Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

I TV-programmet Skavlan fredag fortalde far og son Andersson og My Skarsgård om vegen inn i og til slutt ut av eit rusgrep.

Benny Andersson, ein av dei fire frå ABBA, fortalde i Skavlan bestemte seg for å søkje hjelp ldå han forstod at dersom han heldt fram med å drikke, var risikoen stor for  at han ville miste alt han hadde: Familie, hus, bil, båt....

– Det spelar, sa Benny Andersson, ingen rolle kven du er når du er fanga av alkoholen.

I dag er det ni år sidan han slutta å drikke, og det beste han har gjort er nettopp å vende alkoholen ryggen.

LES EIN KOMMENTAR EG SKREIV I PAPIRUTGÅVA ONSDAG

Sonen Ludvig Andersson avslørte i programmet at  også han hadde vore alkohol- og rusmisbrukar. Han arva det av foreldra. Ludvig har vore tørrlagt i sju år.

Rusvegen starta då han var 14 år. Som 22-åring sat han så fast i misbruket av alkohol og narkotika – «eg tok alt som var å få tak i» – at han måtte ha hjelp på ein klinikk hos Anonyme Alkoholikarar.

Frå vin til maten. Alle som sat benka framfor TV-skjermen med vinkartongar eller flasker og glas, fekk usminka historier frå ressurssterke menneske om ei krise som starta med vin til maten.

Ludvig Anderssons klare melding om kva ulukke han arva frå foreldra som 14-åring, burde skremme vinskvetten av nokon kvar midt på beste fredagskvelden.

Eg håpar mange kristne såg Skavlan fredag. I mange urbane krinsar er det flust med aktive kyrkjegjengarar som oppfører seg som elleville kalvar under vårsleppet når dei ser ein vinkartong eller ei flaske frå Polet. Kven av desse inviterer Ludvig Andersson som festkåsør under neste 50-års lag?

Ruskreftene. EU nektar Noreg å halde fram med forbodet mot TV-sendt reklame frå London. Dersom styresmaktene i Storbritannia ikkje vil komme oss til berging, er det fritt fram for alkoholkommersen. 14-åringar kan fritt ta imot arven gjennom reklamen, slik Ludvig Andersson tok imot sin arv frå ein alkoholglad far for 15 år sidan.

Her handlar det om fri flyt av vin og sprit. Men kor mange vitnesbyrd frå folk som Benny og Ludvig på fredagskvelden må til før ruskreftene vert tøyla?

Ruskreftene

Gå til innlegget

Må ein fadder i barnedåp tru på Gud?

Publisert over 9 år siden

Ein av fire fadrar i Danmark trur ikkje på Gud.

Ein fadder skal sjå til at barnet veks opp i den kristne trua. Men kvar fjerde fadder i Danmark trur altså ikkje på Gud, melder Vårt Lands nettutgåve med Søndagsavisen som kjelde.

I Den norske kyrkja er krava at fadrane enten må vere medlemmer av Den norske kyrkja eller vere medlem av eit kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp. Dei må også vere iver 15 år.

Meiner du at ein fadder må trur på Gud og frelsa i Jesus Kristus for å takke ja til oppgåva ved døypefonten?

Gå til innlegget

Er Alzheimer skilsmissegrunn?

Publisert over 9 år siden

Demenssykdommen er en slags død, mener den kjente TV-predikanten Pat Robertson.

Part Robertson sjokkerte seerne på det kristne TV-programmet «700 Club» da han uttalte at Alzheimer er gyldig skilsmissegrunn. Han sa at denne sykdommen kan sees på som «en slags død».

Robertson er tidligere amerikansk baptistpastor og presidentkandidat, nå TV-predikant på nettverket han selv har grunnlagt, Christian Broadcasting Network (CBN).

Les mer i Vårt Lands nettutgave.

Si din mening: Er du enig med Robertson at Alzheimer er en form for død og derfor skilsmissegrunn?

Gå til innlegget

Skal legene få skrive sorgmelding?

Publisert over 9 år siden

Hege Gjessing mener fastlegene skal kunne sykmelde en pasient på grunn av sorg.

Den nyvalgte presidenten i Den norske legeforening får støtte fra lovgiverne på Stortinget. Hun mener dagens ordning for sykemeldinger er for snever, skriver Vårt Land.

– Systemet slik det er i dag må videreutvikles. Vi trenger «sorg» som en diagnose på skjemaet for sykmelding. Det er ikke bare sykdom som er årsak til at folk må være borte fra jobb, sier Gjessing.

Spørsmålet om hva som er sykmeldingsgrunn er blitt svært aktuelt etter sommerens terrorhandlinger i Oslo og på Utøya.

Bør legene kunne skrive sorgmelding?

Gå til innlegget

Anders Behring Breivik vil gjerne bli intervjuet og fremme sitt syn.

Han vil la en rettssak gå for åpne dører. Men vil det være rett av presse og kringkasting å intervjue mannen bak massakren på Utøya og tragedien i regjeringskvartalet?

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere