Eg er gamal norrønist, folkehøgskulemann, prest h. v , amatørfotograf, ven med m.a. esel, palestinarar og israelske fredsvener, oldefar som går Stoltzen med "Familieidrottslaget Sønnesyn" - og trenar med Veteranlaget i Gular .
I den fine salmen 296 "Himlen blåner for vårt øye" av Einar Skjæråsen står det "Lovet være han som ånpet første le og siste grind". Det er vel mange i dag som ikkje er fortrulege med ordet grind, og slett ikkje med le. Eit le er ei enkel grind utan hengsler, som gjerne står mellom innmark og utmark, og fastbunden med tau eller vidje.
Men kva er skilnaden her i salmesamanhengen??
Kven veit??
Eg hadde tenkt å venta lenge med nytt innlegg.Men TV-gudstenesta palmesundag fekk meg til å tenkja meg om:
TV-gudstenesta med dåp og nattverd syner tydeleg fram at det er eit problem: I dåpsritualet vert fadrane pålagde eit ansvar.
Men når nattverden kjem etterpå ,vert det tydeleg at dette ansvaret er det ikkje alle fadrar som tek på seg når det gjeld nattverden: Det er vel oftast slik at fåe eller ingen av dåpsfylgjet som går framatt til nattverden.
Bør ikkje biskopane drøfta dette spørsmålet grundig, og gje prestane råd om kva dei skal rettleia og forkynna om dåp og nattverd??,
Tittelen til første innlegget hadde falle ut!
"Ivar Aasen-feltet er eit oljefelt i Nordsjøen. Olje- og Energidepartementet kunngjorde den 10. september 2012 at funnet 16/1-9 Draupne vart gjeve feltnamnet «Ivar Aasen-feltet». Feltet vart kalla opp etter språkforskaren Ivar Aasen."
Det kan sjå ut som dei har gløymt nasjonaldiktaren Ivar Aasen.
Skal tru kva dikt av Ivar Aasen dei vil velja til opningsdikt på opningsfesten på Draupne?
"Lat det merkast i meir enn i ordi
at me halda den arven i stand.
At om fedrane sjå att på jordi
Dei kan kjenna sitt folk og sitt land:" ??

Det er ulike variantar av juleevangeliet når det gjeld fødestaden til Jesusbarnet!
I juleevangeliet står det berre om ei krubba. Men etter kvart har det kome til fleire detaljar .
Det nyaste kom frå kyrkja i Os juledag.
Der var det sagt at Jesus vart fødd i eit skur!
Kva vert det neste??