Mai Lene Fløysvik Hæåk

Alder: 25
  RSS

Om Mai Lene

Kommentator i Vårt Land

Følgere

Jesus og julenissen

Publisert nesten 3 år siden

Det kan vere freistande å teste om Gud eksisterer, men er det eigentleg så lurt?

Då eg var åtte, kanskje ni år, fann eg ut at det var på tide å gjere ein test på om julenissen eksisterte eller ikkje. Eg hadde etterkvart byrja å innsjå at julenissen ikkje finst. «Æg trur ikkje på julenissen lengre». Men foreldra mine likte å utnytte den vesle usikkerheita eg kjente på då eg sa dette. For det kunne jo vere. Kanskje. 

Brevtest. For å vere heilt sikker på at eg hadde rett laga eg det som i auga mine var ein hundre prosent sikker test. Eg avtalte med pappa at eg skulle skrive eit brev med namnet hans på, og han lova at om det var han som kom opp med sjokolade natt til første juledag, skulle han ta med seg brevet. Teorien var at om brevet framleis låg der neste dag var det eit teikn på at julenissen fanst. 

Eg trur menneske har ei trong til å teste, ei trong til å finne ut korleis noko heng saman eller fungerer. Me vil så gjerne vite. Nesten all vitskapeleg forsking er bygd på at me er nyfikne, stillar spørsmål og prøver å svare på dei. Av og til er kanskje ikkje forsøket ein gong til for det vitskaplege, men berre til for å sjå kva som faktisk skjer. 

Teste Gud. Som kristne kan det av og til freiste å teste Gud. Teste om han er der, om han svarer. Av og til skulle eg ønske at eg kunne lagt igjen eit brev, slik eg gjorde for å teste om julenissen eksisterte, og bedt han om å ta det med. Berre for å vere heilt hundre prosent sikker. 

«Heldige dei som berre veit», tenkjer eg. Dei som aldri opplever at det er vindstille, men at setninga: «Gud er som vinden: Du kan ikkje sjå han, men du kan føle han» alltid gir meining. Eller som Olaug Vervik Bollestad sa i Min Tro-intervjuet med Vårt Land i november: «Troen har bare vært der. Kanskje jeg er litt enkel­ sånn, men jeg har aldri vært inne på tanken at jeg ikke skulle tro på Jesus». 

 

Ein kan lure på om dei som tenkjer slik har sett noko me andre ikkje ser. Og mest sannsynleg har dei det òg. Ikkje skrift på veggen eller store mirakel, men at dei ser Gud i kvardagen når noko skjer. Dei ser han ikkje fordi dei testar om han er der, men fordi dei kvilar i at han er der. 

I tillegg kan ein jo spørje seg kva som hadde skjedd om ein hadde testa og fått eit positivt svar. Kva om eg hadde opplevd skrift på veggen, englebesøk eller brevsvar? Hadde eg klart å slå meg til ro med det? 

Gullkalven. Alle som har lese historia om israelittane i ørkenen veit at ti landeplager, fridom, deling av Raudehavet og manna frå himmelen ikkje var nok til å unngå at israelittane laga ein gullkalv. Få i Bibelen fekk så mange teikn på at Gud eksisterer, og likevel vendte dei seg bort så snart det vart vanskeleg. 

Dei siste åra har eg fått eit sterkt forhold til å gå til nattverd. Nettopp fordi det handlar meir om å kvile i at Gud eksisterer og ta i mot som ei stadfesting på nettopp dette, heller enn å teste og seie: «Viss du verkeleg er der så vis det». Eg trur kristenlivet blir så mykje enklare av å senke skuldra, finne fram den delen i seg sjølv som over fleire år klarte å overtyde ein om at julenissen var ekte. For ein stad inni oss trur eg me har evna til å kunne tru utan å ville teste.  

Stille spørsmål. Likevel kan eg ikkje legge vekk den nyfikna som får meg til å ville teste. Eg må stille spørsmål, utvikle og utforske trua, utfordre meg sjølv på å leve det eg lærer. Særleg trur eg ei opning for å stille dei store spørsmåla har gjort det lettare for ein del å tru. I haust starta podcasten Reisenopp, ein podcast om tru og tvil og alt det utanfor og i mellom. På Facebook-gruppa til podcasten kan ein sjå at fleire set pris på at det blir snakka ope om det som elles ikkje blir snakka om. 

Eit slikt forum og det at nokon snakkar høgt om både positive og negative sider ved å tru kan bli ei hjelp til å kvile framfor å teste. I staden for å stresse med at ein ikkje trur nok eller ikkje føler nok, opplever ein at andre tenkjer dei same tankane. At andre set ord på det ein sjølv føler. Særleg i kristen samanheng trur eg det er sterkt undervurdert. For kristenlivet kan bli så glamorøst, perfekt og flott at det blir lite rom for dei tankane fleire av oss strever med. 

Sjølv om behovet for å teste framleis er der, trur eg det er meir sunt å kvile i lengda. Og til og med testar kan ha store feil med seg som gjer at ein får feil svar. Julenissetesten min vart positiv, for korleis kunne ni år gamle Mai Lene kome på at andre i familien enn pappa kunne vere julenissen? 


Denne kommtaren vart  publisert i Vårt Lands papiravis 20. desember 2018

Gå til innlegget

Ikkje eit fruktbart skilje

Publisert nesten 3 år siden

Det er på tide å slutte å skilje mellom politisk korrekt og ukorrekt.

Haldningar og meiningar endrar seg med åra. Gjennom historia kan me sjå korleis tidlegare utgrupper, homofile, personar med funksjonsnedsetting og til dels kvinner, har fått stadig høgare status. Kva ein ser på som rett og gale er ikkje det same no som tidlegare. 

Likevel er det framleis stor skilnad i kva me tenkjer rundt ulike spørsmål, og dermed òg lett å setje ei skilje mellom dei som meiner det eine og dei som meiner det andre. 

Somewheres og anywheres. David Goodhart snakkar om skilnaden mellom «somewheres» og «anywheres» i boka The Road to Somewhere. Her teiknar han eit tydeleg skilje mellom den vesle urbane og liberale eliten som ser på seg sjølv som verdsborgarar (anywheres) og den langt større gruppa av rurale, konservative som har ei større geografisk tilknyting (somewheres). 

Goodhart meiner at årsaka til fleire av problema i Storbritannia, som til dømes Brexit, er at den meir liberale og urbane gruppa ikkje har klart å lytte til fleirtalet av befolkninga. 

Folket og eliten. Modellen til Goodhart har store likskapar med tanken om at det er ein skilnad mellom det politisk ukorrekte folket og den politiske korrekte eliten. At det finst eit verdigap som handlar meir om politiske haldningar enn om økonomi. 

Då eg planla å skrive denne teksten, tenkte eg først at det skulle vere eit forsvar for politisk korrektheit. Eit forsvar for dei av oss som har støtta Metoo-kampanjen heilhjarta, som reagerer på ordet neger og som har lite sans for sjølvhjelpsforfattarar som blir politiske guruar av å snakke om det «politisk ukorrekte» (les: Jordan Peterson). 

Kunstig skilje. Men etterkvart som eg fekk tenkt meg meir over det kom eg fram til at eigentleg er det ikkje det «politisk ukorrekte» som er problematisk her. Det som uroar meg mest er det kunstige skiljet me har klart å skape mellom politisk korrekt og ukorrekt, at me faktisk bruker desse orda i den offentlege samtalen for å stemple eigne eller andre sine meiningar. 

Å plassere seg sjølv i ei gruppe beståande av personar med politisk ukorrekte meiningar kan i seg sjølv vere eit maktmiddel. I staden for å framstille ein diskusjon som det det eigentleg er - ei reell politisk usemje - har ein moglegheita til å setje seg sjølv i ein offerposisjon. Når nokon framstiller seg sjølv som politisk ukorrekt fordi dei vil ha ein langt meir restriktiv innvandringspolitikk, kan ein òg velje å sjå på dette som ei politisk meining blant mange. 

Likevel må ein ikkje underkjenne at fleire har ei kjensle av at meiningane deira strir med kva som er «politisk korrekt». Dei kjenner på korleis det er å vere ein del av ein meiningsminoritet, kanskje gjennom til dels hetsande tilbakemeldingar eller kanskje gjennom ei form for utfrysing frå det gode selskap i offentlegheita. 

Meiningsmangfald. Løysinga på dette er heller å anerkjenne fleire meiningar som legitime - heller enn å stemple dei som politisk ukorrekte. Den politiske offentlegheita kan vere hard mot dei som meiner annleis. Slikt er med på å gi andre ei kjensle av at dei meiner noko ukorrekt, men når alt kjem til alt er det kanskje snakk om ei reell politisk usemje som ein kunne diskutert på ein langt meir fruktbar måte. 

Dei siste åra har debatten om no-platforming blitt meir og meir relevant. I kva grad skal ein la dei med mest ytterleggåande meiningar få ei plattform? Er det slik at om alle meiningar berre kjem fram i lyset og får brynt seg på andre så vil dei «beste» og mest rasjonelle meiningane vinne fram til slutt? Det kjem til eit punkt kor det ikkje nyttar å diskutere lengre fordi ein ikkje berre har ulike verdisyn, men er på to vidt forskjellige planetar. 

Oppgjer med ytterpunkta. Men i slike tilfelle kan ein ikkje snakke om å vere politisk korrekt eller ukorrekt. Fordi noko må vere meir akseptabelt å meine enn noko anna. Som til dømes at holocaust faktisk fann stad eller at dei med mørkare hudfarge har same verdi med dei som lysare hudfarge. 

Det er på tide å slutte å skilje mellom politisk ukorrekt og korrekt, somewheres og anywheres -  og heller debattere med meiningsmotstandarar og ta eit oppgjer med ytterpunkta


Denne kommentaren vart publisert i Vårt Land papiravis 5. desember 2018. 

Foto: Frank Augstein

Gå til innlegget

Kjønnsforskning som skyteskive

Publisert nesten 3 år siden

Kjønnsforskarar er ei populær skyteskive. Åtaka på dei kan svekke viktige bidrag til forskinga.

2 4. oktober i år kom nyheita om at den ungarske statsministaren, Viktor Orbán, trekte økonomisk støtte og akkreditering til kjønnsstudier ved to av universiteta i landet. Kjønnsstudia er også under press i Polen, men i motsetning til Ungarn har dei ingen senter for kjønnsforsking eller reine kjønnsstudier. Dette gjer det vanskelegare å strupe dei som forskar på det utan å råke andre program.

Ideologiske skylappar. Høgrepopulismen har styrka seg både i Ungarn og i Polen dei siste åra, dette kan sjåast som ein viktig grunn til at kjønnsforsking i dei to landa er under press. Forskarane har, i følge kritikarane, ideologiske skylappar som gjer kjønnsforsking meir til ein idéfabrikk enn til vitskap.

I ein forskingsartikkel om populisme og kjønn i 2017 skreiv Sahar Abi-Hassan blant anna om måten populistar knyt kvinner til morsrolla og framhevar kor viktig det er å få fleire barn, ikkje berre av økonomiske årsaker, men òg for å vege opp for auka innvandring. Sjølv om dei fleste populistar på både venstre- og høgresida i Europa og Latin-Amerika støttar opp om likestilling generelt, er fleire av dei meir tradisjonelle i tilnærminga til familie, arbeid og politisk deltaking.

Moralsk elite. Det kan vere mange grunnar til at kjønnsforsking er den nye skyteskiva. Talspersonen til Orbán forsvarte åtaket på kjønnsstudium med at regjeringa meiner ein er født som enten dame eller mann, og at dei ikkje ser på det som akseptabelt å sjå på kjønn som noko sosialt konstruert. Bak denne utsegna ligg det truleg òg ein tanke om at kjønnsforsking er eit talerøyr for det politisk korrekte og liberale. Feministar og kjønnsforskarar blir i auga til populistane ein del av ein slags moralsk elite som ser ned på ein tradisjonell familiekonstruksjon og avskyr dei som vel annleis.

Også i kristne samanhengar kan me ofte oppleve at feminisme, likestilling og kjønnsforsking blir sett på som i direkte strid med det som er bibelske sanningar. I innlegget «Hvorfor er jeg homofil og må jeg alltid vere det» som vart publisert på ForOss.no skriv Stein Solberg, sjelesørgar i Levende steiner, grundig om korleis trøblete familieforhold og mangel på positiv stadfesting kan vere årsaka til at nokre blir tiltrekt av same kjønn.

I avslutninga innrømmer han sjølv at det er lite vitskapleg belegg for synspunkta hans, men gir på same tid eit spark til dei som kjem fram til andre resultat enn han: «Jeg registrerer at synet på dokumentasjoner innen dette området, styres mer av ideologi, enn vilje til å vurdere objektive fakta. Slik er det nær sagt alltid når undersøkelser fra den ‘homofile verden’ legges fram».

Anti-intellektualisme. Det er ikkje rart at idear om sosialt konstruerte og flytande kjønnsidentitetar kan opplevast som ei direkte motsetning til skaparverket og trua på at «som mann og kvinne skapte han dei». Me må ta på alvor at forsking rundt kjønn, kjønnsroller og likestilling kan opplevast i direkte strid med samfunnssynet og dei religiøse standpunkta til eit stort mindretal av befolkninga. Samstundes representerer kritikken av kjønnsforsking som ideologibasert, om han kjem frå samfunnsdebattantar, religiøse eller populistar, ein form for anti-intellektualisme.

For det første handlar kjønnsforsking om akademisk fridom. I eit liberalt demokrati må dei framleis ha rett til å forske på fagfeltet sitt. Det må presiserast at det ikkje finst noko grunnlag for å seie at Stein Solberg vil legge ned kjønnsstudia og strupe kjønnsforskinga. Likevel er det interessant å merke seg at framfor å kritisere innhaldet i forskinga kritiserer han personane som står bak for å ikkje ha objektiviteten som trengs. Slikt er med på å delegitimere mykje av den viktige forskinga som føregår på feltet, og det på ei nettside som er ein viktig arena for formidling av kristen tru.

Me må kjønne. For det andre blir det ikkje berre forska på tema som er i direkte strid med moral, religion eller politiske standpunkt. Ein liten kikk innom Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO viser publikasjonar om alt frå kvinner og krig i Kurdistan, til ei avhandling om norske muslimske kvinner i medieoffentlegheita. Kjønnsforsking er heller ikkje avgrensa til eit studieprogram. Tvert i mot kan me finne innslag av det i statsvitskap, historie, internasjonale relasjonar, sosiologi og litteraturstudium.

Sagt på ein annan måte: Me må kjønne litt for å skjønne verda me lever i. Her gir kjønnsforskarar eit viktig bidrag.

Mai Lene Fløysvik Hæåk


Vart publisert i Vårt Lands papiravis 12. november 2018

Bilete: Tamas Kovacs/MTI via AP

Gå til innlegget

Lita tuve kan velte stort lass

Publisert nesten 3 år siden

Brexit vart framstilt som starten på eit globalt og framtidsretta Storbritannia. No trugar regionale konfliktar frå fortida med å velte ein EU-avtale.

Før folkeavstemninga om britisk EU-medlemskap vart økonomi og innvandring hyppig diskutert. Medan dei som ville bli verande i EU framstilte Brexit som vegen til økonomisk undergang, framstilte motstandarane eit Storbritannia etter EU som eit land med færre innvandrarar og kontroll over eigne grenser.

Utan avtale. Men ikkje alle grenser er like enkle å få kontroll over. Den einaste delen av Storbritannia med grense til EU er den britiske provinsen Nord-­Irland, og nettopp her er årsaka til at ein avtale ser ut til å vere langt unna. Dette er eit så betent tema i forhandlingane at Storbritannia kan risikere å snuble ut av EU utan å ha ein avtale i det heile tatt.

I Storbritannia blir den tretti år lange intense perioden med konflikt i Nord-Irland kalla «The Troubles». Konflikten kravde fleire tusen menneskeliv, både på grunn av terroren til The Irish Republican Army (IRA) og på grunn av det britiske militæret som fleire gonger braut inn i konflikten.

Då Langfredagsavtalen vart underteikna langfredag i 1998, var EU ein av aktørane som deltok i fredsprosessen. Sjølv om grensa mellom Irland og Nord-Irland ikkje var eit stort tema i avtalen den gongen, blir ei grense med lite kontroll og minimalt med identifikasjonskrav sett på som viktig for at den tjue år lange freden skal vare endå lengre.

Tre løysingar. Då passar det dårleg om Brexit skulle resultere i at Storbritannia går ut av toll­unionen og den frie marknaden. Eit slikt utfall vil på ein eller annan måte føre til at personar og gods som blir frakta mellom EU og Storbritannia, blir kontrollert på grensa. Slik kan Brexit bidra til at ein konflikt som framleis ulmar under overflata blussar opp igjen.

Førebels er det tre løysingar på Nord-Irland-problemet som blir nemnte for å få ein avtale i hamn. Den første kan ein kalle ei Norge pluss-løysing. Dette betyr i praksis at Storbritannia knyt seg til EØS-avtalen i tillegg til å bli verande i toll­unionen. Med ei slik løysing vil ikkje grensa mellom Nord-Irland og Irland bli eit problem etter Brexit. Likevel er det lite sannsynleg at dette blir utfallet, sidan Underhuset allereie har stemt imot å gå inn i ein EØS-avtale. I tillegg ser Brexit-tilhengarane på det som likestilt med ein EU-medlemskap og ein måte å bli verande i unionen på sjølv om Stor­britannia formelt sett ikkje er EU-medlem lengre.

Irskesjøen. Den andre løysinga blir kalla «The Irish Backstop». Ideen er at medan Skottland, England og Wales går ut av tollunionen og den frie marknaden, blir Nord-Irland verande. I praksis vil det seie at ei grense blir danna i Irskesjøen og at Nord-Irland blir skilt frå resten av Storbritannia. For unionistane, som vil ha eit tettast mogeleg samband med Storbritannia, er eit slik alternativ hardt å svelgje sidan dei ser på det som svekking av unionen.

Den tredje løysinga er den EU har markert kraftigast motstand mot; ei såkalla «hard grense». Resultatet av dette er ei tydeleg grense mellom eit Irland som er medlem av tollunionen og den frie marknaden, og eit Nord-­Irland som ikkje er medlem. Nettopp ei slik grense blir sett på som farleg med tanke på fredsprosessen.

Kompliserande faktorar. Som ikkje det umoglege valet av løysing på problemet var nok, er det òg nokre kompliserande faktorar som bidreg til at Nord-Irland er eit vanskeleg tema i forhandlingane. Det største hinderet for at grense­problemet skal bli løyst er at det konservative partiet etter 2017-valet måtte gå inn i koalisjon med Democratic Union Party (DUP) for å få fleirtal i parlamentet. DUP er eit nord-irsk unionistparti og det einaste partiet som ikkje var med på Langfredagavtalen i 1998. I tillegg er dei for Brexit. Dermed regjerer Theresa May på nåden til eit parti som er imot både å inngå ein EØS-avtale for å løyse problemet, og i mot at Nord-Irland skal ha ei eiga ordning.

Konservativ splitting. ­Heller ikkje dei konservative er samde med seg sjølv. Det kan ein sjå på mannefallet i regjeringa det siste året. Både David Davis og Boris Johnson gjekk ut av regjeringa etter at Theresa May nærmast tvang fram ei semje om vegen vidare i Brexit-forhandlingane. Situasjonen no er at storparten er imot løysingane som allereie ligg på bordet, men ingen har noko aning om kva dei kan gjere for å få eit tilfredsstillande resultat.

Då britane stemte over å gå ut av EU i juni 2016, var det få som kunne sjå føre seg at Nord-­Irland ville bli eit stort problem, men til slutt kan det bli grensa mellom Nord-Irland og Irland som veltar ein avtale mellom EU og Storbritannia.


Denne kommentaren vart publisert i Vårt Lands papiravis onsdag 31. oktober 2018

Bilete: Yui Mok/AP/NTB Scanpix

Gå til innlegget

Kva effekt hadde metoo?

Publisert nesten 3 år siden

Brett Kavanaugh vart nett valt til ­høgsterettsdommar i USA, trass skuldingar om seksuelle overgrep. Kva har eigentleg metoo-kampanjen ført til?

For nøyaktig eitt år sidan la Alyssa Milano ut tweeten som skulle bli startskotet for ei verdsvid rørsle: Kvinner som hadde opplevd seksuell trakassering eller overgrep vart bedne om å skrive metoo som status.

Alt starta etter at filmprodusent Harvey Weinstein vart skulda­ for overgrep mot fleire kvinnelege skodespelarar. Metoo-hashtagen vart ikkje berre forstørringsglaset som zooma inn på problemet, men òg det som fekk saka til å handle om langt meir enn ein klåfingra, amerikansk produsent.

Eitt år etter. Kva har så eigentleg kampanjen ført til? Kavanaugh vart nettopp valt til høgsterettsdommar i USA trass i skuldingar om seksuelle overgrep. Kvinner som har varsla har blitt skvist ut av posisjonar. Og i USA sit ein president som har prøvd å truge ein pornoskodespelar til tagnad og som har gitt oppmodingar om å ta kvinner i skrittet.

Det er lett å få inntrykk av at resultatet er «all talk and no action». Heldigvis viser tala Respons Analyse har samla inn på vegne av Aftenposten at det ikkje har vore fåfengd. Metoo har stor støtte i Norge jamnt over uavhengig av utdanningsnivå, kjønn, bustad, alder og lønnsnivå. 80 prosent av mennene og 84 prosent av kvinnene som vart spurde opplevde at metoo-kampanjen kasta lys over eit reelt problem i samfunnet. 60 prosent av begge kjønn meinte at kampanjen hadde ført til mindre seksuell trakassering.

Overordna bilete. Slike tal er oppløftande. Sjølv om langt frå alle avsløringar fører til hovudrulling, har kampanjen truleg ført til haldningsendringar og gitt merksemd til noko store delar av befolkninga opplever som eit reelt problem. Men òg om me løfter blikket frå statistikken og ser på det overordna biletet, meiner eg me kan sjå fleire positive følger av metoo-kampanjen.

Maktrelasjonar. For det første har me kome nærare inn på kjerna av problemet. Metoo har vist oss at seksuell trakassering og overgrep ikkje berre handlar om kven som gjorde kva og når. Det handlar vel så mykje om maktrelasjonar og korleis samfunnstoppar bruker posisjonen sin til å kunne utøve seksuelt krenkande åtferd.

At kameraten din utan lov legg handa si på låret ditt kan vere ubehageleg, men endå verre kan det opplevast om handa tilhøyrer sjefen din, ministaren eller organisasjonsleiaren. I retrospekt ser me òg at sjølv om Clinton-Lewinsky-forholdet ikkje var direkte ulovleg, var det ikkje innafor av verdas mektigaste mann på 49 år å innleie eit forhold til ein 22 år gammal trainee. Metoo-kampanjen har ikkje berre sett søkelys på det ein kan bli dømt for i retten, men òg det som er kritikkverdig eller i gråsona mellom rett og galt.

Skala. Metoo har for det andre vist oss at seksuell trakassering eller overgrep ikkje nødvendigvis er ein dikotomi, kor ein kan dele alt opp i kategoriane «rett» og «gale» eller «lovleg» og «ulovleg». Seksuell trakassering og overgrep kan tvert om plasserast på ein skala kor alt frå ein altfor lang klem, til dei mest bestialske og grusame overgrepa, kan plasserast.

Her vil nok mange protestere. Eg vil likevel hevde at det handlar om det same: Nokre meiner dei har lov til å tråkke over grensene andre, enten personen sjølv eller staten, har sett, berre fordi dei har makt, høve og lyst. Til sjuande og sist handlar det om menneskesyn, og korleis ein handsamar personen som er fysisk eller psykisk underlegen.

Håp. Det tredje og siste eg vil trekke fram er at metoo har skapt håp. I ei verd kor sterke krefter kjemper mot globalisme, internasjonalt samarbeid og løysingar på tvers av landegrenser, er det noko menneske frå nesten alle land, politiske ståstader og samfunnslag kan stå saman om: Kampen mot seksuell trakassering og overgrep. Det vert ofte sagt om sosiale rørsler at krafta i rørsla kjem nedanfrå og opp. Sjølv om presidenten i USA kjemper mot, er det mogleg å få utretta noko saman på tvers av nasjonalitet, etnisitet, kjønn, legning og sosial status.

Metoo har vore ein vind som til tider har vore så sterk at den har rive personar og makttoppar ned frå posisjonane sine. Nokre seier at det er eit før og eit etter Metoo, men eigentleg finst det berre eit før. Vinden har framleis ikkje løya, og det skal me vere glade for. Den ber med seg eit håp om at det er delar av samfunnet som går i riktig retning.


Først publisert i Vårt Land 15. oktober 2018. 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere