Stein Robert Osdal

Alder: 48
  RSS

Om Stein Robert

No dagleg leiar i KFUK KFUM Sogn og Fjordane. Tidlegare ordførar for KRF. Elles generelt opptatt av samfunnet rundt oss :-)

Følgere

Moria barna og Monica Mæland

Publisert over 1 år siden

Dagens avisoppslag frå justisminister Monica Mæland gjer meg bare trist

Avisoppslaget i Vårt Land i dag 10. juni der justisministeren atter ein gong stikker kjepper i hjula for å få til ei løysing på Moria saka gjer meg trist og eitrande sint. For meg så når denne saka snart ei viktig grense. 

Med brask og bram vart løysinga for Moria barna proklamert  men jubelen stilna fort når vi fekk sjå innhaldet i denne løysinga. Atterhalda var så store at det kunne gå vinter og vår før dei fyrste barna frå Moria-leiren kunne sette sine små føter på norsk jord. 

For meg er det komplett umogeleg å kunne forsvare dagens flyktnings- og asylpolitikk. Vi har i sju år hatt ei regjering der regjeringspartiet Frp stadig gjekk ut i media med utsagn og utspel som var på grensa til det rasistiske, iallefall var dei fullstendig uakseptable for eit seriøst parti. Etter at Frp gjekk ut var det eit håp om at regjeringa skulle gå i ei meir moderat retning. Dessverre ser det ut som at Høgre vil ta over rolla til Frp og dermed står regjeringa bom fast i ein inhuman flyktning og asylpolitikk. 

I 2015 til 2017 kom der mange til Norge, migrasjonen til Norge var stor og vi opplevde ein utruleg dugnad i kommunane og i det Norske folk. Eg veit kor mykje kommunane jobba for å bygge opp eit godt apparat for å integrere våre nye landsmenn/- og kvinner (og barn). Eg sjølv var ordførar då og vår lille kommune tok sin part og innbyggjarane var med.
Derfor er det komplett uforståeleg at Norge i dag skal ha ein så inhuman og streng flyktning - og asylpolitikk når Norge roper eit anna bodskap. 

Norge har historisk lave fødselstal, Norge skrik etter meir arbeidskraft, der distrikstNorge verkeleg har ei stor utfordring med rekruttering til kompetansen som trengs. Kommunane bygde opp eit godt og profesjonelt integreringsapparat  som no forvitrar. Når Norge roper stadig høgare, skrur regjeringa igjen og etter mi meining får stryk for sin politikk på dette feltet.
Det vi bygde opp forsvinner i ein streng og inhuman politikk.

Moria-saka vil i historia som skal skrivast vere ein av dei mørke flekkene som vi kanskje om nokre 10-år må seie unnskyld for. 

Eg hadde eit håp om at Krf sine flotte verdiar om nestekjærleik og menneskeverd skulle ha like mykje verdi for Moria-barna som for barna i mors liv men dessverre ser det ikkje slik ut. Krf får stryk frå meg på dette feltet. Eg støtta fullt ut kampen om barna i mors liv, men for meg så er det like viktig å få hjelpt barna som har det så ufatteleg vanskeleg andre stadar. Kor lenge skal Krf forsvare ein politikk som er så på tvers av kva nestekjærleik er. 

Derfor lyser mitt engasjement i Krf svært lite for tida. Kanskje er mi grense no nådd.

Stein Robert Osdal

tidlegare Krf ordførar. 


Gå til innlegget

Kyrkjerådet, kva vil dere?

Publisert over 9 år siden

Lurer sterkt på kva kyrkjerådet vil med stat-kyrkje etter det uheldige og veldig svake vedtaket som vart gjort i førre veke. Kyrkjerådet er kyrkja sitt øvste demokratiske organ. Er valt for å ta ansvar for leiing av kyrkja. Etter vedtaket sist veke lurer eg på om kyrkjerådet tørr å handle, om kyrkjerådet tørt å vise vei for kyrkja framover. Slik eg tolkar vedtaket viser kyrkjerådet ein svak leiing i denne sak.

Lurer sterkt på kva kyrkjerådet vil med stat-kyrkje etter det uheldige og veldig svake vedtaket som vart gjort i førre veke. Kyrkjerådet er kyrkja sitt øvste demokratiske organ. Er valt for å ta ansvar for leiing av kyrkja. Etter vedtaket sist veke lurer eg på om kyrkjerådet tørr å handle, om kyrkjerådet tørt å vise vei for kyrkja framover. Slik eg tolkar vedtaket viser kyrkjerådet ein svak leiing i denne sak.

 

Dei skal no lage eit refleksjonsnotat. Dei ville ikkje ha ei konkret høring om framtida. NO skal sokneråda reflektere over kva dei ynskjer kyrkja i framtida i staden for å be om konkrete svar om viktige spørsmål omkring lokal organisering, sentralkyrkja si organisering, biskopens tilsyn og prestane si stilling.

 

Kva slags ansvarleg handling er dette vedtaket av kyrkjas øvste organ. Sit ein på toppen og har fått ansvar for å leie kyrkja må ein og tørre å ta ansvar.

 

Det låg i korta lenge og utredninga til ”ekspertutvalet” la ned tre konkrete modellar som kunne vere aktuelle for kyrkja. Denne utredninga var ferdig til sommaren 2011, i mars 2012 hadde kyrkjerådet enda ikkje klart å lage høringa, kva skjer?

 

Kyrkjerådet hadde ein gylden sjanse til å legge fram saka til høring, med ulike variantar av korleis kyrkja skulle sjå ut i framtida. Sokneråda hadde ein sjanse til å seie noko om kva ein såg før seg kyrkja lokalt i framtida. Dette vert no smuldra bort. Organisasjonsutviklinga vil drage ut i mange år og kva vert konsekvensane.

 

Ein treng ikkje vere organisasjonsekspert for å skjønne at det kyrkjerådet har gjort i denne sak vil skade kyrkja framover. Kjenner sjølv på ein frustrasjon over kva skjer og kor tid skal vi starte dette arbeidet.

 

Når ein leser vedtaket lurer ein også på om det er andre krefter som har styrt prosessen. Veit at Hamar Bispedøme og presteforeininga vil utsette heile prosessen. Veit at bispemøte har vert kritiske til denne prosessen. Er det dei som har pressa på?

 

Vil, og trur på vegne av mange, og særleg kyrkjeverjene rundt omkring Noregs land, krevje fortgang i denne prosessen. Ta lokaldemokratiet på alvor og ta leiingsansvaret på alvor og start ein seriøs prosess med å endre og utvikle kyrkja som vi er så glad i. Konsekvensen av å ikkje handle kan verte fatal.

 

Har fortsatt håp om at vi kan få ein skikkeleg vedtak på kyrkjemøte i 2013, men dessverre fryktar eg at dette vil dra ut i tid fordi kyrkjerådet kanskje ikkje er sitt ansvar bevisst. Bevisbyrden ligg hos kyrkjerådet for kva dei er i stand til i stat-kyrkjeprosessen.

 

Gå til innlegget

Kven leitar på feil stad

Publisert rundt 10 år siden

Torgeir Reve sitt innlegg i Vårt Land 12. september var godt å lese, endeleg nokon som kan litt om organisasjonslivet og kyrkjelivet som talar lokalkyrkja si sak.

Gunnar Mindestrømmen sitt innlegg i Vårt Land 14. september er eit partinnlegg for prestane sitt ve og vel, ikkje kyrkja sitt ve og vel.

Det er faktisk provoserande å lese det han skriver ” Modellen vår har teke utgangspunkt i at dei tilsette er den viktigaste ressursen i kyrkja. …, Vi set menneske, den lokale kyrkje og teologien i sentrum og vil byggje ei effektiv, fleksibel, demokratisk og lite byråkratisk kyrkje.”

Med respekt å melde er dette bare tøv, presteforeininga med Mindestrømmen i spissen er bare opptatt av prestane sitt ve og vel, gjennom avisinnlegget legger han opp til at:

  1. alle andre må endre sine arbeidsgjevarrelasjonane, ikkje prestane.
  2. Lokal kyrkja vert styrt frå 11 plassar i Norge ikkje frå over 400 som i dag.
  3. Prestane og biskopen får større makt på bekostninga av den demokratiske delen av kyrkja og dei mange dyktige kyrkjeverjane som fins rundt omkring

Ordninga som Mindestrømmen beskriver vil øydelegge mykje av det gode som er bygd opp. Den gode kontakten lokalt mellom soknet, fellesrådet, dei tilsette vil verte broten opp. Arbeidsgjevaransvaret vert lagt for oss i Sogn og Fjordane 4 timer unna (med båt, 6 timer med bil) Kontakten vert liten og styringa desto dårlegare. Faren for subkulturar i kyrkja vert større og kyrkja kan oppleve større og sterkare fraksjonar. Dei 11 kyrkjene kan verte ein realitet i praksis.

Eg ynskjer å løfte fram prostimodellen (i justert form). Kyrkjeverja har i dag for mange oppgåver som ein skal vere god i. Frå personalsjef, økonomisjef til bygg og anleggssjef +++.Ein justert prostimodell med fleire i toppleiinga, inklusiv prosten der ansvar kan fordelast samtidig som ein held ein tett og god dialog med sokna vil utvikle kyrkja til det betre.

Biskopen vil då i ei slik ordning få løfta fram tilsynet som og er viktig i kyrkja. For Vågsøy sin del har biskopen ikkje vert på visitas sidan 1999. Han planlegg å komme i 2013, 14 år sidan sist. Det kallar eg ikkje tilsyn. Det kallar eg ein høflegheitsvisit. Den må kraftig forbetrast viss den skal ha ein funksjon.

Kanskje det er mykje å håpe på, men eg har eit ynskje at presteforeininga snart også kan sjå behova til kyrkja lokalt og ikkje bare vere navlebeskuande og sjå på sine eigne særinteresser. Faktisk, det er ikkje farleg å ha ein kyrkjeverje som overordna. Dere klarer å gjere ein god jobb for det. For det er mange andre som klarer det og som gjer ein flott jobb.

Med ynskje om ei god framtid for vår gode kyrkje.

Stein Robert Osdal

Kyrkjeverje i Vågsøy

Gå til innlegget

Hvor vil kirken

Publisert nesten 11 år siden

Vert av og til provosert over mangel på kunnskap hos personar som uttaler seg om kyrkja. Sist ute er Professor Henning Jakhelln ved universitetet i Oslo. Trist å sjå slik inkompetanse hos elles skulerte folk....

Professor Henning Jakhelln uttaler seg til ukeavisen ledelse ang. Einar Gelius som fratredde stillinga som sokneprest i Vålerenga kirke. Han uttaler seg fyrst klokt om kva grenser ein arbeidsgjevar må sette og kor svakt Gelius sto i denne saka.

Så lang alt OK.

Så på slutten vert professor Jakhelln sitert slik: " Jakhelln sier han generelt er svært bekymret for utviklingen innen kirken og takhøyden i kirken fremover.  -Dersom det blir et skarpt skille mellom stat og kirke, vil det være viktig å få en bredt forankret folkekirke med høy terskel. Alternativet er en mindre inkluderende kirke, der det lett oppstår mange sekter med egne regler og lavere takhøyde for hva som er riktig og lov. Det bekymrer meg, sier han" sitat slutt

To ting som gjer meg provosert, og det er:

1. Bruk av orda takhøyde og inkludering. Desse orda vert brukt som honnørord for dei som talar kyrkja i mot og vert mykje brukt om liberale krefter i kyrkja. Her vert dei brukt i ein samanheng der avsender (Jakhelln) klart beviser at han ikkje forstår eller kjenner til korleis kyrkja er eller korleis den er organisert. Definer takhøgde og inkudering og sett dei inn i den kyrkjelege kvardag og sjå om vi tilfredstiller dei. Eg vil klart seie ja til det.

2. Bruk av ordet sekt. Her også vert det relativt ofte brukt når kyrkja og andre trussamfunn på ein eller anna måte må sette foten ned for personar eller forslag som strider mot grunnverdiar og gjeldande rett i kyrkja eller organisasjonar. Ordet sekt vert enkelt og ofte brukt som skjellsord mot kyrkja og folk applauderer. Kyrkja og dei fleste av dei kristne organisasjonane i Noreg er så langt frå sekt som vi kan kome. Bare sjå definisjonen på sekt hos wikipedia (Definisjon 2). 

Det er ytringsfridom i landet men skal folk takast seriøst, uansett kor høg utdanning dei har er det eit krav om saklighet i argumentasjon og at ein setter seg inn i det ein uttaler seg om.

hadde Henning Jakhelln kjent til kyrkja og den kyrkjelege organisasjon hadde han ikkje trengt å vere bekymra. Ein grei leveregel er å undersøkje saka før ein vert bekymra. Det vil lette kvardagen mykje.

Gå til innlegget

Prestetenesta, den einaste saliggjerande!!!

Publisert nesten 11 år siden

Folkekyrkja døyr langsomt dersom prestetenesta ikkje fungerer godt, sa statsråden til opninga av kyrkjemøte i 2010. Dette er ein sanning med store modifikasjonar.

La det vere sagt med ein gong,  prestetenesta er viktig for lokalkyrkja og vil vere det i framtida men i 2011 har vi heldigvis ein teneste differensiering som er svært viktig for at folkekyrkja skal overleve.

Har jobba i 12 år som kyrkjeverje og har erfart at dei lokalt tilsette,  kateketar, kyrkjelydspedagogar, kyrkjemusikarar og diakonar ++ gjer til tider ein viktigare jobb for folkekyrkja sitt ve og vel enn prestane gjennom kontakt med barn, ungdom, musikkelskarar og dei som treng omsorg.

Gjennom hardt arbeid legger mange lokalt tilsette medarbeidarar ned eit voldsomt arbeid mykje inspirert av sin eigen ynskje om å formidle til sine målgrupper.

Kva med dei?

Opplever dessverre lite ros og gode tilbakemeldingar frå dei høge herrar i kyrkje og departement på det viktige arbeidet som dei  lokalt tilsatte arbeidarane gjer.

Det meste er fokusert på prestane. Fleire prestar, dårlege rammevilkår for prestane etc er det som opptar mediaspaltene om den norske kyrkja.

Vi har sidan 2003 fått trusopplæringsmidlar (og takk for det). Desse midlane gjer oss i stand til å oppretthalde og utvikle folkekyrkja. Her får barn og unge kontakt med kyrkja som dei vil ta med seg vidare. Her kan vi på ein positiv måte vere med å gje viktige livserfaringar og truserfaringar til barn og unge. Nasjonalt står kateketane, trusopplærarar, kyrkjelydspedagogar i spissen for dette viktige arbeidet.

Gjennom kyrkjemusikken jobbar kyrkjemusikarane (kantorar, organistar) mange plassar saman med det lokale musikkmiljøet. Dei klarar på ein forbildeleg måte å formidle kyrkjemusikk kulturen utover på ein positiv måte.

Gjennom diakoniarbeidet møter vi menneska og kan formidle kristi nestekjærleik til folk i ulike livssituasjonar.

Gjennom media får desse arbeidstakarane som eg har vist til over lite spalteplass og lite fokus frå kyrkjeleiinga, kyrkjeråd og biskopane.

Ta tenestediffereniseringa på alvor og inkluder ALLE stillingsgruppene og eg vil utfordre kyrkjerådet og biskopane på fylgjande:

Sett fokus på det flotte arbeidet som kateketar, kyrkjelydspedagogar, kyrkjemusikarar, diakonar og andre lokalt tilsette personar gjer.

Trekk inn dei andre stillingsgruppene i kyrkja når ein snakkar om folkekyrkja si framtid.

Ikkje bare ha fokus på prestestanden. La ikkje rosen til dei lokalt tilsette medarbeidarane bare kome i festtalar, men også i kvardagen då arbeidet vert gjort.

 

Stein Robert Osdal

Kyrkjeverje i Vågsøy

 

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere