Leif Halvard Silli

Alder: 53
  RSS

Om Leif Halvard

Følgere

Integreringsdebatt. Islamdebatt.

Publisert over 9 år siden

Kvifor er ordskiftet om og med islam heilt annleis enn ordskiftet om og med alle andre religionar og trussamfunn? Og kvifor vert «islam» og «innvandrar» gong etter gong gjort til synonym?

Integregreringsdebatten er prega av islam. Lat meg taka en del døme.

Minotenk – eller IslamTenk?

Namnet «MinoTenk» (minoritetspolitisk tenkjetank) gjev inntrykk av at det handlar om brei alianse med problemstillingane til den innvandra folkesetnaden som tema.

Difor, når det til dømes gjeld religion, kunne ein ha venta seg at MinoTenk hadde alle religionar representerte — ikkje minst kristendomen. For som KrF-leiar Knut Arild Hareide sa i valkampen: Dei fleste innvandrarane er kristne.

Men jamvel om den noverande styreleiaren ikkje er muslim, so er dei fleste som har ei eller onnor rolle i MinoTenk anten muslimar. Eller gode «multikulturalistiske» nordmenn:

  • Styret på fire har to muslimar, ein «nordindisk» ikkje-muslim og ein jøde.
  • To av dei tre medarbeidarane til MinoTenk er muslimar. Den tredje er etnisk norsk. 
  • Koordinatoren for det rådgjevande organet er muslim.
  • Og i det rådgjevande organet sit det to muslimar. Resten er norske. Derimellom er det minst fire som kunne gå under merkelappen «islamekspert»: professor Oddbjørn Leirvik, professor Kari Vogt, fyrsteamanuensis Lars Gule og Cecilie Hellestveit.
  • Og når ein ser på det dei skriv om på netstaden si, so ser minst 7 av 10 saker til å relatera seg til saker knytte til islam og muslimar.

Vil ein kristen mann med indisk bakgrunn tykkja at han har noko der å gjera? Ein gresk-ortodoks mann frå Russland? Ein kristen afrikanar? MinoTenk nominerer «Årets Somaliar» — ein muslim. Men kva med «Årets Etiopar», «Årets Eritrear» eller Årets Oromoar» — berrre for å halda meg på Afrikahornet.

Bra blogg!

Journalist Magne D. Antonsen i VG er symptom på fenomenet. Dag etter dag tildeler han, i regi av «Lesernes VG»,  merkelappen «Bra blogg!» på utvalde bloggar, med tilhøyrande bloggreklame nedst på VG.no. Ganske ofte har blogginnlegget ei eller anna tilknyting til islam eller muslimar. I går var det nok ein gong ein muslimsk bloggar som fekk merksemda. Og det er berre å gå gjennom Lesernes VG veke for veke — det byrja i 2010, so finn du det eine innlegget med islam- eller muslim-tilknytt tematikk etter det andre. Eg la merke til ein russar som skreiv noko om ortodoks påskekake her tidlegare i år. Det var eit slags unnatak. Kva VG gjera for å femna breiare?

Aftenposten

Kor mange innlegg er det med islam og muslimar som tema denne veka på Aftenposten.no? Vel. Ei norsk-pakistansk jente skriv om moralpoliti. Ei anna skriv om å sjå mennesket, ikkje hidjaben. Til eit skifte, er det eit innlegg om ulike innvandrarar sine trafikkproblem i Noreg. Minerva-redaktør Nils August Andresen skriv litt breiare om innvandring, men med stor fokus på islam.

For tida var det ingen ingen innlegg av Sara Azmeh Rasmussen. Eller andre, prominente norske muslimar. Heller ikkje har den svært aktive lesarinnleggredaktøren Knut Olav Åmås nokon innlegg om andre av yndlingsmuslimane sine. Åmås har sett si ære i å lyfta fram «nye stemmer». Det som skjer i Aftenposten er difor ikkje tilfeldig.

Tea time

Antirasistisk Senter har med stønad frå staten arrangert tedrikkarlag. For å få ikkje-muslimar (nordmenn?) til å verta kjende med muslimar. Kva med katolsk øldrikking? Ortodoks vodkakveld? Eg veit ikkje kva hinduar, buddhistar eller jødar burde invitera til …

11. september

Ein god del muslimar i Noreg klagar. Dei klagar på merksemda. 11. september førde til utbreidd «det er so synd på oss»-kjensle mellom muslimar. Men er dei dei einaste som dei siste 20 år har kjent seg stigmatiserte — i Noreg — på grunn av hendingar i andre land?

Stortinget

Eg kjenner ikkje alle, men i dag har Noreg ein muslism stortings-visepresident. Og når eit politisk parti skal visa at det tek integrasjon på ålvor, so handlar det ofte om å få ein muslim valt til Stortinget. Difor er det i dag t.d fleire muslimar enn ikkje-protestantiske kristne på Stortinget. Noreg dyrkar si katolske Sigrid Undset — men har ingen katolikkar på Stortinget, so mykje eg veit.

Ikkje eineståande

I alt dette er det sjølvsagt «mykje bra». Det er til dømes snakk om muslimar som tek dette med integrering på stort ålvor. Det er ingenting å kimsa av. Mange, kjekke likandes folk som arbeider seriøst med tilhøvet til det norske samfunnet.

Frå ein annan synsvinkel tenkjer eg som kristen: Ville eg hatt alle denne merksemda? Ting er er ikkje perfekte. Men eg er glad — på mitt eige kyrkjesamfunn sine vegner — for at det ikkje vert utsett for same tilnærmingsmåte — at ikkje alt ved mitt trussamfunn skal henda i det offentlege.

Det er mange viktige debattar å ta. Men bør ikkje debattane gå i dei religiøse samfunna sjølve — istaden for i vanlege aviser for ålmenta? Eg kan lesa muslimske damer sin hidjabdebatt, men kva har eg med den debatten — forutan det som har med dei ting som eg har noko med: Korleis offentlege tenestemenn skal vera kledde og korleis ein skal kle seg og te seg i det offentlege rom og i skulen.

Mange problemstellingar forsvinn i den merksemda som samfunnet gjev til islam og muslimar. Til dømes, då Stortinget for nokre år sidan vedtok ei hastelov for å minska henteekteskap og tvangsgifte, so trødde dei samstundes inn på tærne til Den romersk-katolske kyrkja sitt syn på ekteskapet. Oppsan. Lova står framleis å trampar på Den romersk-katolske kyrkja — og i prinsippet òg på tærne åt Den gresk-ortodokse kyrkja — sine tær. 

Muslimar er heller ikkje den einaste gruppa som vert møtte med ulike slag stigmatiseringar og fordomar. Heller ikkje når det gjeld plagsam merksemd frå PST, slik konvertitten Yousef Assidiq skriv om.

Kanskje er det på tide å gje islam litt mindre merksemd? Til sjuande og sist er det gjerne det som er den beste måten å integrera på — at ein ser på ting som normalt og kjem inn ein meir «normal» integreringsdebatt som femner om meir enn muslimar?

Det er nok å tenkja på ein slik banal ting som påstanden om det liberale, avkristna Noreg. Slik nordmenn aldri er so norske som når dei er i utlandet, er dei heller aldri so sekulære og areligiøse som når dei diskuterer islam. Med eit meir normalt fokus på islam, fær òg etniske nordmenn eit meir normalt syn på seg sjølve.

Gå til innlegget

Me har ikkje rett å ta Breivik ålvorleg!

Publisert over 9 år siden

Ytringsfridomsargumenta til Antirasistisk Senter, Vepsen og Per Edgar Kokkvold er berre relevante dersom gjerningsmannen er upsykotisk. Dermed er ytringsfridomsdebatten i røynda eit snikforsvar for at Breivik er tilrekneleg.

  1. Alt byrja med Antirasistisk senters bisarre påstand: «Som fri mann hadde Breivik samme ytringsfrihet som alle oss andre». Noko slikt hadde ARS’s Kari Helene Partapuoli aldri sagt til ein narkoman i rennesteinen — eller til ein nyinnflytt innvandrar med massive spåkvanskar. Eg går utifrå at ho heller ikkje hadde sagt det til ein ho visste var schizofren som gjekk rundt og trudde han var Jesus.
     
  2. Dei edle riddarane i Vepsen forsvara deretter Breiviks rett å ytra seg mot denne prinsippløysa frå Antirasistisk Senter.
     
  3. I dag kjem so den like edle Per Edgar Kokkvold og seier at handlingane hans tek bort ytringsretten hans.

Men denne debatten er absurd! Alle debattantane tek feil!

Det rette er at me pliktar å ta oss sjølve, syttisju drepne og alle offera alvorleg. Og då er det ikkje Breiviks mangel på rett me bør tenkja på. Men vår eigen mangel på rett: Det er ikkje berre handlingane hans som tek frå oss retten til å ha dialog med denne mannen, det er òg det at Breivik truleg er paranoid schizofren. Då har me ikkje — aller minst på bakgrunn av handlingane — rett å diskutera «politikken» hans eller «ideologien» hans som var han eit vanleg menneske. 

Aktoratets påstand er at Breivik er utan skuldevne. At han er utilrekneleg. Og sjukt samvitslaus. Då bør me, av sjølvrespekt, venda ryggjen til ARS, Vepsen og presselosjens teoretiske ytringsfridomdebatt.

Det er merkeleg å sjå koss ein på den eine sida vil ha Breivik tilrekneleg. Medan ein på den andre sida vil føra kamp mot ytringsfridomen hans. På det punktet er Vepsen i det minste konsekvent!

Men det bør kanskje vera ein tankekross, i vår virtuelle tid, at det å kjenna Breivik tilrekneleg kan føra med seg ein større risiko for å støyta på Breivik utanfor murane, enn det å senda mannen til tvunge psykiatrisk helsevern.

Gå til innlegget

Selektiv lesing av Breivik

Publisert over 9 år siden

Med «Tilfellet Norget» har Vårt Land-kommentator Åshild Mathisen — utan bruk av ordet «schizofreni» — levert ein artikkel om koss Breivik bør dømast. Slik viser ho koss dei som vil ha Breivik kjend tilrekneleg tenkjer: Ein ser bort frå galskapen.

Med «Tilfellet Norget» har Vårt Land-kommentator Åshild Mathisen levert ein artikkel utan ordet «schizofreni». Dette hindra henne likevel ikkje i å la artikkelen handla om koss Breivik bør dømast.

Mathisen meiner retten kan vurdera Breiviks handlingar på to måtar:

  • Anten er dei uttrykk for «hans politiske overbygning», nemleg «ekstremisme, islamofobi og kvinnehat»,
  • Eller so er dei uttrykk for at «ideologien [til Breivik] nærmest er bygd opp rundt» «drapstankene».

Av dette kan me slutta to ting: For det fyrste leiver ho ikkje «drapstankene»-alternativet mykje truverd. Og for det andre tvilar ho heller ikkje på at Breivik har ein ideologi.

Og det er dette som er den dulde sirkelargumentasjonen hennar: Fordi Breivik har ein ideologi, og fordi «drapstankar» ikkje kan kallast «ideologi», sluttar Mathisen at det ikkje kan vera «drapstankene» som fekk han til utføra handlingane sine.

Vilje til å sjå noko meiningsfullt  — ein ideologisk fundert motstandar — i Breivik er både forståeleg og langt ifrå eineståande, ho deler det t.d. med Thomas Hylland Eriksen. Men kjem ein i mål på den måten?

Om det å sjå bort frå «ideologi»

Mykje er sagt om at Husby og Sørheim har sett bort ifrå «ideologien». Men er det i det heile mogeleg å vurdera Breivik og handlingane hans utan å avskjera — som dei seier i retten — visse sider av Breivik?

Etter mitt syn: Nei.

Den som vurderer fenomenet Anders Behring Breivik er nøydd å koma til rette med tri tilhøve ved gjerningsmannen:

  1. Det ideologiske babbelet hans: anti-multikulturalisten Breivik
  2. Galmanns-rabbelet hans: Breivik som «sin slekts frelser»
  3. Handlingane hans: massedrapsmannen Breivik

Slik eg tolkar Mathisen og fleire andre som vurderer Breivik som tilrekneleg, so avskjer dei galmanns-rabbelet hans frå å telja med i vurderinga — dei bortforklårar det som «pompøst» osb.

Ein ting ved denne tilnærmingsmåten eg alltid kjenner på er at han ikkje tek nok omsyn til Breiviks massedrap. Har dei som tenkjer slik tenkt grundig nok over om denne tilnærmingsmåten ikkje lett bikkar over i at òg massedrapet hans berre var ein litt vel pompøs måte å spreia manifestet på? Når Breivik under rettssaka kunne seia at han hadde late vera å utføra udåden berre fleire hadde røysta på FrP, so er det jo på ein måte det han sjølv seier.

Dermed har me kome inn på det det er ålvorleg at Mathisen ignorerar: Galskapen hans. Den Breiviken som omtalar seg som «sin slekts frelser». Mathisen nemner «kvinnehat» — misogyni. Men det var ikkje med kvinnehat i røysta at Breivik vende seg til advokat Engh og omtala henne som «ei flott nordisk kvinne»? Når han dinæst la til at ho og Holden burde sjå på Breivik som «sin slekts frelser», vart det klårt at  det var som ein slags Jesus han tala …

Vel bort éin: galskap eller babbel

Det viktige poenget mitt her er at dei av oss — ikkje minst Husby og Sørheim — som ser Breivik som utilrekneleg, mange gonger har vore skulda for å sjå bort frå ideologien hans. Men min påstand er at at dei som står for det motsette — at mannen er tilrekneleg — sanneleg ikkje er mindre dugande når det gjeld det å ignorera. Det er berre det at ein ignorererer noko anna: Galskapen.

Dermed er eg heilt open på at me som held oss til Husby og Sørheims konklusjon, me ser faktisk litt bort ifrå det ideologiske babbelet. Samstundes nektar me å ignorera galmanns-rabbelet — det tek me på ålvor.

Eller, meir presist: Både Husby og Sørheim — og me som stydjer oss til deira tolking — har studert manifestet. Det er berre det at me avferdar det som banalt og dumt — utan indre samanhang. Me tillegg det òg avgrensa verd at Breivik har evna å nytta klypp og lim i dataprogram..

Microsoft Word eller ideologi?

Den som vektlegg det Mathisen omtalar som Breiviks «politiske overbygning», er nøydd å leggja stor vekt på Microsoft Word-dokumentet og Youtube-videoen til Breivik. Og so snart ein gjer det, byrjar ein naturleg nok raskt å leita i det miljøet Breivik har lagt inn i desse to dokumenta — og kjem fram til Fjordman, Document.no med fleire.

Kva er det å ha ein ideologi? Dersom det å velja røystesetel i eit politisk val er definisjonen på å ha ein ideologi, so har mange av oss ein ideologi.

Men kva kan ein lesa og verta ideologisk av, i Breiviks manifest? Han sjølv meiner at det å lesa manifestet automatisk ideologiserer deg.

Vanlegt folk kan so klårt konsentrera seg om det han stal ifrå Fjordman. Men ei meir truverd lesing krev ei onnor haldning. Det er med Breivik og manifestet hans som med Bibelen: Selektiv lesing er ikkje vegen å gå. Og det er der Mathisen, Tørrissen og Aspaas går seg ville: Dei driv selektiv lesing.

Dersom me no er samde om at ein anten må ignorera babbelet eller so må ein ignorera rabellet, då vert den eksegetiske oppgåva slik: Er det mest rimeleg å ignorera babbelet eller rabbelet? Gjev babbelet mest meining i ljos av rabbelet — eller omvendt?

Etter mitt syn er babbelet — «ideologien» — mest rimeleg å tolka i ljos av galskaps-rabbelet. Dersom Mathisen har problem med Fjordman og gjengen, må den kampen dermed førast i basketak med Fjordman. Det hjelper lite å ta Breivik.

Samstundes er eg open for at andre kan sjå det annleis. Det eg likevel ventar meg er at ein ikkje let som om at ein ikkje har eit problem.  For det er det som er problemet mitt med Mathisen: Ho tykkjest ikkje sjå at ho har eit problem …

Gå til innlegget

Breivik versus «Defeating Eurabia»

Publisert over 9 år siden

Til å byrja med i Manifestet seier forfattaren at kompendiet innheld informasjon som «has been deliberately kept away from the European peoples by our governments and the politically correct mainstream media (MSM)»

Breivik-kommentarane på Document.no syner han to-tri gonger til Fjordman si bok — «Defeating Eurabia» som er ein «compilation of Fjordman articles from websites like Gates of Vienna, Jihad Watch, Atlas Shrugs, The Brussels Journal and Fjordman's own (now defunct) blog [som]  has been updated and finetuned to reflect his current views on the islamization of Europ». Denne boka er òg fritt tilgjengeleg på netsidene til Gates of Vienna

Nokre påtakelege ting vedrørande «Defeating Eurabia» og manfiestet. Fyrst når det gjeld sjølve det tekstlege innhaldet:

  1. Det er i prinsippet ingen direkte sitat frå «Defeating Eurabia» i manfiestet. Men i praksis er det fullt av sitat frå denne boka (sjå punkt 3).
  2. Anders Behring Breivik sin motivasjon for å laga den kompilasjonen han har gjort er å motverka det at desse tekstene ikkje har vorte godt nok kjende. Han meiner som kjent, at tekstene har vore haldne unna ålmenta.
  3. Anders Behring Breivik ser med andre ord ut til å ikkje vera klår over at dei Fjordman-tekstene han har publisert i Manifestet faktisk òg er publiserte i av Fjordman sjølv, nettop i «Defeating Eurabia» — som jo er oppdaterte og «finetuned» nyutgjevingar av ting Fjordman hadde blogga om her og der.

Eit døme kan vera punkt 2.1 i Manifestet — ei Fjordmann-tekst. Breivik oppgjev denne URLen som kjelda for artikkelen: http://gatesofvienna.blogspot.com/2006/10/eurabia-code_19.html

 

  1. Samstundes er «Defeating Eurabia» ein kompilasjon av Fjordman-tekster
  2. Manifestet er ein kompilasjon av diverse tekster — her kan det vera ein teknisk inspirasjon frå Fjordman
  3. Manifestet snakkar om at dei Breivik sender Manfestet til kan bruka Lulu.com for å publisera Manifestet. Dette òg er ein teknisk likskap med «Defeating Eurabia», som er utgjeve på Lulu.com. (Og òg når Breivik skriv til Document.no, er han mykje oppteken av koss ein teknisk kan skapa ein publiskasjon.)
  4. d

Men det mest irons

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere