Mai Lene Fløysvik Hæåk

Alder: 25
  RSS

Om Mai Lene

Kommentator i Vårt Land

Følgere

Marknad for populisme

Publisert rundt 3 år siden

Viktigare enn å plassere og avgrense populismen, er det å forstå han – og skuvet bak.

K orleis kan me kjenne att eit populistisk parti­ eller ein populistisk politikar? Korleis skal me skilje mellom populistar og ikkje-populistar? Slik vert gjerne problemet formulert.

Feil ende. Kan hende byrjar vi i feil ende. For viktigare enn å plassere og avgrense populismen, er det å forstå han – og skuvet bak. Kva er det som ligg bak suksessen til dei populistiske partia?

Politikk kan forklarast som ein marknad. Politikarar kan tilby så gode løysingar dei måtte ynskje, men det hjelper ikkje så lenge ingen­ etterspør politikken. Andre gonger er det nok å trykke på de rette knappane – fordi etterspurnaden allereie er der.

I dokumentaren Right America: Feeling Wronged frå 2009 blir nokre få av dei 58 millio- nane som stemte for John McCain i 2008 intervjua. Dei teiknar eit skarpt skilje mellom «ekte amerikanarar med gode, kristne verdiar» og «eliten i Washington». Skepsisen til media er stor, men ikkje større enn avskyen mot Obama.

Ikkje i eit vakuum. Dokumentaren viser tydeleg at det USA me ser under Trump ikkje starta­ med hans kandidatur. Tvert i mot trykka han på dei riktige knappane og mobiliserte dei som alle- reie hadde noko uteståande – vere seg med «kyst-eliten», «utviklinga­» eller «gudløysa».

Populismen oppstår ikkje i eit vakuum. Grunnen til at så mange populistar lykkast, er fordi dei har fingeren på pulsen og tilbyr det mange allereie vil ha. Det handlar ikkje nødvendigvis om konkret politikk, men om at nokon­ kjem og tar eit oppgjer med «etablerte sanningar» og det «politisk korrekte».

Teoriar om tilbod og etterspurnad i den politiske marknaden er skildra av den nederlandske statsvitaren Cas Mudde i boka Populism: A Very Short Introduction . Boka fortel om eit slags naturgjeve og populistisk reservoar som berre ligg og venter. I alle samfunn vil det alltid vere nokre som ikkje kjenner seg høyrt, og som vil at nokon skal tale deira sak.

Så kvifor ser me med uro på at populistiske parti veks seg større? Viss dei vinn fram i ein konkurranse om stemmer, og gir oss det me etterspør, kva er problemet? Bli med vidare.

Ulik problembeskriving. I statsvitskapen blir nokre problem omtalt som «wicked problems». Dette er problem kor ikkje berre løysinga på problemet er uklar, men òg problemforståinga.

Det kan vere usemje om kva som eigentleg er problemet på grunnlag av skilnadar i verdiar mellom dei som skal ta ei avgjersle­. Er problemet i innvandringspolitikken at for mange kjem eller at me tar imot for få? Er problemet i integreringspolitikken manglande vilje frå flyktningane si side eller manglande vilje frå staten og kommunane si side? Eller ligg det ein anna plass?

Når ein til og med må spørje om kva som eigentleg er problemet, er løysinga endå lengre borte enn til vanleg. Difor er det urovekkjande at populistar ofte kjem med enkle svar – både på kva som er problemet og korleis det same problemet kan løysast.

I innvandringspolitikken er problemet at det kjem for mange. Løysinga er å stenge grensene. I integreringspolitikken er problemet at dei ikkje er som oss. Løysinga er å gjere dei meir like oss, til dømes gjennom forbod mot religiøse hovudplagg. I klima- politikken er problemet at det blir brukt pengar på klimatiltak. Løysinga er å ignorere klimaendringar.

På vegne av folket. Slik kan ein halde fram med døme på korleis slagordet til populistane er at det enkle nesten alltid er det beste. Det gir kanskje gjenklang hos dei som har venta på nokon som kan røske opp i politikken. Men i eit moderne, demo- kratisk system kan ein ikkje berre­ tenke på kva som er enklast­. Også andre­ faktorar speler inn når problem skal defi- nerast og løysast.

Og difor er veksten til parti som hevdar at dei berre snakkar på vegne av folket så urovekkande. Ikkje berre fordi dei lanserer forslag som er urealistiske og enkle, men òg fordi dei pressar andre politikarar til å bli like lettvinne.

Kan hende er det noko i løftet om at det enklaste ofte er det beste. Men det er i kvardagslivet. Politikken har ei anna logikk.

 

Vart publisert i Vårt Land 3. oktober 2018.

Gå til innlegget

Leiting etter fellesskap

Publisert rundt 3 år siden

Kristne forsamlingar har ei viktig oppgåve i å møte nye studentar og forhindre einsemd.

For tre år sidan flytta eg til Oslo, klar for å vere student i hovudstaden, klar for å studere jus, klar vor å vere politisk aktiv, og ikkje minst klar for å finne eit kristent miljø kor eg kunne høyre heime.

Gode føresetnadar. Eg var optimist. Trass i alt hadde eg vore både leirleiar og frivillig i fleire ulike organisasjonar. Heile oppveksten hadde eg gått i den norske kyrkja, og dei siste seks åra hadde eg gått på ein kristen friskule. Eg hadde alle føresetnadar for å kjenne meg heime ein plass.

Uforstyrra. Første plassen eg gjekk fekk eg vere uforstyrra den timen møtet varte. Ingen sa hei. Ingen sa velkommen. Ingen reagerte på at ein ny person kom inn døra og sette seg aleine på den eine stolrada. Riktignok var mange av forsamlingane framleis i sommarmodus. Det var først eit par veker seinare nye studentar skulle bli ønska velkommen.

Neste plass eg gjekk var ganske likt, endå litt større, men òg endå meir ugjennomtrengjeleg. Ein sånn plass alle med riktig etternamn kjenner kvarandre og kjem til og går frå lokalet i gjengar. Eg fekk ei kjensle av at dette er ein plass kor ein eigentleg ikkje skal kome aleine inn døra og at alle andre klarte å følge denne uskrivne regelen.

Vanskeleg. Kort oppsumert: Det var vanskeleg å finne ein stad. Det var ikkje talane det var noko feil med. Eg hadde ingen problem med lovsongen, møtevertane eller for den saks skuld folka. Det var berre det at stolen eg sette meg ned på alltid var reservert til nokon andre, nokon som trengte både min stol og den tomme stolen på sida av for å få plass til kameraten eller venninna.

Ettersom tida gjekk fann eg etterkvart ein stad å gå meir fast, ei lita studentforsamling kor eg følte meg velkommen frå første gong eg gjekk inn døra. I ettertid har eg reflektert over kvifor eg brukte så lang tid. Eg har spurt meg sjølv kva eg kunne ha gjort på ein annan måte, men òg korleis kristne forsamlingar kan bli betre til å ta i mot nye og dei som kjem aleine, ikkje berre i starten av året, men kvar einaste veke.

Einsemd. Då resultata av studentundersøkinga til Folkehelseinstituttet vart offentleggjort 16. august, kom det fram at ein av tre studentar er einsame. I denne gruppa er det mest sannsynlegvis ein god del som leitar etter nokre å dele tru og tvil med, nokre som leiter etter ei forsamling kor dei kan kjenne seg heime langt borte frå heimstaden sin.

Det som kanskje er mest sårt for mange som treng eit kristent miljø er at kristne forsamlingar ikkje nødvendigvis minsker einsemda, men tvert i mot forsterkar henne. Mange forsamlingar er bygge opp rundt ein tanke om å vere ein del av ein fellesskap. Ein slik fellesskap fordrar at ein blir inkludert i det sosiale og sjølv føler seg inkludert. Om det går for lang tid før ein får kjenne seg meir innanfor enn utanfor ein slik fellesskap kan kjensla av å vere aleine bli enno meir påtrengande.

Å nå ut til studentane som har det slik er vanskeleg. Men eg trur det noko som spesielt viktig her, og det er at jobben for å nå ut til dei som er einsame ikkje sluttar, men startar etter den første veka. Det er då mange sit der og opplever at etter eit hektisk sosialt program har dei framleis ikkje nokon dei kjenner. Det er ingen å invitere ut på kaffi, ingen å studere saman med og ingen å spørre om å bli med på møte til helga.

Dugnad. Kva er så løysinga på problemet? Kva kan dei kristne forsamlingane gjere? Det er vanskeleg, for korleis kan ein nå ut til dei som ikkje møter opp igjen eller isolerer seg? I tillegg stiller ikkje arbeidet berre krav til kristne forsamlingar i seg sjølv, men òg til dei som går der. Det hjelper lite med strategiar for å nå einsame studentar viss dei som går i forsamlinga framleis heng med dei same dei alltid har heng med. Å møte nye studentar er ein dugnad kor ein er avhengige av at alle tar del i arbeidet.

Noko anna som kanskje er like viktig er å snakke om det. Det er ein klisjé, men ofte sant likevel. Me treng å bli minna på at det er studentar som har få eller ingen på studiestaden og i forsamlinga. Men kanskje viktigast: Dei som kjenner seg einsame får beskjed om at dei ikkje er aleine om å kjenne seg aleine. Det finst ein fellesskap òg i einsemda.

 

Dette innlegget vart publisert i Vårt Land 23. august 2018. 

Gå til innlegget

Innpakka antisemittisme

Publisert rundt 3 år siden

Labour-partiet i Storbritannia har gjort det mogleg å pakke innantisemittisme i sterk Israel-kritikk.

«Eg gjorde rett i å konfrontere Jeremy Corbyn med antisemittismen i Labour», skreiv Labour-representant i det britiske parlamentet, Margaret Hodge, i The Guardian 18. juli. Bakgrunnen for kronikken var at Hodge skal ha sagt til Corbyn at han var ein antisemitt og dermed òg rasist. Konfrontasjonen enda opp med at partiet oppretta disiplinærsak mot Hodge på grunn av skuldingane hennar.

Ironisk vil nok mange seie, ettersom det tok kortare tid å oppretta disiplinærsak mot Margaret Hodge enn motKenLivingstonedåhanfortoårsidanstartadetsomerbakgrunnenforantisemittisme-kritikken mot Labour. Den tidlegare ordføraren forsvarte i eit intervju med BBC Radio London eit parlamentsmedlem, Naz Shah, som hadde samanlikna Israel med nazistar. Han sa at han hadde aldri høyrt nokon i Labour vere antisemittiske, men enda sjølv opp med å antyde at Hitler var sionist. «Han støtta sionisme før han vart gal og enda opp med å drepe seks millionar jødar.»

Enkeltpersonar. I starten svarte Corbyn og støttespelarane hans at dette berre var enkeltpersonar. Det var ikkje snakk om nokon institusjonell antisemittisme eller rasisme i partiet. Likevel kom det meldingar om antisemittisme i Oxford University Labour Club kor det hadde blitt snakka om at jødar rigga det britiske valet. «Åtferd og språk som tidlegare hadde blitt sett på som intolerant er no tolerert», sa Janet Royall, som såg nærmare på skuldingane om antisemittisme i klubben. Enkeltsakene har etterkvart blitt mange nok til å danne eit mønster.

Endra definisjon. Det som har sett sinna i kok no, er ikkje antisemittismen i seg sjølv, men handteringa av antisemittiske ytringar. I eit forsøk på å vere handlekraftige bestemte leiinga i partiet seg for å vedta International Holocaust Remembrance Alliance sin definisjon av antisemittisme. Men ikkje utan endringar.

Ein definisjon som er god nok for EU-parlamentet, medlemslanda i EU og systerpartia til Labour har blitt utvatna av partiet. Til dømes reknar ikkje Labour det som antisemittisk å seie at jødar er meir lojale til staten Israel, eller til påståtte internasjonal jødiske interesser, enn til nasjonen. Heller ikkje å samanlikne Israel med Nazi-Tyskland er antisemittisk så lenge det ikkje har ein intensjon om å vere det.

Innpakka.Med dette som bakteppe er det vanskeleg å tru på Corbyn når han seier at antisemittismen ikkje er institusjonell. Endringa av antisemittismedefinisjonen tar atterhald som opnar for at antisemittisme kan bli unnskyldt om den er pakka inn i sterk kritikk av Israel. Det er dette Hodge og fleire av partifellene hennar no reagerer på. Ho skriv i kronikken sin at under leiarskapen til Corbyn har Israel/Palestina-konflikten fått lov til å infisere tilnærminga partiet har til antisemittisme.

Haldninga til antisemittisme er ein del av ein større endringsprosess om har føregått dei to siste åra. Under leiinga til Corbyn har Labour blitt meir radikalt og meir raudt. Ikkje berre kjempar Corbyn og tilhengarane mot det konservative partiet, men mot tiår med innstramingar og budsjettkutt som har ramma dei som hadde minst frå før. Det er ein kamp mot partiet Tony Blair skapte gjennom ti år som statsminister, partiet som førte Storbritannia inn i Irak-krigen, innførte skulepengar for studentar og starta med å definere «anti-sosial» åtferd. Tida for moderat, sosialdemokratisk politikk er forbi i Labour. No er det radikalisme og det politisk ukorrekte som gjeld.

Mistillit. Det står strid om Corbyns leiarskap i partiet. I parlamentsgruppa til Labour har støtta til han vore på eit minimum i lang tid, og striden om antisemittisme endrar derfor ikkje på noko der. Allereie i 2016 vart det retta mistillitsforslag mot partileiaren. Sjølv har Corbyn lagt opp til større grad av medlemsdemokrati og redusert prosentdelen leiarnominasjonar som må kome frå representantar i paramentet. Dette favoriserer han sjølv sidan den delen av medlemsmassen som har blitt mobilisert av den nye retninga dei ti siste åra neppe ser på antisemittisme som eit stort problem.

Likevel kjem dette på eit dårleg tidspunkt. I ei tid kor det er viktig for Labour å framstå som eit samla alternativ til Theresa May og splittinga i partiet hennar gjer skuldingane om antisemittisme dette vanskeleg. Dermed kan det verta vanskelegare for Corbyn og Co å vinne regjeringsmakt og gjennomføre dei endringane dei snakkar om.

 

Denne kommentaren vart publisert i Vårt Lands papiravis fredag 26. juli.

Foto: Kirsty Wigglesworth/NTB Scanpix

Gå til innlegget

Nynazisme og demokrati

Publisert over 3 år siden

Om ingenting blir gjort kan nynazistisk deltaking på politiske arrangement truge delar av demokratiet.

Den nordiske motstandsrørsla (NMR), organisasjonen som er kjent for å rope «knus homolobbyen», fekk lov av politiet til å demonstrere utanfor lokala til Riksförbundets homosexuellas, bisexuellas, transpersoners och queeras rättigheter (RFSL) i Visby på Gotland. RFSL klaga på vedtaket, men fekk ikkje medhald og enda opp med å ikkje delta under den svenske versjonen av Arendalsveka, Almedalsveckan, i år.

Øydelegg idyllen. Dei som har vore i Visby veit at det er ein idyll, ein idyll som kvart år ramar inn den største politiske hendinga i Sverige. Nynazistane i NMR derimot kasta ein skugge over det heile ved å avbryte dei som talte på ulike arrangement, ta bilete av personar dei meiner er landsforrædarar og gå til åtak på meiningsmotstandarar.

Dei grøne flaga til nynazistane og kaoset dei laga i løpet av veka sette preg på Visby-landskapet, men i eit lengre perspektiv er det det politiske landskapet og demokratiet som tapar på at ekstreme rørsler får delta og skape uro på arrangement som Almedalsveckan.  

Under talen til den svenske statsministeren, Stefan Löfven, veia nynazistiske flag, og då leiaren av Centerpartiet, Annie Lööf tala, vart ho raskt avbroten av buing frå nynazistar som hadde møtt fram. Begge politikarane svara med å adressere hatet som blir spreidd av NMR og ta eit oppgjer med nazisme og rasisme. Å ignorere dei var ikkje noko alternativ, for ingen vil akseptere ein ny normaltilstand kor nynazistar får stå uimotsagt og bli ein sjølvsagt del av politiske arrangement.

Ytringsfridom. Høgreekstremisme er av natur udemokratisk. Då nynazistar frå NMR fekk marsjere gjennom Markens gata i Kristiansand i fjor sommar var grunngjevinga til politiet at gruppa hadde ytringsfridom og at ein òg må sleppe til ytringar ein ikkje liker. Det vakta med rette sterke reaksjonar, for skal organisasjonar med medlemmar dømt for valdsutøving og som fornektar Holocaust få fritt leide?

NMR skil seg frå høgrepopulistar fordi dei er villige til å bruke vald og udemokratiske middel for å oppnå måla sine. Medan høgrepopulistar kjempar for å endre det demokratiske systemet og snakkar på vegne av det dei ser på som ein taus og urepresentert majoritet, er høgreekstremistar totalitære og vil forkaste tanken om demokrati, Det er difor Jimmy Åksesson stod på scenen under Almedalsveckan og Den nordiske mostandsrørsla stod utanfor scenen.

Sjølv om det finst høgreekstreme parti som stiller til val, som til dømes Jobbik i Ungarn og Gyllent Daggry i Hellas, går det likevel ei hårfin grense mellom det populistiske og det ekstreme. Det eine kan vekke sinne, det andre vekker redsle. Det eine kan me diskutere og utfordre. Det andre må me bekjempe.

Den udemokratiske sida av høgreekstremismen er nettopp det som gjer at me sperrar opp auga når dei får lov til å delta på Almedalsveckan eller marsjere i gatene våre, fordi ein organisasjon som utøvar vald mot meiningsmotstandarar og så tydeleg proklamerer hat mot enkeltgrupper i samfunnet er meir ein trugsel mot ytringsfridomen enn ein forkjempar for han. 

At RFSL, organisasjonen som jobbar for LHBT-rettar i Sverige er så redde for eigen tryggleik at dei ikkje kan delta på den største politiske verkstaden i landet er eit tydeleg døme på korleis nynazistar kneblar delar av befolkninga. Det er ikkje lenge sidan nordmenn veiva med regnbogeflag i både Volda, Bergen og Oslo og brukte ytringsfridomen sin til å feire kjærleik og mangfald. Berre litt over ei veke seinare måtte den svenske systerorganisasjonen til FRI melde pass. 

Forbod. I Norge har Den nordiske motstandsrørsla fått avslag på søknaden om å vere tilstades under Arendalsveka. Likevel lovar dei å møte opp, godkjenning eller ikkje. Spørsmålet er kor lenge Norge og Sverige kan halde fram med å føre ein halvhjarta kamp mot nynazistane og indirekte godkjenne nærvær på politiske arrangement. I Finland er NMR ikkje lengre ein lovleg organisasjon etter at eit medlem drap ein 28 år gammal mann i Helsingfors i 2016.

Eit liknande forbod i Norge og Sverige vil i praksis vere ei kraftig innstraming av ytringsfridomen til ei udemokratisk og ekstrem gruppe menneske, men det vil vere ein siger for demokratiske organisasjonar som no blir knebla av redsla for nynazistane.

 

Denne kommentaren vart publisert i Vårt Lands papiravis tysdag 17. juli

Foto: Aftonbladet/IBL Bildbyrå

Gå til innlegget

Urettferd erstattar urettferd

Publisert over 3 år siden

Innreiseforbodet i USA er eit døme på at i staden for å lære av historia, gjentar me dei same feila

26. juni vart det klart at fem av ni dommarar i amerikansk høgsterett har avgjort at presidenten har fullmakter til å ta avgjersler om nasjonal tryggleik, blant anna ved å regulere kven som kan kome inn i landet eller ikkje. Det berømte innreiseforbodet har dermed fått juridisk godkjenning.

Ein glad president. Muslimar er fienden, i følge Trump. Eit av løfta i valkampen var å nekte muslimar innreise til USA «until we know what’s going on». Etter at innreiseforbodet, som hindrar innreise frå fleire land kor muslimar er ein majoritet, har blitt blokkert i fleire rundar i føderale domstolar var det tydelegvis jubel og glede i Trump-administrasjonen då dommen vart offentleggjort. Presidenten sjølv twitra: «HØGSTERETT OPPRETTHELD TRUMP TRAVEL BAN. Wow!»

Trass i at den viktigaste rettsinnstansen i USA no har sagt at presidenten kan forby personar av bestemte nasjonalitetar å reise inn i landet, er det likevel ei anna side ved dommen som får vel så mykje fokus i pressa: Etter 74 år har høgsteretten endeleg gitt uttrykk for at dommen i Korematsu v. United States-saka ikkje var riktig. Så kva har ei sak frå 1944 å gjere med eit innreiseforbod vedteke i 2017?

Under andre verdskrig vart nesten 120.000 av japansk opphav, 40.000 av dei med amerikansk statsborgarskap, flytta frå heimane sine og plassert i interneringsleirar. Politikken vart forsvart ved å seie at det var eit tryggingstiltak. Kven kunne vel vite kor lojaliteten til japanarane i USA låg?

Kampen for å bli. Ein av dei som vart råka var Fred Korematsu. Han vart født i Oakland i California i 1919. Foreldra var japanarar som kom til USA i 1905. Då vedtaket om interneringsleiarar vart fatta, bestemte resten av Korematsu-familien seg for å melde seg til myndigheitene slik dei vart fortalt. Fred Korematsu sjølv hadde ein italiensk kjærast, Ida Boitano, han ikkje ville reise i frå og bestemte seg derfor for å bli. For å unngå å bli oppdaga betalte han for plastisk kirurgi som skulle fikse augelokka og fjerne japanske trekk ved utsjånaden.

 I følge dottera hans, Karen Korematsu, var det i utgangspunktet ikkje ein protest mot politikken som fekk han til å bli, men etter han vart arrestert og saka kom opp for retten vart avgjersla om å ikkje melde seg til noko langt større enn eit ønske om å tilbringe tid med Boitano. Fire år før FN vedtok Menneskerettserklæringa, og 15 år før Konvensjonen om eliminering av alle former for rasediskriminering trådde i kraft, saksøkte Korematsu interneringspolitikken som vart ført av den amerikanske regjeringa. Det skulle ikkje vere slik at regjeringa kunne internere ei heil gruppe av menneske berre fordi dei høyrte til ein bestemt minoritet i USA.

Seks av ni dommarar var usamde med Korematsu. Staten hadde i følge høgsterett moglegheita til å internere japanarar i USA i ein situasjon kor nasjonal tryggleik var førsteprioritet. Dei som vart plassert i interneringsleirar måtte etter krigen flytte austover sidan dei ikkje hadde lov å flytte tilbake til vestkysten kor dei budde før krigen.  

Verda går ikkje framover. I 2018 kan det verke utruleg at seks av ni dommarar meiner at interneringsleirar for ein etnisk minoritet ikkje er grunnlovsstridig. Likevel viser den nylege dommen i Trump v. Hawaii, innreiseforbodsaka, at verda ikkje har gått så mykje framover som me skulle tru. Mindretalet av dommarane og saksøkarane påpeikte at innreiseforbodet har mange av dei same kjenneteikna som interneringsleirane under krigen: Menneske som tilhøyrar bestemte nasjonalitetar er offera, det føregår i stor skala og det blir grunngjeve med nasjonal tryggleik. 

Fleirtalet på den andre sida hevda at innreiseforbodet ikkje har noko med Fred Korematsu og internering av japanarar under den andre verdskrigen å gjere. Likevel la dei inn ei setning om at avgjersla i Korematsu saka var alvorleg feil og grunnlovsstridig.

Då dommen vart kjent skreiv Karen Korematsu i The New York Times at ei urettferdig avgjersle har blitt erstatta med ei anna. For sjølv om det er store likskapar mellom Korematsu-saka og innreiseforbodsaka når ein samanliknar nedslagsfelt og grunngjeving, er det likevel dei prinsipielle og overordna spørsmåla som er viktigast å stille.

Om ein ikkje kan få rettferd i den høgaste rettsinnstansen i USA, kor kan ein få rettferd då? Kor går ein om det som skal vere vaktbikkja i eit demokratisk samfunn gir presidenten blankofullmakt så lenge grunngjevinga er nasjonal tryggleik? Og ikkje minst: Kvifor gjer me andre sine feil om igjen i staden for å lære av dei?

 

Denne kommentaren vart publisert i Vårt Lands papiravis onsdag 11. juli

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere