Mai Lene Fløysvik Hæåk

Alder: 25
  RSS

Om Mai Lene

Kommentator i Vårt Land

Følgere

Sexkjøpslov gir fridom

Publisert rundt 5 år siden

Sjølv om nokre arbeider som prostituerte av fri vilje, er det dei som er tvugne inn politikarane må tenkje på.

Unge Venstre (UV), Unge Høgre (UH) og Framstegspartiets Ungdom (FpU) er nok ein gong ute og hevdar at legalisering av sexkjøp vil gjere livet betre for prostituerte i Noreg. Den liberalistiske ideen om negativ fridom lever i beste velgåande i dei borgarlege ungdomspartia. 

I store trekk dreier debatten sexkjøp seg om den nordiske modellen fungerer. Sverige, Noreg, Island, Finland og Nord-Irland har klare forbod mot kjøp av sex nedfelt i lov. Seinast i april 2016 følgde Frankrike etter. Den nordiske modellen ser på prostitusjon som utnytting, forbyr kjøp av sex, definerer prostituerte som offer i staden for kriminelle og gir offera hjelp til å kome seg ut av prostitusjonen. 

I Noreg har debatten hovudsakleg dreia seg om det som blir kalla «sexkjøpslova». I realiteten er det ei lov som medførte endring i straffelova frå 1902. I dag er forbodet mot kjøp av sex heimla i straffelova § 316 om Kjøp av seksuelle tjenester fra voksne. I tillegg har det blitt teke til orde for å fjerne den såkalla hallikparagrafen, straffelova § 315, som forbyr å fremme andres prostitusjon og å leige ut lokale som skal brukast til prostitusjon. 

Ifølgje Unge Venstre, Unge Høgre, FpU og moderpartia deira fungerer ikkje desse reglane etter hensikten. Dei meiner at dei prostituerte har fått det verre og at det er vanskeleg å avsløre bakmennene. I tillegg skal dei prostituerte kallast sex-arbeidarar, og sex-arbeidarane skal kunne jobbe på bordell med rettane til ein vanleg arbeidstakar. Slik skal me visst nok få slutt på seksuell utnytting og vald. «Det er en grunntanke i Venstre at man skal møte sosiale problemer med sosiale tiltak, ikke straff og politi», sa Tord Hustveit

Den politiske teoretikaren Isaiah Berlin formulerte i essayet Two Concepts of Liberty omgrepa positiv fridom og negativ fridom. Somme gonger blir «fridom til» og «fridom frå» brukt for å forklare tydinga. Den positive fridommen har tradisjonelt stått sterkt på venstresida og kan seiast å vere fridommen til å realisere potensialet sitt. På høgaresida har den negative fridommen blitt omfamna, særleg av liberalistar, som ønskjer fridom frå forbod og hindringar. Det er difor ikkje særleg overraskande at nettopp dei tre liberalistiske ungdomspartia er dei som talar varmast for å fjerne forbodet mot kjøp av sex og bordellverksemd. Spørsmålet er berre: Gir legalisering av sexkjøp mest reell negativ fridom slik dei hevdar?

I Tyskland har kjøp av sex og bordellverksemd vore lovleg sidan byrjinga av 2000-talet. Dåverande familieminister Christine Bergman frå Sozialdemokratische Partei Deutschlands (Arbeidarpartiet i Tyskland) og Kerstin Müler, parlamentarisk leiar for Die Grünen (MDG i Tyskland), skålte med champagne då dei nye reglane vart vedtekne. Femten år seinare er det lite å skåle for. I rapporten til U.S. Department of State, 2014 Trafficking in Persons report, står det: «Germany is a source, transit, and destination country for women, children and men subjected to sex trafficking and forced labour.» Tidlegare har Tyskland blitt omtalt som Europas bordell. Folk reiser frå heile verda til Tyskland for å kjøpe sex. Berre i Berlin er det rundt fem hundre bordell. Heller ikkje i der tårer dei prostituerte å gå til politiet, og i ein artikkel i Der Spiegel (How Legalizing Prostitution Has Failed) seier ei av kvinnene, Alina, at bakmennene alltid veit når politiet kjem på raid på bordella. Truslar om å skade familien til dei prostituerte gjer at dei held seg borte frå politiet. Dei same resultata ser ein i Nederland og Spania. 

Spørsmålet me alle stiller oss må vere: Kva skader minst? Prostitusjon vil alltid vere ein bransje som er prega av trafficking, vald og utnytting. Sjølv om nokre arbeider som prostituerte av fri vilje, er det dei som er tvungne inn politikarane må tenkte på. Dei siste åra har identifiserte offer for menneskehandel i Noreg vore på over 300, og flesteparten av desse er kvinner som har jobba innanfor prostitusjon. Fridommen deira må prioriterast framfor fridommen til dei som gjer det frivilleg når lovverket skal utformast.

Når den nordiske modellen fungerer som den skal, vil det vere den som sikrar flest mogleg reell fridom. Straff av sexkjøp er riktig fordi det hindrar at fridommen nordmenn har til å kjøpe sex går utover fridommen til den prostituerte. Dessverre har politiet med Operasjon Husløs latt moglegheita til å handsame prostituerte som offer og ikkje kriminelle gått frå seg, og dermed heller ikkje hjelpt til å styrke den nordiske modellen. Men ei lov kan ikkje opphevast fordi ho ikkje blir handheva som ho skal. Då er det langt viktigare med god opplæring av politiet og andre som møter prostituerte. 

Ei oppheving av sexkjøpslova vil gi fridom frå forbodet mot kjøp av sex og bordellverksemd, men er det ikkje like viktig å sikre at dei prostituerte får fridom frå tvangen og undertrykkinga? Viss dei borgarlege ungdomspartia vil sikre reell negativ fridom, burde dei tenkje på fridommen til dei som er tvungne inn i prostitusjon, og det gjer dei ikkje ved å oppheve sexkjøpslova og hallikparagrafen.

Først publisert i Vårt Land 25. juli 2016. 

Gå til innlegget

Om å rive ned murar

Publisert over 5 år siden

”Tear this wall down”, sa Ronald Reagan då han haldt tale i Berlin i juni 1987. Vil dagens politikarar tørre å seie det same når Europa igjen blir delt av murar?

Eg er dessverre for ung til å ha opplevd dagen då den aust-tyske politikaren Günther Schabovski ved ein feil erklærte at dei nye reglane om privatreiser frå Aust-Tyskland til utlandet skulle tre i kraft ”straks”. Det at han hadde stadfesta at utlandet òg omfatta Vest-Berlin førte til at fleire aust-tyske innbyggjarar på kvelden stod framfor grenseovergangen mellom Aust- og Vest-Berlin og ropte: ”Tor auf! Tor auf!” Vaktane innsåg etter kvart at dei ikkje kunne halde grensa stengt lengre, og innan 00.02 på natta var samtlege grenseovergangar mellom aust og vest opna. 9. november 1989 har i ettertid blitt ståande som dagen då Berlin-muren falt.

Berlin-muren har i ettertid blitt ståande som eit symbol på ideologiske og politiske konfliktar under den kalde krigen, konfliktar som i ettertid har fått store konsekvensar. Dette er likevel ikkje det einaste dømet på murar som har blitt bygga for å skilje statar, folkegrupper og menneske frå kvarandre. Barrieren Israel har bygga på Vestbredden har blitt hyppig diskutert både nasjonalt og internasjonalt, medan det i Afrikas siste koloni, Vest-Sahara, er bygga ein 2200 kilometer lang mur som deler landet i to. Mest berømt er kanskje muren Trump planlegg på grensa mellom USA og Mexico. Fysiske murar som dei nemnte vil nesten alltid undertrykke minst ein av dei involverte partane, og det kan ha store konsekvensar for utviklinga i eit område eller ein stat. Det vi ikkje må gløyme er at like djuptgripande er dei ”usynlege” murane me bygg mellom folkegrupper, religionar og statar. Murar som ein ikkje kan sjå med det blotte auget, men som bidreg til å dyrke skilnadar og auke avstandar.

Ein god del vil hevde at det som kanskje har rive ned flest usynlege murar er opprettinga av EF, no kalla EU. Ideen bak er bra: Eit sterkt europeisk samarbeid på tvers av landegrenser. Ingen kan heller underkjenne at EU har hatt ein posisjon som samarbeidsarena og brubyggjar. Trass i dette blir ofte resultatet av den praktiske politikken detaljstyring frå byråkratiet i Brüssel, og dette overskuggar for mange dei positive sidene. Mannen på gata merkar meir til inngripande direktiv enn samarbeidet om dei store politiske spørsmåla, noko som naturleg nok vekker skepsis til heile prosjektet.

Det er denne skepsisen nasjonalistiske parti i Europa har appellert til når dei har gått til val. Ved EU-valet i 2014 vart Front National i Frankrike landet største parti i EU-parlamentet med 25% av stemmene. Det paradoksale er at partiet eigentleg er motstandarar av EU. I likskap med UK Independence Party, Sverigedemokratane, Sannfinnane og Dansk Folkeparti meiner Front National at landet no er best tent med å melde seg ut og byrje å tenkje på eigne interesser. ”No er det vår velferd som gjelder, det me er interessert i. No er det slutt på at me skal bli styrt frå Brüssel”. Ikkje minst markerer alle partia seg som sterkt innvandringskritiske. 

Om slike parti veks seg sterke nok, kan det bli byggja høge murar mellom statane i Europa og mellom Europa og resten av verda. Det er ikkje snakk om fysiske murar, men om mindre vilje til å føre diplomatiske samtalar og inngå avtalar med andre statar. Det er snakk om færre opne grenser og mindre ansvarskjensle for det som er utanfor eigne landegrenser. Når verdssamfunnet har store utfordringar som klimaendringane og flyktningkrisa, blir risikoen for at ein slik tankegang får fleirtal endå tydelegare. I verste fall vil den føre til at utsette grupper og klimaet vårt blir ofra til fordel for interessene til velståande statar.

 Eg har ikkje det same romantiske forholdet til EU som mange liberale politikarar har. Eg trur ikkje på utopiar og det perfekte samfunn. På mange EU-forkjemparar høyres det ut som om Europa og verda vil bli perfekt om me berre sett heile ideen om samarbeid, diplomati og demokratiske verdiar ut livet, om me berre opnar alle grensene og lever i fred og harmoni med kvarandre. Det er dessverre ikkje slik det fungerer. Statane vil alltid ha ulike interesser, og fullstendig opne grenser ville vore vanskeleg å handtere. Fridommen til nokre vil ein gong gå utover fridommen til andre i eit slikt samfunn. Likevel spør eg meg sjølv: Kor vart det av den europeiske draumen? Kor vart det av tanken om å gjere det beste ut av det? Kor vart det av tanken om ein gylden middelveg? Det er eit hav av skilnad mellom å oppretthalde grenser og å byggje murar.

Det er omdiskutert kor stor innverknad talen til Ronad Reagan hadde på Berlin-murens fall 9. november 1989. Truleg var det ikkje den talen Günther Schabovski tenkte på då han utan å ville det var årsaka til at alle grensene mot Vest-Berlin vart opna i løpet av kvelden. Likevel veit me at Reagan trassa råda til vest-tyske styresmakter då han leverte ein tale nesten ingen forventa. Me treng framleis politikarar som tørr å seie: ”Tear down this wall”, men kanskje endå viktigare: Me treng politikarar som tørr å seie: ”Ikkje bygg denne muren”.

Gå til innlegget

Menneske som handelsvare

Publisert over 5 år siden

Det er kanskje vanskeleg å tru, men i Noreg har me i praksis offentleg finansierte bordell, og myndigheitene veit om det. Kor lenge kan me sitje stille å sjå på at menneske blir selt som handelsvare i bakgarden vår?

Menneskehandel er av mange blitt kalla det moderne slaveri, og det er det gode grunnar til. Omgrepet slaveri viser ikkje berre til at menneske blir redusert til ei salsvare, men det rettar òg merksemda mot den grove utnyttinga som førekjem. I følgje FN er det mellom 25 og 27 millionar offer for menneskehandel på verdsbasis. Det betyr at det aldri har vore så mange slavar i verda som det det er no. Gjennomsnittsalderen på slavane er tolv år, og berre ein til to prosent av dei blir redda. Tala er vanskelege å ta innover seg, og det trass i at det moderne slaveriet er overalt. Me kan ikkje sjå på filmar som ”12 years a slave” og tenkje at det er noko forhistorisk som skjedde i USA på 1800-talet. Slaveriet skjer no, og det skjer rett utanfor dørene våre.

 

Menneskehandel har etterkvart blitt ein lønsam industri for bakmennene. Det er den kriminelle industrien som veks raskast av alle. Våpen eller narkotika kan du berre selje ein gong, men eit menneske kan du selje om igjen og om igjen. Og om igjen. Kyniske bakmenn nyttar andre menneske som eit middel for å tilfredsstille kundar som er villige til å betale, og kundane igjen ser ikkje ut til å bry seg om at dei som utfører tenesta lever i umenneskelege forhold. Kjernen i det moderne slaveriet er krenking av menneskeverdet. Det er nok ukunne og likegyldigheit der ute til å skape ein marknad for menneske som handelsvare. 

 

Det er hovudsakleg to utfordringar i kampen mot menneskehandel: Den første er at det er vanskeleg å redde offera. Den andre er at bakmennene sjeldan blir oppdaga eller stilt for retten og dømt. I Noreg har me ei refleksjonsordning som er eit lågterskeltilbod for potensielle offer for menneskehandel. Dei som blir med i refleksjonsordninga får seks månadars midlertidig opphaldsløyve i tillegg til bustad og støtte frå NAV i kommunen dei oppheld seg i. Refleksjonsperioden skal først og fremst føre til at offera bryt med miljøet og gjere det lettare å kome seg ut av slaveriet. Ordninga skal òg opne for at dei kan gi informasjon som fører til at bakmennene blir straffeforfølgt. På den måten prøver refleksjonsordninga å svare på begge utfordringane.

 

Dei fleste stadene i Noreg oppheld offera seg på krisesenter dei seks månadane i refleksjonsperioden. I Oslo derimot får dei gratis leilegheit og over 6000 kroner i månaden. Tilbodet er gunstig, men dessverre med lite oppfølging, noko som har ført til at bakmenn i Spania og Italia sender unge, nigerianske kvinner til Noreg for å søke om refleksjon og bu i leilegheitene til NAV Grünerløkka. Etter at dei har kome inn i ordninga byrjar dei å selje sex frå bustaden.

 

Ei refleksjonsordning er ikkje feil i seg sjølv Group of Experts on Action against Trafficking in Human Beings (GRETA), som skal overvake at dei som har ratifiserte Europarådets konvensjon om tiltak mot menneskehandel følgjer opp, tilrår refleksjonsordning som eit tiltak. Så lenge det fungerer slik det skal vil det kunne redde mange ut av det moderne slaveriet. Difor er situasjonen i Oslo sørgjeleg med tanke på at offentlege midlar går rett i lommene på bakmennene og dermed finansierer utnytting av andre menneske.

 

Heldigvis finst det løysingar. Til dømes kan Oslo i likskap med andre stader i landet i auka grad ta i bruk krisesenter. Oppfølginga av offera vil då gå frå å bestå av umelde besøk i leilegheitene til ei døgnbemanna teneste. Lauras hus og ROSA-prosjektet er tiltak med god kompetanse på området. Ved å tilby føreseielege finansieringsordning og legge til rette for auka bruk av desse institusjonane, kan fleire offer for menneskehandel få den hjelpa dei treng for å kome seg ut. ROSA-prosjektet har òg kome med forslag om blant anna å innføre pliktar og krav for offera som skal følgjast opp under refleksjonsperioden.

 

Sjølv om det finst løysingar, er det lite som har blitt gjort. Både politiet, justisdepartementet og NAV har blitt informert om kva som skjer, men tiltaka lar vente på seg. Statssekretær i justisdepartementet, Ove Vanebo, sa på Dagsnytt atten 7. april: ”Det som skjer i disse dager er at vi må finne ut hvordan vi skal evaluere ordningen for å finne ut hva vi skal gjøre for da å finne kriterier og andre ordninger for å få denne utsilingen av disse som misbruker ordningen.” Spørsmålet er: Kva meir skal me finne ut? Kva meir skal evaluerast? Me har klare indikasjonar på at ordninga blir misbrukt, og me har fleire fagpersonar som seier det same: Løysinga er betre oppfølging og fleire pliktar og krav.

 

Det er flaut å vite at det offentlege er med på å finansiere ein industri som held mellom 25 og 27 millionar som slavar. Om me skal klare å gjere noko med det moderne slaveriet er det handling og ikkje apati som hjelper.

Gå til innlegget

Det grøne eventyret

Publisert over 5 år siden

”Om me ikkje gjer noko med klimaendringane snart, vil…” er ein frase me ofte høyrer. Det me kanskje høyrer litt mindre om er kva me skal gjere.

Då eg byrja i KrFU i 2011 var ikkje klima og miljø det feltet eg var mest engasjert i. Det verka som eit uoversiktleg felt med motstridande løysingar. Eg fekk inntrykk av at alle berre var interesserte i å fortelje dommedagsprofetiar. Heldigvis har synet mitt på klima- og miljøpolitikk endra seg. Det som fekk meg interessert var eit føredrag haldt av Kari Elisabeth Kaski frå Miljøstiftelsen Zero på KrFUs vårkonferanse i 2014. Trass i at ho innleia med å fortelje om kva som kjem til å skje om me ikkje gjer noko, handla mesteparten om løysingane og kva me kan få til. Det vart vist til forsking og suksesshistorier, og eg trur det var første gong eg høyrte nokon som forsiktig uttrykte optimisme i klima- og miljø saka. 

Ein som prøver å forklare korleis me reagerer på det som blir sagt om klimaendringar er klimapsykolog Per Ein Stoknes. Eit punkt han trekkjer fram som negativt er å snakke om ”dommedag”. Det hjelper ikkje å innprente oss at verda kjem til å gå under. Enten vil me venne oss til det og tenkje: ”Dette har me høyrt før. Der kjem det igjen”, eller så unngår me dei som snakkar om det. Det som derimot hjelper er å kome med konkrete løysingar, vise til resultat og lage ei ny forteljing om Noreg kor klima- og miljøvennlege løysingar speler ei stor rolle.

Eg trur me må bruke synspunkta til Stoknes når me skal nå måla me har sett oss for utsleppskutt. Det handlar ikkje om å la vere å sjå realitetane i auga. Me skal kunne seie at om me ikkje gjer noko vil det gå ad undas, men me må kunne svare på kva me kan gjere for å unngå at det skal skje. I tillegg må me byrje å snakke i meir positive ordelag om det me kallar for ”det grøne skiftet”, og me må byrje å konkretisere uttrykket.

Å vise til positive resultat er kanskje enklare enn me skulle tru. Me treng ikkje sjå lengre enn til Tyskland. Energiewende har ført til at fornybar energi har blitt konkurransekraftig på linje med fossil energi, at det dei siste åra blitt skapt fleire jobbar innanfor fornybar energi enn innanfor fossil energi og at prisane for installeringssystemet til solceller falt med 66% frå 2006 til 2012. Om Tyskland klarer det, kvifor skal ikkje Noreg klare det?

På grunn av ulike forhold er det likevel ikkje berre lett å kopiere suksesshistoria til Tyskland. Det er stor usemje på kor stor effekt ein del alternativ har og om alt er like miljøvennleg eller ikkje. Me treng klare svar gjennom forsking på fornybare energikjelder og korleis me kan bruke desse på den beste og mest stabile måten. Kanskje hydrogenbilar vil vere dei mest brukte i framtida? Kanskje finn me ut at ”månelandinga” ikkje var ei krasjlanding likevel, men at det er eit poeng i å fange og lagre karbondioksid? Kanskje kan me klare å byggje fleire passivhus og utstyre dei med solceller slik at dei ikkje berre bruker mindre energi, men òg lager energi? Det er berre fantasien som set grenser for kva me kan forske på innanfor feltet.

Det eg kanskje synest er mest spennande av alt, er å lage ei ny forteljing om Noreg. Etter andre verdskrig fortalte Einar Gerhardsen ei forteljing om korleis landet skulle byggast opp igjen og korleis Noreg skulle oppleve økonomisk vekst, betre levevilkår og auka velferd. No er det på tide å lage ei ny forteljing, og den bør vere grøn. Når det er snakk om nye løysingar og nye prosjekt, uansett sektor og fagområde, bør det vere ein refleks i oss alle som seier: ”Korleis kan me tenkje miljø inn i dette?”. No tenkjer me olje i alt, men det er lite framtidsretta. Forteljinga om oljeeventyret må bli lagt bak. Den nye fortelkinga skal handle om grøn økonomi, grøn transportsektor, grøne lokalsamfunn, grøne utdanningsinstitusjonar, grøn forsking og grøne arbeidsplassar. 

Noreg må lage eit grønt eventyr som kan engasjere og gje ungdommar ei optimistisk framtidstru. Det gjer me ikkje ved å snakke om problemet utan å nemne resultata og løysingane.

Gå til innlegget

”Now imagine she’s white”

Publisert over 5 år siden

Me må våge å setje oss sjølv i flyktningane sin situasjon. Viss ikkje blir debatten kald og kjenslelaus.

”Now imagine she’s white”. Dette er truleg ein av dei mest verknadsfulle og tankevekkjande replikkane i filmen Time to kill. Advokat Jack Tyler Brigance forsvarer Carl Lee Hailey, ein farga mann som har drepe mennene som valdtok dottera. I sluttprosedyren sin fortel Brigance det som tilsynelatande er historia om ti år gamle Tanya som, på veg heim frå matbutikken, vart valdteken, slått og urinert på. Alt tek ei anna vending når han tek ein liten pause og avsluttar med orda ovanfor: ”Now imagine that she’s white”.

 Ho er ni år og har allereie reist i ein båt over havet for å kome unna krig og konflikt. I den båten sat det åtti andre med same føremål. Broren hennar er død, og i byen ho kjem frå er det krig. Først flykta dei til eit naboland, og derfrå reiste faren vidare. No reiser ho og resten av familien etter. Det ho drøymer om er å få treffe faren igjen. Dette er historia til Amar frå Homs i Syria. Kva om personen som hadde fortalt denne hadde avslutta med: ”Sjå for deg at dette er ei norsk jente”? Kva om Amar var ei norsk jente? Slike spørsmål må me tørre å stille i asyl- og flyktningdebatten.

 Dessverre møter bruk av enkelthistorier som dette ofte motargument som: ”Asylpolitikk må byggje på realisme og ikkje kjensler”. ”Me kan ikkje redde alle uansett”. ”Å trekke fram enkelthistorier er å dekke over fakta”. Det verkar som om mange har ei oppfatning av at det er umogleg å trekke fram enkelthistoriene og samstundes vere oppteken av realitetane.

Asyl- og flyktningdebatten er i stor grad prega av eit fokus på kostnadar og statistikk. Kor mykje kostar ein flyktning oss? Kor mange kom over grensa i veke tre? Kva vil det koste velferdssamfunnet å ta i mot fleire tusen over fleire år? Eg seier ikkje at det er noko gale ved å diskutere det. Me treng tala, og me må vite kor mykje det kostar å ta i mot flyktningar for å kunne lage forsvarlege budsjett som står i forhold til situasjonen. Men me kan ikkje la debatten vere prega av dette aleine. Då vil den bli kald og kjenslelaus.

 Av og til må me difor ta eit steg tilbake og setje oss inn i enkelthistoriene der ute. Me må våge å spørre: ”Kva om det var oss? Kva om Amar var ei norsk jente på ni år?” Det er ubehageleg å tenkje på, og svaret på spørsmålet gir oss eit ansvar for å vere med å skape moglegheiter for andre enn berre norske barn. ”Now imagine she’s white”

(Historia om Amar: http://flyktninghjelpen.no/?did=9212544#.VsWaA-lZ0bM)

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere