Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Nei, eg gjer ikkje Gud til syndebukk

Publisert rundt 3 år siden

Det er naudsynt å åtvara mot at religion blir eit farlegare og farlegare element i ein Nigeria-konflikt som primært handlar om noko heilt anna.

I Vårt Land 8. juni kritiserer Lise Tørnby i NMS Global ein kronikk eg skreiv i Vårt Land 2. juni om konflikten mellom gjetarfolk og fastbuande bønder i Nigeria. Ho gjer det under overskrifta «Når Gud blir syndebukk».

Nei, eg gjer ikke Gud til syndebukk.

Eg er heilt samd med Tørnby i at det er viktig å ikkje blanda korta når vi diskuterer politikk og religion. Det er sant at «vi som bistandsaktører og misjonsorganisasjoner har (...) et særlig ansvar for ikke å bli endimensjonale i vårt ønske om å forstå og hjelpe». At dette er ekstra naudsynt på det afrikanske kontinentet kan eg også skriva under på. 

Stemmer ikkje
Tørnby utfyller på eit par punkt biletet eg gav. Men det stemmer likevel ikkje at eg «forstår og fortolker konflikten primært som en religionskonflikt». Dette har eg verken skrive eller meint. Eg veit derimot at det der ute finst analysar som NMS-kritikken kan rettast mot. Men eg la i kronikken vekt på nettopp å få fram at dette primært er ein konflikt om beiterettar og kontroll over landområde.

Konflikten finn vi, skreiv eg, slett ikkje berre i Nigeria, men i ei rad andre land. Og for å understreka kva konflikten primært handlar om, skreiv eg: «Beiteområda til gjetarane er dessutan under press av klima og endra jordbruk.»

Eg la vekt på at to av dei aktuelle delstatane i fjor vedtok nye lover mot beiting, lover som – skreiv eg – blir kritiserte for å angripa rettane til dei som leitar etter beite og vatn for kveget sitt. Og eg la vekt på at vi slett ikkje må skulda alle fulani-gjetarane for å stå bak valdsangrepa.

Polarisert
Dessutan refererte eg til United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) som etter eit besøk i Nigeria mellom anna påpeikar at gjetarane seier at dei må forsvara seg og kveget sitt. Kommisjonen åtvarar også mot polariserte framstellingar.

Dette løfta eg fram og trudde ikkje det var behov for å vera endå tydelegare. Men kanskje skulle eg vore endå tydelegare likevel.

Konflikten i Nigeria har det siste året eskalert i form av vald og død og farlegare våpen. Det har skjedd angrep på kyrkjer og gudstenester både i nyttårshelga og seinare i år. Når ein konflikt om land, beiterettar og vassressursar får eskalera, og staten blir skulda for å ikkje å ta tak, eller for berra å bruka massiv militærmakt når den vil gjera noko, vil diverre religion bli utnytta og religiøse skiljelinjer bli farlegare. Truverdige kyrkjelege kjelder i Nigeria åtvarar om dette, vår oppgåve er å løfta dette opp.

Politisert

Difor refererte eg Kolade Fadahunsi i Institutt for kyrkje og samfunn under Nigerias kristne råd. Han meiner dei væpna gruppene som med AK 47-gevær angrip kristne landsbyar og gudstenester, vil provosera religionskrig. Fadahunsi er på den andre sida svært kritisk til at karismatiske kyrkjefolk frå sør no i aukande grad brukar sosiale media for å retta hatefulle angrep på muslimar generelt.

I eit intervju med Magasinet Stefanus tidegare i år sa Kolade Fadahunsi: «Hvis vi ikke ønsker at neste generasjon skal arve den rådende intoleransen og politiseringen av religion i Nigeria, må vi ta grep nå.» Han sa at han med hjelp av eit hefte Stefanusalliansen laga – «Trosfrihet for alle» – ønskjer å starta undervisning både blant pastorstudentar og inn mot eit tverreligiøst råd der både kristne og muslimar er med.

Nei, eg gjer ikkje Gud til syndebukk. Men det er naudsynt å åtvara mot at religion blir eit farlegare og farlegare element i ein konflikt som primært handlar om noko heilt anna.

Trykket i Vårt land 11. juni 2018

Gå til innlegget

Frykt for religionskrig

Publisert rundt 3 år siden

Det går ei farleg valdsbølgje over Nigeria med kvinner, barn og menn i kristne landsbyar som offer.

Væpna menn storma inn i ei katolsk kyrkje. Det var ein grytidleg tysdag morgon og morgonmesse i ein landsby i Benue-delstaten i Nigeria. Etter massakren låg 19 drepne tilbake, inkludert to prestar.

22. mai, ein månad etter tragedien, blei dei 19 gravlagde i nok ei massegravferd i Nigera.

Drapa vart utførte av ei væpna gruppe som høyrer til fulani-gjetarane. Same dag som gravferda gjennomførte katolske leiarar ein nasjonal protestdag med krav om at presidenten grip inn mot valdsbruken. Men protestmarsjane var ikkje før over før eit katolsk seminar – i delstaten Taraba – blei angripe med fire døde og sju skadde, ein av dei prest. Det går ei farleg valdsbølgje over Nigeria med kvinner, barn og menn i kristne landsbyar som offer.

Folkerikt

Nigeria er det mest folkerike landet i Afrika med 190 millionar menneske. Kristendom og islam er dei dominerande religionane. Islam – dei fleste er sunnimuslimar – er konsentrert i nord. Dei kristne dominerer i sør. Politisk har sør lenge dominert over nord – som også har fått lite av oljeinntektene.

Mellom det islamske nord og det kristne sør ligg Midtbeltet. Der opplever mange landsbyar med kristne bønder ufatteleg liding fordi ein konflikt mellom fulani-gjetarar og fastbuande bønder har fått eskalera.

Konflikt mellom fastbuande og nomadar finn vi i heile Afrika. Knapt nokon stad er den så tragisk som i Nigeria. Beiteområda til gjetarane er dessutan under press av klima og endra jordbruk. 

Religion

Fulani-gjetarane som fører kveget sitt over store landområde på jakt etter beite og vatn, er hovudsakleg muslimar. Dei fastbuande er hovudsakleg kristne. Konflikten følgjer altså religiøse skiljelinjer.

Staten har gjort minimalt for å straffa drapsmennene. «Valdsbruken til væpna fulani-gjetarar er provokasjonar for å utløysa religionskrig», seier Kolade Fadahunsi. Han leier eit institutt for kyrkje og samfunn under Nigerias kristne råd.

Berre i delstaten Benue er nær 500 kristne drepne så langt i år. Sidan 2013 er meir enn 1800 liv gått tapt i denne delstaten. Titusenvis er internt fordrivne. Hus og landsbyar er brende og kyrkjer er øydelagde i fleire delstatar. Dei katolske biskopane åtvara i vinter om at det kan bli borgarkrig i delar av landet.

Forverra

Angrepa frå fulani-militsane blei verre og verre på slutten av 2017 og har kome i nye bølgjer frå nyttår. Delstatane Taraba og Benue innførte i fjor haust lover som kriminaliserer fri beiting. Kritikarane hevdar at lovene undergrev rettane til gjetarfolket. I desember gav guvernøren i Benue-staten ordre om arrestasjonar og konfiskering av kveg. Det gav dei væpna bandane endå eit påskot.

Guvernør Samuel Orton avviste under massegravferda 22. mai at han ber ansvar for vald og død: «Prestane er ikkje bønder. Kyrkja eig ikkje gras. Det er difor underleg at landsbyfolk som ber til Gud, blir drepne av gjetarar, inne i ei kyrkje. På denne måten har væpna gjetarar flytta forteljinga om den pågåande krisa frå jakta på beite til andre openberre motiv.»

Han har sjølvsagt rett. Valdsbølgjene rammar heilt målretta kristne landsbyar og kyrkjer.

På den andre sida må styresmaktene snarast gje heilt andre svar.

Splittelse

Dei kristne i Midtbeltet har lenge fått minimalt med støtte frå dei meir karismatiske megakyrkjene sør i landet. Lidinga i terroriserte landsbyar passar kanskje dårleg med framgangsteologien deira.

Nokre av kyrkjene er no byrja å røra på seg. Paraplyorganisasjonen Christian Council of Nigeria oppmoda i april til to søndagar med protest mot blodbadet.

Første søndagen i mai deltok nokre kyrkjer i sørvest i ein fredeleg protest. «Men samanlikna med det vi må forventa av reaksjonar frå kyrkjer, er dette langt frå nok», seier Kolada Fadahunsi. Han kritiserer apatien til kyrkjeleiarar som held munn fordi dei vil halda seg unna politikk.

Nokre pinseleiarar har teke i bruk sosiale media for å åtvara mot det dei hevdar er eit komplott for islamisering av Nigeria. Fadahunsi er kritisk til at kristne leiarar fyrer opp i verbale angrep retta mot muslimar. Dette polariserer konflikten endå meir.

Vi skal dessutan vakta oss vel for å skulda alle muslimske fulani-gjetarar for drapsbølgjene.

Samansett

United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) besøkte Nigeria i 2017. I den ferske 2018-rapporten blir det understreka at det er fleire og samansette årsaker til opptrappinga av konflikten: Fulani-gjetarane seier dei må verna kveget mot tjuvar. Kristne seier at væpna fulani-gjetarar driv etnisk reinsing for å overta landområda deira. Både muslimar og kristne klaga over at dei nigerianske tryggingsstyrkane ikkje vernar dei.

Det einaste sentral-regjeringa har gjort, er i nokre tilfelle å setja inn hæren, som så er blitt skulda for massiv valdsbruk, påpeikar USCIRF. Det hjelper ikkje at hæren drep sivile. Polariserte framstillingar hjelper heller ikkje.

Konflikten starta med machetar. Men fulani-bandane har i aukande grad fått tilgang til automatgeværet AK-47. Mange har lurt på kvar våpna kjem frå. Konflikten i Libya som etter Gadaffis fall spreidde seg til Mali, har auka tilgangen på våpen i Nigeria. Grensa er porøs og uråd å kontrollera, melder BBC med ein tidlegare nigeriansk polititopp som kjelde.

Boko Haram

I tillegg til dei grufulle angrepa frå væpna fulani-grupper har vi i nord den sunnimuslimske ekstremistrørsla Boko Haram. Denne veka kom det siste angrepet mot kristne. Boko Haram held framleis 112 kristne skulejenter fanga etter kidnappinga i Chibok i 2014. «Aldri har vi kjent oss så utrygge som no,» ropa den katolske presten Williams Kaura Abba under ein protestmarsj i mai. Han adresserte både Boko Haram, fulani-bandane og staten som let drapsmenn sleppa unna og som sjølv brukar harde maktmiddel for å undertrykkja det dei kallar «religiøse sekter». Han adresserte kidnapping av jenter og tvangskonvertering av desse til islam.

Tragediane i Nigeria går diverre langt under radaren for mange i vår del av verda. Det er altfor lett å læra seg til å leva med blodig urett i afrikanske landsbyar.

Trykket i Vårt land 2. juni 2018

Gå til innlegget

Desperasjonen er til å ta og føla på blant kyrkjeleierar i Irak. Det er dessutan djup mistillit til muslimar etter IS-barbariet. Bryr vi oss ikkje når Irak snart kan vera tømt for kristne?

På 1990-talet var det over 1,5 millionar kristne i Irak. I dag trur pessimistane at det berre er 150 000 igjen. Dei mest optimistiske seier at det kanskje er 250 000. Truleg er det færre. På slutten av 50-talet utgjorde dei kristne 3 prosent av folket, i dag under 0,1 prosent.

Profetisk rop

Ninive-sletta aust for Tigris i Nord-Irak er eit kjerneområde for kristendom i Irak. Vi er på bibelsk grunn. Til Ninive sende Gud ein motviljug profet, Jona, for å åtvara om undergangen dersom folket ikkje omvende seg. Ninive angra, og byen blei spart. Men så gjekk angeren over. Profeten Nahum måtte av garde med ny åtvaring. Den gongen vart Ninive øydelagd. Ruinane av Ninive, som også Jesus snakka om, ligg like ved dagens Mosul

Mosul, Iraks nest største by, skulle også oppleva øydelegging. IS-terroristane kom i juni 2014. Dei okkuperte Mosul og så landsbyane på Ninive-sletta. Mange muslimar flykta også. Men det gjekk brutalt utover alle minoritetar. 12 000 yezidiar blei drepne og over 6000 jenter tekne som sexslavar. Kristne blei jaga under trussel om å bli drepne, eller dei måtte konvertera til islam.

Mange kom seg ut av landet. Andre vart flyktningar i eige land, først og fremst i den sjølvstyrte kurdiske regionen. Dei kurdiske styrkane var dei einaste som stod imot IS.

Etter at IS til slutt blei nedkjempa frå 2016, har nokre tusen kristne  familiar vendt heim til landsbyane på Ninive-sletta. Men framleis er tusenvis av flyktningar.

Desperasjon
Under ei reise nyleg møtte eg ei djup fortviling. «Klarar vi ikkje raskt å byggja opp igjen landet og byggja bru over den djupe mistilliten mange kristne har til muslimar etter IS, vil håpløysa komme for alvor», seier Emanuel Youkhana. Han høyrer til den nestorianske kyrkja og  leier hjelpeorganisasjonen Capni – Christian Aid Program Northern Iraq. Capni er med på å byggja opp att kristne landsbyar og hjelper til med å skaffa arbeid. Dei hjelper også yezidi-flyktningar med utdanning.

Men det er ikkje berre knuste hus, øydelagde vegar og sundbomba straumforsyning som må byggjast opp att. Mistrua mot muslimar er sterk etter IS. Folk som hadde budd saman med muslimske naboar i tiår fram til IS, er no redde for at naboen er knytt til IS. «Det er fullt forståeleg», seier Youkhana.

Men Youkhana åtvarar mot å bli gislar for vonde minne. Han vil lækja såra. Det tek tid, som fortvilte flyktningar ikkje har. Endå meir tid tek det sidan Bagdad-regjeringa er passiv. «Snart fire år etter at IS slo til, er det ingen nasjonal debatt om kvifor tragedien hende og korleis vi kan hindra at noko slikt aldri skjer igjen. Regjeringa skrapar på overflata og gjer ingenting for å nå fram til grasrota og ofra for IS», seier Youkhana.

Han krev nytt skulepensum. Sidan Irak har skapt ein slik brutal ekstremistbevegelse, er det tid for å slutta å læra barna fundamentalisme og i staden læra toleranse, seier Youkhana. Nytt lovverk må sikra at minoritetane blir likeverdige borgarar og ikkje andre- eller tredjerangs.

Byggja bruer
Skal Irak ikkje enda opp som ei varig slagmark mellom sjia- og sunnimuslimar og mellom arabarar og kurdarar, må minoritetane sikrast. «Over heile Midtausten byggjer sekteriske grupper murar. Kristne kan byggja bruer», seier Youkhana

Storparten av dei attverande kristne i Irak bur i sjølvstyrte Kurdistan eller på Ninive-sletta. Fleire store kristne landsbyar ligg i område der Kurdistan og sentral-regjeringa i Bagdad kranglar om kven som skal styra. Krangelen vart krigersk etter den kurdiske folkerøystinga om sjølvstende i fjor haust då Bagdad-regjeringa tok kontrollen over nokre av byane Kurdistan hadde gjennomført folkerøystinga i. Youkhana krev dei kristne landsbyane i desse «omstridde område» innlemma i Kurdistan. Trass alt har livet der vist seg tryggare enn i resten av Irak – anten det er i sjia- eller sunnikontrollerte område.

Svikta
Andre kristne leiarar eg møtte, kjenner seg ikkje berre forfølgde av IS og lever i frykt for at IS kjem tilbake. Dei kjenner seg også svikta av Vesten. «Eg trur USA ønskjer å sleppa å ha kristne her, kristne som klagar på kva USA gjer», seier den syrisk-ortodokse erkebiskopen Nicodemus Daoud. Vi treng ikkje kjøpa forklaringa, men forstå desperasjonen.

Daoud har, sidan IS okkuperte Mosul, styrt kyrkja frå Erbil i sjølvstyrte Kurdistan. Kyrkja hjelper kristne som vil venda heim. Mange vågar enno ikkje dra heim eller dei kan ikkje fordi heimane ikkje er bygde oppatt. Mange vil helst forlata landet, dersom dei får sjansen. «Dagleg tek vi farvel med nye», seier erkebiskopen.

For Nicodemus Daoud er Irak heilagt land. Her har folk vore kristne i snart 2000 år. Han forstår dei som vil gje barna ei framtid utanfor Irak. Men han fryktar at identitet og røter blir borte.

Kanskje er det vanskeleg å ta innover seg tragedien. Skal vi stilla vi opp i ein fortvilt kamp mot klokka?

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 8. MAI 2018

 

Stefanusalliansen, starta som Misjon bak Jernteppet i 1967, er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt fokus på trusfridom

 

Gå til innlegget

Påske med terror og håp

Publisert over 3 år siden

 I land som Egypt og Pakistan fyller folk kyrkjene sjølv om dei veit at faren for terror er ekstra stor nettopp i påsken. Slike historier burde riva oss ut av vår heimlege kos.

 

Biskop Per Arne Dahl summerte i ein kronikk (Aftenposten 18. mars) godt opp nordmenns forhold til påskehøgtida: Påskebodskapen er irrelevant for det store fleirtalet. Er det noko som er heilagt, så er det «starten på campingsesongen», som han skreiv med referanse til ein samtale han hadde høyrt.

Rett nok er det mange som går til messe, nokre deltek også i krossvandring. Men for nordmenn flest er «påskefeiring .... utmerket uten Jesus», skreiv Dahl. Han spurte: «Har vi prester sviktet?» og peika på ein veg fram til at Langfredag kan kallast «Good Friday» også hos oss.

Det er grunn til å utvida analysen av kva som kan løfta påskebodskapen. Vi kan venda blikket utover, mot land der påskebodskapen verkeleg er relevant.

Terrorpåske

Påsken er kanskje blitt den kristne høgtida der islamistiske og andre terroristar rettar dødelege angrep mot kristne.

Påskedag 2016. Minst 75 menneske vart drepne og over 340 skadde i eit sjølvmordsangrep ved hovudinngangen til ein av dei største parkane i millionbyen Lahore i Pakistan. Angrepet var uttrykkjeleg retta mot kristne, dei fleste offera var kvinner og barn. Men sidan det var både kristne og muslimar i parken, var mange av dødsoffera muslimar.

Like før påske i 2015 blei to kyrkjer i den største kristne bydelen i Lahore angripne av terroristar frå ein fraksjon av Taliban. Planen var å sprengja to kyrkjer samstundes. Over 20 blei drepne. Sivile vakter som kasta seg over angriparane, gjorde sitt til å redusera tragedien ved at angriparane ikkje kom seg inn i kyrkjene. Og folk let seg ikkje stogga av terroren.

Politiet i Lahore hindra eit større terrorangrep i påsken 2017. Kyrkjene var fullsette. Utanfor stod væpna og uvæpna vakter. Fleire av dei sivile vaktene var sjølve blitt skadde i angrepet påska før.

Palmesøndag 2017: Den ortodokse påsken kom samstundes som påsken hos oss, og meldinga frå Egypt var brutal. 49 menneske som feira påske i kyrkjer i byane Tanta og Aleksandria i Egypt, blei drepne av sjølvmordsbombarar. I eit år der IS-terroristar trappa opp angrepa mot kristne mål i Egypt, fekk vi dessutan drapa på nesten 30 pilegrimar på veg til eit kloster sør i Egypt på Kristi himmelfartsdag.

Avgrunn
I Egypt var mange kyrkjer fullstappa påskedag i fjor, trass i terroren palmesøndag. Livet for kristne i landet er heller ikkje berre prega av valdsangrep og terror. Kyrkjene i Egypt er livskraftige som aldri før, ja, meir livskraftige enn mange kyrkjer i vesten, fortel Ramez Atallah, som er generalsekretær i bibelselskapet i Kairo.

Dei sterke historiene om menneske som tek trua på alvor, bør kunna skapa uro og gjera påskebodskapen relevant. Noko er langt meir heilagt enn starten på campingsesongen.

Vi har mykje å gå på. Terroren gjorde eit sterkt inntrykk på mange, men sjølv møtte eg påskedag i fjor ivrige kyrkjegjengarar som ikkje eingong hadde fått med seg det blodige angrepet mot dei to kyrkjene i Egypt søndagen før. At kristne både i Nigeria og India opplevde terror og valdsangrep i påsken 2017, gjekk nok diverre endå fleire hus. Det er ein avgrunn mellom vår påskefeiring i eit land med ein trusfridom alle tek for gitt, og livet for kjempande kristne.

Martyrar
I februar 2015 blei 21 koptiske kristne frå Egypt drepne på ei strand i Libya av IS-terroristar. Videoen av dei 21, kledde i oransje kjeledressar, som blei førte over strand før dei fekk halsen skoren av, gjekk verda rundt. Mange i vår del av verda orka knapt å sjå dei grufulle scenane, og slutten på videoen vart ikkje vist i Vesten – av omsyn til offer og sjåarar. Mange kristne i Egypt såg derimot videoen til endes. Og like før dei 21 vart drepne, kunne egyptiske kristne lesa på leppene til dei 21: Dei uttalte namnet Jesus.

Dei 21 blei etter kort tid erklærte som martyrar, som menneske som ofra livet for trua.

Biskop Thomas i den koptisk ortodokse kyrkja har forklart at koptiske kristne som såg videoen, kjende både djup sorg over dei 21 drepne, og glede over bodskapen om Jesu oppstandelse påskedag. Og biskopen sender ein sterk appell til oss som om få dagar går inn i vår påske – i år ei veke før dei ortodokse gjer det:

Bera krossen
«Kyrkja i Vesten treng ikkje sjølv å bli krossfest for å forstå meininga med martyriet. Men kristne i Vest kan hjelpa oss å bera krossen slik Simon frå Kyrene i Bibelen. Han blei ikkje spurt om han var villig til å bera Jesus kross. Han vart henta ut av mengda og tvungen til å bera krossen utan å vita velsigninga som ville følgja. Å bera krossen kan vera ei velsigning for kyrkjene i vesten. Vårt ansvar for å kjempa for rettferd går på tvers av nasjonar, grenser og politiske parti. Martyrane ropar. Spørsmålet er om vi lyttar eller ikkje.»

Norske biskopar og prestar bør bruka denne påsken til å løfta fram trua til egyptiske og pakistanske kristne. Desse feirar påske med eit frigjerande håp henta rett ut av Bibelens påskebodskap. For dei er påske utan Jesus heilt utenkjeleg.

(Først publisert som kronikk i Vårt Land 27. mars 2018)

 

Gå til innlegget

Ned med Jesus, opp med Kinas nye diktator

Publisert over 3 år siden

Kristne i landsbyar Kina fekk klar beskjed frå lokale tenestemenn: «Jesus kan ikkje frelsa dykk, det kan derimot president Xi Jin Ping».

Tusenvis av menneske i kinesiske landsbyar søraust i Kina fekk klar beskjed då dei vart bedne om å fjerna bilete av Jesus og erstatta dei med bilete av president Xi Jinping.

«Jesus Kristus kan ikkje dra dykk ut av fattigdom eller lækje sjukdommane dykkar, men det kan det kinesiske kommunistpartiet, så ta ned Jesus-bileta og heng opp eit pent bilete av president Xi Jinping i staden.»

Lokale tenestemenn kom med beskjeden. Dette er eitt av fleire teikn på ein veksande personkult rundt president Xi Jinping. Det er Washington Post som fortel historia.

Ifølgje sosiale media i Yugan i Jiangxi-provinsen hadde innbyggjarane «frivillig» fjerna 624 bilete av kristne motiv og erstatta dei med 453 bilete av president Xi. Rett nok er dette førebels i liten skala, men det minner om den personkulten som ble bygt rundt Mao Zedong, den første, mektige kommunistleiaren i Kina, melder avisa. Vesten ser ikkje ut til å bry seg.

På livstid
Det kom urovekkjande meldingar frå Kina før folkekongressen som no er avslutta. Kinas president Xi Jinping som lenge har bygt seg opp som den sterke mannen, kan bli sitjande på ubestemt tid. Sentralkomiteen i kommunistpartiet har fjerna regelen om at ein president ikkje kan sitja meir enn ti år. Folkekongressen strødde sand på dette.

Men med den forsterka maktposisjonen Xi Jinping alt har skaffa seg etter at han overtok i 2013, er det liten grunn til å tru at forslaget blir nedstemt. Xi Jinping har bygt seg opp – og sentralisert makt. «Kina er ikke bare et diktatur, men et totalitært diktatur», seier professor Stein Ringen til Aftenposten. Han skreiv boka «Det perfekte diktatur – Kina i dag», og i vinter har han kasta atterhalda om kva slags maktsystem Xi Jinping byggjer opp.

Sprengde kyrkje
Ei av følgjene er den tydelege innstramminga for truande som ikkje innordnar seg statskontroll. 1. februar tok ei revidert religionslov til å gjelda. I opptakten jamna kinesisk politi to kyrkjer som ikkje var registrerte og statskontrollerte. Eit videoopptak viser korleis politiet med dynamitt og tunge maskiner la kyrkja Golden Lampstand (Den gylne lysestake) i Linfen i Shanxi-provinsen i grus i januar. Dette var ei kyrkje for innpå 50 000 menneske.

Leiarar for fleire uregistrerte kristne grupper er blitt utsette for opptil 20 timar lange avhøyr, og mange kyrkjer har fått påbod om å bytta ut kross-symbolet med det kinesiske flagget, melder organisasjonen China Aid.

Den nye tilstramminga har også ramma buddhistar. Larung Gar, verdas største tibetansk-buddhistiske lærestad er no tvangsunderlagt statskontroll, melder telegrambyrået AFP. Alle som bur der eller gjestar staden skal registrerast, og statsmaskineriet har sendt inn agentar for å halda oppsyn.

Døydde ikkje
Verken religion generelt eller kristendommen døydde med kommunismen. Kommuniststyret i Kina godtok på 50-talet ei kyrkje som var statskontrollert og utan band til aktørar i andre land. Tre-sjølv-kyrkja skulle vera ei nasjonal, patriotisk rørsle, underlagt statens kontor for religiøse saker. «Tre sjølv» dekte orda sjølvstyrt, sjølvforsørgjande og sjølvutbreidd, og i det kinesiske namnet var ordet «kyrkje» erstatta av «rørsle». Under den blodige Kulturrevolusjonen frå 1966 blei Tre-sjølv-kyrkja forboden. Mange kristne hamna i fengsel.

Ny opning
Etter Kulturrevolusjonen kunne kristne igjen samla seg i eigne gudshus, underlagt kontroll. Tre-sjølv-kyrkja kom tilbake på slutten av 70-talet. Og på 90-talet opna dessutan eit stort bibeltrykkeri i Nanjing, som vart senter for spreiing av mange titals millionar biblar i Kina i eit ope samarbeid med styresmaktene. Det var nye tider i Kommunist-Kina.

Men det store fleirtalet av kinesiske kristne samlast ikkje hos Tre-sjølv-kyrkja. Dei reknar denne kyrkja som reiskap for styresmaktene. Difor har det vakse fram svært mange små og større huskyrkjer. Den sterke veksten har skapt uro i kommuniststyret.

I 2005 fekk landet ei ny religionslov som mellom anna gav trussamfunn rett til å klaga si sak inn for rettsvesenet. Dette var i opptakten til OL i Beijing i 2008, og styresmaktene hevda at lova var eit framsteg for religionsfridommen. Men frå kristne, buddhistar og andre kom det meldingar om lokale overgrep. Og Human Rights Watch slo i ein rapport i 2006 fast at situasjonen ikkje var blitt betre – det skjedde både fengsling av religiøse leiarar og stenging av gudshus. Men situasjonen har variert frå provins til provins.

Ulike vestlege – og norske – misjonsorganisasjonar har gjennom åra funne gode måtar å arbeida på både inne i Kina og i møte med kinesarar utanfor landegrensene, til dømes på senteret som Tao Fung Shan som Areopagos driv i Hong Kong.  Det er viktig å finna ulike kanalar inn i autoritære og totalitære land. Det er ein viktig lærdom frå tida med Jernteppet.

 Ekstremisme?

Dei nye reguleringane frå 1. februar i år er ei tilstramming av den kinesiske 2005-lova. Lova skal «slå ned på det ulovlege, blokkere for ekstremisme, hindra infiltrering og angripa kriminalitet», heiter det i reguleringa som vart vedteken i fjor haust.

 Kyrkja Golden lampstand blei sprengt fordi ho ifølgje politiet ikkje hadde papira i orden. Kva trussel mot den nasjonale tryggleiken denne kyrkja utgjorde, er ikkje lett  sjå. Ekstremisme-omgrepet er så vidt og breitt som det passar ein moderne diktator. Det er uroa for forsterka press mot kristne.

 Gummisålar

Nett den dagen den reviderte religionslova blei sett ut i livet, gjesta den britiske statsministeren Theresa May Kina. Men ho var oppteken av handel og ikkje menneskerettar. Kina rosa, ifølgje statskontrollerte kinesiske media, ei «pragmatisk» May. Mektige Kina får vestlege land til å dempa kritikken eller rett og slett gå utanom

 Medan Xi Jinping strammar til det totalitære diktaturet, går Vesten på gummisålar. Så mykje for menneskerettar og religionsfridom, 70 år etter at FN vedtok Menneskerettsfråsegna. Det er skamfullt.

 (Dette er ein oppdatert versjon av ein kronikk som først blei publisert i Stavanger Aftenblad 6. mars.)

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere