Mai Lene Fløysvik Hæåk

Alder: 25
  RSS

Om Mai Lene

Kommentator i Vårt Land

Følgere

Ansvarsfråskriving av FpU og Unge Høgre

Publisert over 6 år siden

Framstegspartiets Ungdom og Unge Høgre prøver å framstille humanitær bistand, og det å ta i mot fleire flyktningar, som diametrale motsetningar som ikkje kan sameinast. Dei prøver å stemple opposisjonspartia som umoralske og urealistiske. Eg håpar dei snart forstår at deira eigen argumentasjon er vel så umoralsk.

28. april 2015 skreiv leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Riise, kronikken «Den gode intensjons fanebærere» kor han argumenterte for at det er meir moralsk å hjelpe i nærområda enn å ta i mot 10.000 flyktningar over to år, som dei andre ungdomspartia vil. FpU har sendt inn eit resolusjonsforslag til Framstegspartiets landsmøte kor dei uttrykker klart og tydeleg Noreg ikkje bør ta i mot fleire flyktningar enn det som ligg inni statsbudsjettet allereie. Grunngjevinga er at «All historikk viser at det er mest effektivt å hjelpe flyktninger i eller nær hjemlandet.»At det er mogleg å hjelpe fleire i nærområda for same sum som ein kan få ein flyktning til Noreg, er ikkje noko eg vil så tvil om, men eg trur ikkje det er meir moralsk av den grunn.

Utgangspunktet deira er at nabolanda Libanon, Jordan, Egypt, Tyrkia og Irak kan ta i mot flyktningane, så kan me bidra humanitært og «hjelpe dei der dei er». Det spørsmålet Unge Høgre og FpU ikkje stillar seg sjølv er om desse fem landa har eit større ansvar enn oss andre i kraft av å vere nabolanda til Syria. Om ein først skal byrje å tenkje på kva som er mest moralsk, slik Tonning Riise gjer i kronikken sin, må ein gå ut frå det er å dele på ansvaret.

Fakta er at fire millionar har flykta frå Syria til eit naboland sidan borgarkrigen starta i 2011. Særleg Libanon, som er på storleik med Rogaland fylke, har fått kjenne på det. Nesten kvar tredje innbyggjar er ein syrisk flyktning. Når Erna og co. hevdar at «kapasiteten i kommunane er sprengt», er det berre ein drope i havet i forhold til situasjonen i Libanon. Det er på tide at me minskar presset på nabolanda og tar vår del av ansvaret.

Me skal ikkje hjelpe alle fire millionane. Det er ikkje realistisk å ta i mot så mange, men det er realistisk med 10.000 over to år. Det kan eit land som Noreg klare. Tal frå Amnesty International viser at presset på Libanon, Jordan, Egypt, Tyrkia og Irak vil minske mykje om europeiske land tar i mot 380.000 av dei fire millionane. Blant desse 380.000 flyktningane er det LHBTI-personar, einslege mødre og jenter, personar med akutt behov for medisinsk behandling og torturoffer som har størst behov for å kome seg bort frå nabolanda.

Når Unge Høgre og FpU kallar oss umoralske som vil ta i mot 10.000 i Noreg i staden for å hjelpe 260.000 i nærområda, ser dei bort i frå at KrFU, i tillegg til å ta i mot flyktnignar, har gått inn for humanitær bistand på 1.5 milliardar. Unge Høgre og FpU skryt av dei summane som me gav i 2014 og vil gi eit inntrykk av at regjeringa er sjenerøse. Sanninga er at dei ca. 500 millionane Noreg gav, er ein prosent av det nordmenn brukte på julehandel same år.

I KrFU klarer me å ha fleire tankar i hovudet samstundes. Me er ikkje umoralske fordi om me vil bruke pengar på å ta i mot 10.000 flyktningar til Noreg over to år, og det hadde eg håpa Unge Høgre og FpU forstod. Når ein står overfor den verste flyktningkatastrofen sidan 2. verdskrigen, har verda eit felles internasjonalt ansvar for å hjelpe til, både med humanitær bistand og å ta i mot fleire. 

Gå til innlegget

Dei unge tapar, dei rike vinn

Publisert nesten 7 år siden

Det er mykje å seie om forslaget til statsbudsjett, både positivt og negativt, men noko som er klart ut frå det som føreligg no, er at dei unge er taparane.

Det er spesielt fem punkt som gjer at det står tydeleg for meg at dei unge er taparane:

  1. Kuttet i støtte til folkehøgskular.
  2. Eingongsstønaden blir ikkje auka.
  3. Inntektskravet for å få foreldrepengar og sjukeløn blir dobla.
  4. Standardisering av barnetillegg for uføretrygda.
  5. Klimaet taper.

1. Folkehøgskulane

Ti prosent av ungdommane i Noreg vurderer eit år på folkehøgskule. Folkehøgskulane tilbyr eit bredt spekter av linjer for dei som vil ha eit engasjerande friår rikt på opplevingar. Til saman blir det kutta 32 millionar til folkehøgskulane, og ein del av dette er at studiestøtta blir kutta frå ti til ni månadar.

Dei som har gått på folkehøgskule, legg vekt på at det er ein viktig ballast å ha med seg vidare, og det er ein stor fare for at unge som vil ha med seg denne erfaringa, ikkje får moglegheit til det. Det skal vere andre faktorar enn ressurssterke foreldre som skal avgjere om folkehøgskule er eit reelt val.

2. Eingongsstønaden

I samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia, KrF og Venstre er det eit punkt som heiter «Engangsstønaden økes». Førebels har det ikkje skjedd noko på denne fronten. Eingongsstønaden er viktig for studentar med barn og dei som ikkje har fast arbeidsinntekt før permisjon. 38.750 kr er ein veldig liten slump med pengar, og eg håpar KrF legg press på regjeringa slik at samarbeidsavtalen blir følgt opp.

3. Foreldrepengane

Eingongsstønaden heng nøye saman med foreldrepengar, og her vil regjeringa òg kutte. Tidlegare var det nok å ha tent ein halv G, litt over 44.000, for å få foreldrepengar. No vil regjeringa krevje at før barnet blir født, skal foreldre ha tent 1G, altså litt over 88.000 kr. Fleire må då ty til eingongsstønad, og talet på barn som får ein dårlegare start, kjem til å gå opp.

Noko liknande har skjedd for unge arbeidstakarar som jobbar på sida av studia. Tidlegare har ein hatt krav på sjukeløn om ein har tent ein halv G i året, men òg her blir inntektskravet sett opp til 1G. Doblinga av inntektskravet for foreldrepengar og sjukeløn er i hovudsak noko som rammar studentar og barn, og dette er berre nok eit døme på kor usolidarisk forslaget til budsjett er.

4. Uføre med barn

Det er nok fleire enn meg som har sett nyheita om Camilla Stensletten, ho som sendte ope brev til Erna Solberg og fortalt om kor viktig det er med barnetillegg for uføretrygda. Ei standardisering av barnetillegg vil føre til at uføretrygda opplever ein nedgang i støtte frå 35.000 til 7020 kr i året, og om dei ikkje kan arbeide, risikerer dei å miste 27.000 kr. Argumentet er at «det skal lønne seg å arbeide». Men at ikkje alle uføretrygda kan gå ut i arbeid, og at forslaget vil gå utover mange barn av uføretrygda, har Solberg og co. tydelegvis ikkje teke innover seg. Eg trur dei går rundt og håpar på eit mirakel, og ein kan jo få assosiasjonar til ein over middels kjent bibelsk person som sa fleire gonger «reis deg opp». Om Jensen har like mykje makt, tvilar eg på.

5. Klimaet

Det siste dei unge tapar på er klimafokuset i forslaget, eller det manglande klimafokuset. Av alle departementa er det Klima- og miljøverndepartementet som får minst. Sjølv om Solberg og Jensen ikkje vil merke mest til klimakrisa, er det andre som vil det, nemleg dei som veks opp no. Dei unge går ei ukjent framtid i møte, og den blir ikkje møtt med klimatiltak. I staden for å prioritere grøne skatteletter, gir dei skatteletter til Olav Thon, og i staden for å gi eit skikkeleg kollektivløft, vil dei gjere det billegare å køyre bil og byggje meir veg. Oljenæringa får nesten seks milliardar meir enn klimaet, og dette viser lite vilje til langsiktig tenking.

Siv Jensen og Erna Solberg kan skryta av forslaget til statsbudsjett så mykje dei vil, men dei klarer ikkje å komme seg bort frå at dei har prioritert rikingar, friske arbeidstakarar og oljeindustrien, medan studentar, ungdommar og barn tapar. KrF og Venstre har ei svært viktig og utfordrande oppgåve i få til store endringar på dette budsjettet.

Først publisert på Aftenbladet.no 13. oktober 2014

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere