Debatten er i full gang om Østre Porsgrunn kirke skal erstattast av ein kopi eller av ei ny, moderne kyrkje.
Redaktøren i lokalavisa TA vil ha ein kopi av den 251 år gamle korskyrkja i tre som brann ned til grunnen natt til måndag, skriv Vårt Land.
Andre vil byggje nytt og moderne for samtid og framtid. Kva meiner du?
Pastor David Yonggi Cho trur at tsunami og jordskjelv kan vere ei åtvaring til Japan.
– Fordi det japanske folket vender ryggen til Gud med si tru og fordi dei tilber ateismen og materialismen får det meg til å lure på om ikkje dette er Guds åtvaring til dei, sier Yonggi Cho til ei nettavis. Han er pastor emeritus i megakyrkja Yoido Full Gospel Church i Seoul i Sør-Korea, den største kyrkjelyden i verda.
Den amerikanske høgresidas TV-vert Glenn Beck sa i eit radioprogram i mediekonsernet Fox måndag at jordskjelvet kan vere ei melding frå Gud.
Guvernøren i Tokyo har måtta beklaga at han måndag sa at tsunamien kom for å vaske vekk japansk egoisme.
TV-pastor Pat Robertson fekk saftig kritikk då han sa at Haiti vart straffa for si «pakt med djevelen» for å bli kvitt det franske kolonistyret på slutten av 1700-talet.
Kan naturkatastrofar vere straffedom for synd? Eller bør pastorar, TV-vertar og guvernørar halde munn med slike påstandar?
Diskuter saken videre i tråden Japan.
Petter Northug passerte mållina på tvers etter å ha bremsa opp nokre meter framfor Marcus Hellner i innspurten i herrestafetten.
Aller først hysja han på publikum.
http://www.vl.no/samfunn/article119173.zrm
Kva meiner du om Petter Northugs handlemåte?
Arbeiderpartiet vil innføre tidleg ultralyd for alle. Striden rasar.
Kunnskapssenteret har konkludert med at tidleg ultralyd med blodprøve er godt eigna til å finne kromosomavvik, som Downs syndrom, men svært lite eigna til å finne hjartefeil hos den ufødde, melder Vårt Land. I Danmark er tidleg ultralyd innført for alle, med det som resultat at talet på fødde med Downs syndrom straks vart meir enn halvert.
Bør Noreg innføre tidleg ultralyd med blodprøve for alle? Eller skal vi seie nei?
Dagsavisen melder at regjeringa kjem til å droppe framlegget om å stogge skjenking klokka 2 om natta, mot klokka 3 no. Når meiner du skjenkinga må stogge?