Kristian Helland

Alder:
  RSS

Om Kristian

Følgere

Ein modig og klar tale

Publisert over 3 år siden

Kven KrF samarbeidar med i regjering, er naturligvis ikkje utan betydning, men KrF som parti har ikkje endra profil, eller «solgte sjela si» ved denne type strategiske val.

Skrevet av Ingmar Ljones, tidlegare stortingsrepresentant for KrF, og Kristian Helland, leder av KrFs Seniorutvalg.

Det er med ei viss undring me følgjer debatten om KrF både før Knut Arild Hareide sin tale til landstyret 28. september, og ikkje minst debatten etter talen. Det kan sjå ut til at mange av debattantane har gløymt eller oversett KrF sitt vedtak om: (1) at KrF ønskte Erna Solberg som statsminister; (2) at KrF ikkje ville fella regjeringa Solberg etter valet; og (3) at KrF ikkje kan sitja i regjering med Frp i denne perioden.

Vippeposisjon. 

Mykje av debatten dreier seg om at KrF må velje side og gå inn i ei regjering. Me er ikkje blant dei som utan vidare stiller oss bak dette «kravet». KrF har fått veldig mange viktige gjennomslag i sin vippeposisjon i Stortinget. Så har det vore dårlige galluptal, og det er bekymringsverdig. Men det er ingen «quick fix» å gå inn i ei regjering for å få betre oppslutning på gallup! Sjå på Venstre sine gallupptal: Deltakinga i Solberg-regjeringa har ikkje løfta Venstre i det heile tatt.

«Å velje side» er som regel ei strategisk handling for å få gjennomslag for politiske saker. Det kan vera greitt å nemna at då Gro Harlem Brundtland var statsminister i fleire mindretalsregjeringar på 80- og 90-talet, fekk KrF gjennomslag for mange viktige saker i budsjettfleirtal saman med Arbeidarpartiet. Når ein les referata frå budsjettforhandlingane, ser ein at det kunne vera harde ordskifte. Men det er ingen tvil om at desse diskusjonane dempa motsetningane mellom blokkene i norsk politikk på 80- og 90-talet.

Blokkuavhengig. 

Sjølv om KrF har hatt budsjettsamarbeid både med høgre- og venstresida i norsk politikk, har det ikkje vore uttrykk for ei endring i KrF sin politikk­ eller program. Dette understrekar Knut Arild Hareide tydeleg i si bok som nettopp er lansert. KrF har i alle år vært eit blokkuavhengig parti, og parti-
leiaren understrekar at det ville vore eit stort linjeskifte om KrF tek til «å definere seg tydelig som hjemmehørende i én av to blokker i det politiske landskapet.» (s.189).

KrF er i genuin forstand eit sentrumsparti. Om KrF skulle bli ein del av Solberg-regjeringa, kan det ikkje tolkast som at KrF blir ein del av ei høgreblokk i politikken. Og tilsvarande, om KrF no skulle danna regjering med andre sentrumsparti og Ap, betyr det ikkje at KrF blir ein del av ei sosialistisk blokk. «Kristen-demokratiet utfordrer toblokkstenkningen i politikken» (Hareid­e s. 189).

Kven KrF samarbeidar med i regjering, er naturligvis ikkje utan betydning, men KrF som parti har ikkje endra profil, eller «solgt sin sjel» ved denne type strategiske val. Debatten om «å velje side» blir slik me ser det, ofte overflatisk; gjerne fremja av media.

Sterk og klargjerande. 

KrF sin parti-
leiar heldt ein tydeleg tale til lands-
styret. På ein sterk og klargjerande måte understreka­ han KrF sitt politiske prosjekt. Konklusjonen var dristig og modig­ – og for mange av oss, overraskande. Men me synes altfor mange tillitsvalde i partiet uttrykkjer negativitet og brukar sterke ord og vendingar, før partiet i det heile tatt har diskutert og prøvd ut om eit regjeringssamarbeid med Ap og sentrum har livets rett. Også denne type regjeringssamarbeid vil vera krevjande for KrF, det er Hareide klar over. Slik norsk politikk er anno 2018, er avstanden mellom KrF si grunnleggjande politiske tenking og dei fleste parti på Stortinget ganske stor. Og det å gå inn i ei regjering vil uansett vera spenningsfylt og krevjande for partiet. Difor må saka behandlast av landsstyret.

Alle som vil diskutera KrF si framtid og Hareide sin tale til landsstyret, må vera presise og tydelege på kva det eigentlig­ dreier seg om, og kva det ikkje dreier seg om. Me meiner at tillitsvalde i KrF bør gi Hareide sitt utspel ein sjanse. Så får me alle vurdera eit eventuelt resultat, og seia ja eller nei til det.

Men uansett dreier det seg ikkje om eit linjeskifte for KrF der partiet vil «miste sin sjel»! Det er eit strategisk val som truleg vil gå inn i historiebøkene, uansett kva resultatet blir.

Trykket i Vårt Land 4. oktober 2018. 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere