater og konklusjoner deles av et antall personer både i Norge og i Europa for øvrig».›

Her viser Strømmen to ting.

1.For det fyrste seier han at jamvel om han ikkje vil gje slepp på at Breivik reflekterar ekstremistiske tankar i tida, kan han likevel godt vera ansvarsufør (utilrekneleg).

2.For det andre viser han at Husby/Sørheim ikkje er so langt ute på viddene når det gjeld kunnskap og kjennskap til ekstremisme, som det har vore hevda.

Endeleg sa Strømmen, på spørsmål frå Husby, at han ikkje trudde det var fare for at høgreekstremistar kom til å repetera det Breivik gjorde på Utøya. Strømmen gav ikkje mykje direkte grunngjeving for dette, men det var ganske opplagd: Det som skjedde på Utøya, er so meingingslaust og poenglaust at det best samsvarar med ein person som er ansvarsufør — det har ikkje meining eingong i eit høgreekstremistisk univers.

Den kategoriske haldninga til Tørrissen/Aspaas viser seg i rein uvilje mot å tolka ting i favør av psykose. Viljen er i staden tilsvarande stor når det gjeld å tolka ting til å vera «normalt for ein ekstremist» — anten det gjeld Utøya eller det gjeld lingvistikk. Jamfør, når det gjeld det siste, debatten om Breivik sine nyord er psykotisk lalling eller — som Tørrissen/Aspaas hevda — språkleg kreativitet av typen «smørkrise» og «oskefast».

Tørrissen/Aspaas har sjølv indirekte sagt, gjenom eit spørsmål til Breivik den fyrste veka, at dei ikkje er ekspertar på ekstremisme. Og dei er neppe heller ekspertar på lingvistikk. Men det er til sjuande og sist Tørrissen/Aspaas’ sterke vilje til å tolka Breivik og hans univers som indre meiningsfyllt og samanhengande som, i kombinasjon med ein vilje til få ting til å passa i hop med ting dei ikkje kan so mykje om (les: ekstremisme og lingvistikk) som gjer at dei endar opp med å påverka Breivik til å — nettopp — endra på ordbruken sin.

Og då er det ikkje berre det at han sluttar å vera «pompøs»: Eg tolkar Breivik sin bisarre kommentar om at han ikkje banna medan han var på Utøya til å vera i eit slags samsvar med Tørrissen/Aspaas si interesse for normaliteten i Breiviks ordbruk.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere