Lars-Toralf Utnes Storstrand

Alder: 57
  RSS

Om Lars-Toralf Utnes

Familiefar. Politisk aktiv liberalist. Bachelor i Kultur og Samfunnsvitskap (Engelsk og Historie) ved UIB. Overtydd um at kapitalisme og fri marknad er naudsynt for vekst og utvikling. Absolutt protestant Filosofisk og profetisk medviten Fri-Tenkjar (kfr. Joh 8:36). Lukkeleg gift med Darya, og far til to, stykfar til ein. Hebraisk namn: אליעזר גדול-חוף

Følgere

JHVH - ikkì Jahve (eller Jehova)

Publisert rundt 12 år siden

Eg hev longe undra meg yver denne statiske bruken av ordet "Jahve", eit ord som yverhovudet ikkì finst i Bibelen, men er eit reint menneskeleg freist på å uttala Guds namn, Tetragrammatonet, JHVH.

Kvifor ikkì berre lata namnet standa JHVH og svo bøygja seg fyre at ein ikkì kann uttala dette korrekt?

Personleg trur eg at det er dette apostelen Sha'ul (ogso kalla Paulus) refererte til då han sagde at han kènde ein mann som vart teken upp til himlen og fekk tala ord som det ikkì var tillete menneske  tala, men det vil fyrst verta prova når eg ein dag er heime i himmelen.

Det same gjeld "Jehova". Det hev si upphav i dei masoretiske teiknsetjingane frå kring 1000 EK, der ein tok vokalteikna frå ordet "Adonai" (A-O-A) som var den ærefylde måten millom truande jødar å umtala JHVH på, når dei møtte namnet. I vår tid er det jamvel mange truande jødar som går svo langt at dei segjer "HaShem" (lauseleg: Han som hev namnet).

Det serskilte med JHVH er korsom er dette: Det er på mange måtar eit initialord (akronym) som tyder: (transkribert: Javå, Haja Ve Jehiyeh) "Han som var, er og skal vera (til æveleg tid)." Når ein skriv dette på hebraisk fær teksten til saman trì stk "J" (jod), trì stk "V" (wav) og seks stk "H" (heh) som gir oss Guds namn trì gonger, og dermed er med å syna at Gud er trìein.

Men viktigare: Det syner oss at Jeshua (Jesus) Mashiach (Messias) ér JHVH. (sidesprang: JHVH er forøvrig dei berande vokalane i det hebraiske namnet Jehoshuah, Jesus sitt hebraiske  namn). Når Paulus (ja, eg trur det er Paulus som er forfattaren!) skriv i Hebrearbrevet at "Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til æveleg tid" er det berre ei parafrasering av "Jeshua Mashiach er JHVH".

Forvitneleg er det ogso at når det fråfalne presteskapet i Jerusalem, den dagen Jeshua dôg, såg kva som stod på skiltet Pilat havde skrive yver hovudet hans, vart dei vreide. Fyrebokstavarne i den hebraiske teksten (transkribert: Jeshua Hanotzri Vemelekh Hajehudim) utgèr nemleg bokstavarne i tetragrammatonet, JHVH. Då er det lettare å skyna kvifor dei sagde: "Skriv ikkje at han var... skriv at han sagde han var..."

Det er då heller ikkje svo vandt å segja JE-HÅ-VE-HÅ eller JOD-HÅ-VE-HÅ... litt spesielt kann henda, men svo er ogso Gudsnamnet spesielt. Me fær heller akseptera at dette namnet truleg er svo enkelt å uttala at me kompliserte vaksne utgåver av manneætti ikkì greider det fyre me røyneleg hev vorte som barn att...

Gå til innlegget

For mykje religion i politikken?

Publisert over 12 år siden

Eitt av dei mange argumenta eg møter mot kristen tru og tanke er ofte at "religion og politikk må ikkje blandast".

Eg kunde ikkje vera meir usamd.

Snarare burde ein segja: Tru og religion bør ikkje skiljast. For der det ikkje finst tru, (som Ivar Aasen sagde det: Vetle vitet strekk ikkje til; ei tru må stydja upp under!) der finst det helr ikkje rom for tanke.

Eller sagt onnorleides: Den som ikkje maktar å tru, kann helr ikkje tenkja. Det høver jamvel saman med Descartes namngjetne slagord, for der det er tru vil det til tider vera eve, men der det ikkje finst tru, vil det einast vera vantru, og der det er vantru finst det korkje von eller høve for tillit. Der det heiter Cogito Ergo Sum, kan ein ogso segja Dubito Ergo Sum.

Sanningi er at politikken treng tru for å ikkje verta for jordbundne, og trui treng politikk for å ikkje verta for svermeriske.

Dette vil sjølvsagt vera i sterk konflikt med vìnstresida si skyning, avdi dei tydeleg ikkje ynskjer eit tenkjande folk. Folk som tenkjer; trur nemleg - og trui skaper rom og kraft for tanken. Den som ikkje trur; kann i røyndomen aldri tenkja; men hermar det som andre hev sagt og meint.

Fylgjene av det er ein stagnert tanke, ingi utvikling og ingi vekst. Den amerikanske filosofen Ayn Rand segjer det soleides:

"Wealth is the product of man's capacity to think."

Vekst og velstand er ein fylgje av kapitalisme, og det er som kjend noko som vìnstresida ikkje likar.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere