Mai Lene Fløysvik Hæåk

Alder: 25
  RSS

Om Mai Lene

Kommentator i Vårt Land

Følgere

Inga brunbeising

Publisert nesten 3 år siden
Øyvind Hasting – gå til den siterte teksten.
Det må presiserast at det ikkje finst noko grunnlag for å seie at Stein Solberg vil legge ned kjønnsstudia og strupe kjønnsforskinga

Eg skreiv i kommentaren min: "Det må presiserast at det ikkje finst noko grunnlag for å seie at Stein Solberg vil legge ned kjønnsstudia og strupe kjønnsforskinga" nettopp for å unngå å samanlikne Solberg med Orbán. Det ikkje på ingen måte eit forsøk på å brunbeise Solberg. Det er derimot måten han omtaler forsking på som eg kritiserer. 

Gå til kommentaren

Det er gjort research

Publisert nesten 3 år siden

Eg kan forsikre Anfindsen om at research er gjort før kommentaren vart skriven. 

Poenget mitt med kommetaren var likevel å påpeike at skuldingane mot kjønnsforskarar er med på å deligitimere viktig forsking dei har kome med. Her nemnte eg fleire andre fagfelt kor det er dratt inn eit kjønnsperspektiv ("Bananas, Beaches and Bases" om kvinner i internasjonal politikk til dømes eller forsking i komparativ politikk på kvinner i parlamentet).

Men å stadig skulde denne gruppa forskarar for å vere meir basert på ideologi legg ikkje opp til ein god vitskapleg debatt om temaet. Kvaliteten på forsking varierer i alle deler av akademia, og einaste måten å møte dårleg forsking på er å ta tak i nøyaktig det ein meiner er kritikkverdig i staden for å skjære alle over ein kam. 

Eg reknar sjølvsagt med at du er 100% objektiv i dine tankar om temaet og at ingen kan skulde deg for å ha eit ideologisk utgangspunkt i denne debatten. 

Gå til kommentaren

Publisert over 3 år siden

Har vore aktiv i KrFU i mange år og har sjeldan lese ein så god analyse av KrF og partikulturen. Takk! 

Gå til kommentaren

Publisert over 4 år siden

Hei,

eg er ein av dei som det siste døgnet har skrive eit innlegg som heiter "eg er feminist". Det gjorde eg fordi eg meiner at feminisme er eit vidt omgrep som eg kan bruke fordi det inneber like rettar og moglegheiter for både menn og kvinner. At du ikkje vil kalle deg feminist er greit, og eg seier ikkje at alle treng å gjere det. Eg har stor respekt for at mange ser på det som vanskeleg på grunn av enkelte saker feministar har stått for opp igjennom.

Det eg har større problem med er måten du framstiller feminismen på. Hadde eg tolka feminismen slik du gjer kunne ikkje eg heller ha kalla meg feminist. Eg vil gå gjennom punkt for punkt kvifor eg er usamd med deg. 

1. Det finst mange historiske døme på korleis kvinner har blitt sett på som mindreverdige. Ta berre kampen mot stemmerett for kvinner. Til dømes sa biskop Johan Christian Heuch.: «Hun kan ikke gjøre mannens gjerning, og hun vil ikke gjøre kvinnens gjerning, hva blir hun da? Hun blir et vanskapt misfoster, hun blir et neutrum". Viss det ikkje er å sjå på kvinner som mindreverdige veit ikkje eg. Du kan finne liknande sitat frå andre land då dei debatterte dette. I lang tid vart kvinner heller ikkje sett på som myndige. Det gjekk særleg lang tid før gifte kvinner vart sett på som myndige og sjølv kunne inngå avtalar og bestemme over eigen økonomi. Du skriv: "Ideen om at kvinner som levde for X antall hundre år siden, ble oppfattet av andre eller seg selv som mindreverdige i kraft av sitt kjønn, er en ideologisk påstand som ikke tåler etterprøving." Jo, det tåler etterprøving. Her har eg kome med nokre få døme. Det finst fleire. 


2. Eg er feminist, men føreset korkje "en fundamental kamp mellom kjønnene" eller "en radikal opphevelse av all kjønnslighet, som bare er en sosial konstruksjon". Kjønn er ikkje berre sosiale konstruksjonar, men det er heller ingen kamp mellom kjønna. Eit av mine favorittsitat er: "Jeg vil ikke at kvinner skal ha makt over menn, men over seg selv." (Mary Wollstonecraft). Det forklarer mitt standpunkt veldig godt. Eg er ikkje feminist fordi eg meiner me står i ein kamp mot menn. Eg er feminist fordi eg vil ha lik lønn som menn for likt arbeid, fordi eg ikkje vil bli diskriminert i arbeidslivet og fordi eg meiner at kvinner i langt større grad enn menn blir oppfatta og omtalt som seksuelle objekt. Ingenting av dette handlar om ein kamp mot menn, men det handlar om ein kamp mot haldningar og strukturar. 


3. Eg synest òg at abortstandpunkta til ein del feministar er vanskeleg. Ein av grunnane til at eg er feminist er fordi det "manglar" hundre millionar jenter i verda som følgje av abort eller at dei blir drepne rett etter fødselen. Berre fordi dei er kvinner. Det du skriv om aktiv dødshjelp trur eg langt i frå alle vil kjenne seg igjen i. Eg har ikkje sett ei einaste parole i 8. mars-toget som handlar om dette. Det er heilt sikkert mange som går i 8. mars-toget som er for, men det er òg mange som ikkje kallar seg feministar som er for. Veldig få assosiserer denne saka med kvinnerørsla. Mange feministar vil òg vere mot til dømes surrogati fordi det er utnytting av kvinner. Eg reknar med at du er samd i at surrogati ikkje burde vere lov i Norge. Eg reagerer på at du skriv: "Kvinnen kan bestemme å avstå fra å bli mor eller å abortere fosteret i magen". Som sagt synest eg  at abortstandpunktet til ein del feministar er vanskeleg, men seier du i første del av setninga at kvinner ikkje kan avstå frå å bli mor? Er kvinner forplikta til det? Det kan vere eg er vrang no, men eg ser det står "eller" i mellom første og andre del av setninga. Eg håpar eg misforstår deg her. 

Gå til kommentaren

Avnskog tillegg meg meiningar eg ikkje har

Publisert rundt 5 år siden

Hei igjen.

eg lurer på kor du har det frå at eg skriv om kvinnelege prostituerte og mannlege sexkjøparar i denne teksten, for eg har konsekvent unnlatt å skrive han/ho om både sexkjøpar og prostituert fordi eg har sett dei same nyheitene som deg i sommar: At kvinner reiser til afrikanske land for å kjøpe sex av menn. I tillegg er det menn som kjøper sex av menn, òg i Noreg. Men statistisk sett er det flest kvinner som er prostituerte og menn som kjøper sex. Difor er ikkje rart at flest menn blir dømt for sexkjøp, men dette er ikkje eit argument mot sexkjøpslova. Då må me heller snakke om kunnskapsheving og haldningsendring. 

Når det gjelder sexkjøpslova "innrømmer" eg ikkje noko. Eg har studert jus. Forbod mot kjøp av sex er heimla i straffelova § 316, forbod mot hallikversemd i straffelova § 315 og forbod mot menneskehandel i straffelova § 257. I tillegg er det forbod mot menneskehandel i diverse internasjonale protokollar som til dømes Palermoprotokollen. 

Utanom det får me vere samde om å vere usamde. 

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere