Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Støtt Kina-kristne under hardt press

Publisert rundt 1 år siden

Kinesiske kristne treng all den støtte og oppmuntring dei kan få, pressa som dei er av eit totalitært regime som meir og meir hardhendt kneblar trusfridommen.

Grip djupt i lommeboka eller bankkontoen under kyrkjeofferet til Bibelselskapet søndag. På Bibeldagen er søkelyset med god grunn retta mot Kina. Millionar av frimodige kristne i det mest folkerike landet i verda treng meir enn nokon gong ei solid handsrekning og forbøn for å stå i det tøffe politiske presset, med både liv og tru. 

Denne søndagen hindrar forresten også corona-viruset kristne i delar av Kina å møtast til gudsteneste, endå eit tema for forbøn både for Kina og dei truande i landet.

Harde maktgrep

Kyrkjene i Kina har dei siste 6-7 åra opplevd eit kraftigare og kraftigare maktgrep frå  kommunistpartiet. Dei offisielt registrerte kyrkjene i Kina – både den katolske kyrkja og den protestantiske Tre sjølv-kyrkja – har under president Xi Jinping vore under hardare og hardare press.

Situasjonen har variert frå provins til provins, verst har det vore i den store Henan-provinsen. Det politiske prosjektet vert kalla «kinesifisering» av religion. Alle trussamfunn vert forsøkt tvinga inn i ei rolle i den kommunistiske samfunnskontrollen.

Nokre kyrkjer, både protestantiske og katolske, er lagde i grus. Prestar er mellom dei arresterte. Nokre kyrkjer er øydelagde. I delar av landet er krossar rivne ned og erstatta med kinesiske flagg. Sosialistiske songar er pressa inn i gudstenester. Hardt prøvde kinesiske kristne har, trass i dette, frimodig teke salmeskatten føre seg så fort dei har fått unna pliktløpa.

Krev støtte til Partiet
Dei siste politiske grepa kom 1. februar. Då vart nye administrative reguleringar innførte for alle religiøse organisasjonar. Magasinet Bitter Winter har offentleggjort ei samla engelsk omsetjing av alle dei 41 reguleringane. 

I artikkel 5 heiter det: «Religiøse organisasjonar må støtta leiarskapen i Det kinesiske kommunistpartiet ...» Dei vert pålagde å vera sjølvberga, altså ikkje ha band til utlandet. Og dei må lydig følgja retningslinene i «kinesifiseringa av religionar i Kina» og byggja på «kjerneverdiane i sosialismen».

I artikkel 17 vert dette utdjupa. Religiøse organisasjonar skal gjera lover, reguleringar og retningsliner frå kommunistpartiet kjende slik at både lekfolk og prestar skal «støtta Det kinesiske kommunistpartiet» og «støtta det sosialistiske systemet...» 

I regelverket er det slått fast ei omfattande plikt til rapportering både av finansar og aktivitetar. For å nemna noko av alt dette som gjer at situasjonen går frå ille til verre i eit land som utviklar seg som eit totalitært diktatur.

Opnare tiår
Etter at den blodige Kulturrevolusjonen vart stogga, vart det nokre tiår med friare vilkår for religion. Dei sameinte bibelselskapa sitt store bibeltrykkeri i Kina, opna tidleg på 90-talet, er eitt døme på det. Den registrerte Tre sjølv-kyrkja er formidlingssentral for biblar, kvar på sin stad. Tre-fire millionar biblar i året frå trykkeriet i Nanjing har vore og er ei vitamininnsprøyting i kyrkjelydane. Her er det kristne som kan sin bibel.

Gjennom åra har også mange uregistrerte kyrkjer uoffisielt fått biblar gjennom dette systemet. Grensene mellom uregistrerte og registrerte har ein del stader ikkje vore altfor skarpe‚ somme stader har kristne gått begge stader.

Dei uregistrerte kyrkjene, medrekna dei mange huskyrkjene, har prinsipielt ikkje vilja leggja seg inn under Det kinesiske kommunistpartiet sitt kontrollsystem ved å søkja registrering. Ein del  har til og med halde seg heilt unna samarbeid også med dei registrerte kyrkjene og skaffa seg biblar frå illegale trykkeri.

Tvang eller kroken på døra
Når det totalitære partipresset og det harde maktgrepet på nytt kom med full tyngde under president Xi Jinping, forstår vi godt kvifor dei uregistrerte kyrkjene er nettopp det. Men også dei er no utsette for makta i Beijing. Kommunistpartiet har som mål å tvinga dei uregistrerte til å søkja registrering og gje etter for kontroll. Eller å få politiet på døra og bli stengde.

For å visa musklar – og senda signal – har regimet stengt mellom anna fire store og kjende, uregistrerte kyrkjer i store byar. To av dei låg ope til i Beijing og ei i Guangzhou. I Chengdu blei kyrkja Early Rain før jul i 2018 utsett for ein massiv politirazzia. Kyrkja blei stengt. Pastor Wang Yi blei i desember 2019 dømt til 9 års fengsel. Ein annan leiar fekk fire års fengsel nokre dagar før.

Total kontroll

Kampen for kontroll med all religion går for Det kinesiske kommunistpartiet hand i hand både med overgrep mot Falun Gong og fengsling av menneskerettsaktivistar. Og den går hand i hand med brutal og hardhendt makt for å kontrollera etniske minoritetar. Brutaliteten mot uirgur-folket i Xinjiang er det mest slåande. Dei fleste uigurar er muslimar, men det finst også nokre kristne. Trusfridommen til både muslimar og kristne i leirane vert også knebla. Moskear vert knuste.

Vi er glad for at Noreg saman med andre land i FN legg tydeleg press på Kina i protest mot brutaliteten i Xinjiang, der over ein million menneske er sperra inne i leirar under eit dekke av kamp mot ekstremisme.

Kneblinga av trusfridommen og andre menneskerettar har i mindre grad kome fram i det store nyhendebiletet. Her trengst det også protest.

På Bibeldagen kan i alle fall vi gjera vårt til å oppmuntra – og læra frimod av – kinesiske kristne som må kjempa for trua.

FØRST PUBLISERT I DAGEN 7.2.2020

Gå til innlegget

Krigersk maktspel rammar iranske kristne

Publisert rundt 1 år siden

Iranske konvertittkristne som regimet stemplar som «agentar» og trugsmål mot «den nasjonale tryggleiken», kan kanskje få det endå tøffare etter krigersk maktspel.

Skrive saman med Ed Brown, generalsekretær i Stefanusalliansen. Publisert i Vårt Land 10.1.2020.


 Vi som kjempar for dei religiøse minoritetane, er djupt urolege. Trusminoritetane kjem ofte i klemme når dei mektige dreg sverda sine. Vi har med frykt følgt eskaleringa mellom USA og Iran. Kor dramatiske ringverknadene blir, veit vi enno ikkje. Iran trekkjer diverre i mange blodige trådar, og USA er tungt involvert i fleire land. 

Kristne fangar i Iran
I skuggen av dramaet er mange iranske kristne på veg til rettssalar og fengsel. Dette er anten menneske som har konvertert frå islamsk bakgrunn, eller dei er kristne frå historiske, etniske kyrkjer. Mange frå desse kyrkjene, som kan praktisera trua si på sine eigne etniske morsmål, har starta arbeid blant dei svært mange farsi-talande konvertittane som har kome til kyrkjer eller husgrupper etter den islamske revolusjonen i 1979.

Pastor-son fengsla
Her er nokre av dei som vert bura inne no. 7. januar måtte Ramiel Bet-Tamraz møta i Evin-fengselet i Teheran. Han skal sona dei siste tre månadane av ei straff for arbeidet sitt blant kristne med islamsk bakgrunn. Ramiel er sjølv assyrisk kristen – han er difor godkjend kristen, men andrerangs borgar. Bråk blei det då han starta arbeid blant konvertittar.

Ramiel Bet-Tamraz vart arrestert i 2016 saman med to konvertittar som har fått lange fengselsstraffer. Foreldra hans, pastorparet Victor Bet-Tamraz og Shamiram Issava, er dømde til ti og fem år i fengsel. Ankesakene er utsette mange gonger i ein utmattande prosess, kanskje kjem dei opp i april. Shamiram sitt arbeid i huskyrkjer er av regimet stempla som trussel mot «den nasjonale tryggleiken». Etter at ho deltok på eit seminar utanlands, vart ho dessutan dømt for «spionasje». Victor har fått ti år for illegalt arbeid.

Tre konvertitt-kristne vart like før jul henta av politiet for å starta soninga av seks månaders fengsel. Dei vart dømde for «propaganda mot systemet gjennom å spreia sionistisk kristendom». Den uglesette minoriteten bahai er forresten under nett det same presset som dei konvertitt-kristne.

Trusfridom og dronedrap
Den amerikanske utanriksministeren Mike Pompeo har gjort kampen for trusfridom til ei fanesak, mellom anna med årlege toppmøte i Washington. Det kan vera løfterikt. Men på den andre sida pressa den same Pompeo, ifølgje medierapportar, hardt på for den halslause gjerninga å ta livet av den iranske generalen Qasim Suleimani. USA- kampen for trusfridom kan raskt bli oppfatta som ei anna side av ein haukete, krigersk posisjon.

Like før jul appellerte USAs ambassadør for trusfridom, Sam Brownback, regimet i Iran om å la dei kristne feira jul. Men sidan høgtida vart avrunda med eit dronedrap, kan vi frykta at slike appellar er bortkasta. 

Konvertittane i Iran er verken agentar eller spionar. Men militær aggresjon hjelper dei ikkje. Kanskje får dei konvertitt-kristne endå tøffare kår når prestestyret mobiliserer for å overleva. Presset mot dei kristne er over tid skjerpa. Straffene er blitt lengre – no er det stadig både ti og 15 år lange straffer for dei som vert bura inne. Mange andre vert pressa ut av landet.

Altfor mange kristne i Midtausten har fått smaka baksida av vestleg aggresjon, fordi kristendom blir stempla som ei farleg vestleg kraft. 

Krigersk maktspel er heller ikkje til hjelp for dei store skarane av unge iranske demonstrantar som frå i haust har teke til gatene i protest mot vanstyret. Med brutal vald har regimet slått til mot desse demonstrasjonane. Den irakiske regjeringa har, støtta av Iran, slått ned på sine unge demonstrantar, som også har reist seg mot Irans farlege involvering der.

Iransk protest
Når dramaet mellom USA og Iran ein dag legg seg, vil kanskje dei som har protestert mot det iranske regimet, framleis tenkja at «den islamske revolusjonen» har kasta bort store ressursar på militsar og aggresjon i andre land, framfor å byggja landet. Eller vil protestane no bli knuste og demonstrantane bli stempla som støttespelarar for Irans fiendar?

Vi som trur på trusfridom og like borgarrettar for alle i Midtausten, ber for dei iranske konvertittane. Vi ber også om at dei unge fredskreftene kan få plass i gatene igjen, utan å bli meia ned i Iran eller av iransk-støtta styrkar i Irak. Vi håpar også at USA innser at dronedrap kan sparka beina under kampen for trusfridom og rettane til dei truga minoritetane elles i Midtausten – og appellane for dei kristne i Iran.

Gå til innlegget

Brutalt diktatur letter på trykket

Publisert rundt 1 år siden

Den stille revolusjonen som opnar Usbekistan, eit av dei verste diktatura i verda, er påfallande og løfterik. Men varer den?

Ballongane hang framleis rundt inngangsdøra i eit lite forsamlingslokale i Samarkand, den vakre byen frå Silkevegen. Søndagen før eg kom, hadde den evangeliske kyrkjelyden hatt opningsgudsteneste. Det var fullt inne og benka til meir enn halvparten av dei frammøtte ute.

Eitt år tidlegare hadde kyrkja ikkje hatt noko von om å bli offentleg registrert. Men 30. september i år kom brevet. No kan dei halda gustenester i kyrkjebygget sitt – og slutta med ulovlege og risikable husmøte.

Ny interesse for religion
Religion fekk ei forsterka rolle etter Sovjetunionens kollaps i 1991. I dei første åra etter at Usbekistan vart sjølvstendig, kom det kristne misjonærar. Den russiske folkegruppa kunne halda gustenester på russisk. Etterkomararar etter koreanarane som Stalin deporterte hit for kring 90 år sidan, kunne utøva kristentrua. Så sant dei ikkje gjorde det på usbekisk og ikkje delte trua med muslimar. Det å vera usbek er det same som å vera muslim – moderat muslim. Fleire kristne pastorar vart fengsla. Om denne tida fortel pastor Daniel i dette intervjuet: «Då han vart kristen, bestilte mora hans time til han hos psykiater».

Også islam fekk ei oppblomstring. Men i møte med radikal islam og nokre terroraksjonar fekk regimet panikk. Religionslova vart hardt stramma til i 1998. Brota på menneskerettar møtte liten utanlandsk kritikk, særleg etter at USA fekk leiga militærbasar til krigen i Afghanistan, Usbekistans naboland i sør etter 11. september 2001. President George W. Bush hadde stor forståing for Usbekistans kamp mot islamsk ekstremisme.

Hardt diktatur
President Islom Karimov gjorde landet til eit jernhardt diktatur. Dei mest frykta opposisjonelle vart brende levande. I 2005 svarte tryggingsstyrkane i byen Andijan på ein folkeleg protest mot korrupsjon og vanstyre med ein massakre som kan ha kosta innpå 1000 livet.

Karimov svarte på den utanlandske kritikken som då kom, med å kasta ut utlendingar og stramma til endå meir. Politirazziaer, bøtelegging og fengsling ramma evangeliske kyrkjer. Men verst var det uansett for muslimske «ekstremistar» som vart fengsla i stor skala.

Erik Fatland gav i boka «Sovjetistan» frå 2014 ei glitrande skildring av Usbekistan som eitt av verdas verste diktatur. Ho spurte kva som ville skje den dagen det var slutt for Karimov. Hausten 2016 døydde han. Då kom svaret.

Fest i kyrkje
Etterfølgjaren Sjavkat Mirzijajev har teke Usbekistan nokre steg i positiv lei, ikkje minst samanlikna med nabolanda i Sentral-Asia som strammar grepet. Dette fekk eg koma tett på då eg i haust gjesta landet. Midt under planlegginga fjerna Usbekistan visumplikta for kring 60 land, Noreg inkludert. Landet vil ha turistar og investeringar.

Det var stort å gjesta den evangeliske kyrkja i Samarkand. Ei handfull andre kyrkjer har også fått registrering. Regimet godtek uformelt også at kristen forkynning vert tolka til usbekisk, og politiet har i alle fall teke pause i razziaer mot dei som framleis har samlingar i heimane. Regimet har sett fri mange muslimar som sona lange dommar. Tiltalte har fått bøter eller utsette dommar i staden for fengselsstraff. Bøneropa lyder frå nye moskear.

I mai i fjor vedtok parlamentet eit vegkart for å letta kåra for trusfridommen. Parlamentet lovde å endra den strenge religionslova frå 1998. Men lova er ikkje endra. Det er framleis ulovleg å ha religiøse samlingar i heimar, og det er mange hindringar for å registrera trussamfunn – fleire er nekta. Dei lokale Mahalla-styra har mange stader i praksis vetorett. Sensuren av religiøs litteratur varer. Staten kontrollerer kven som kan dra til Mekka.

Tortur
Den muslimske samvitsfangen Khayrullo Tursunov blei torturert i seks timar i april, fortel nyhendetenesta Forum18. Politifolk frå avdelinga for kamp mot ekstremisme og terrorisme gjennomførte razzia under ei baptistgudsteneste i Urgench i september. Pastor Stanislav Kim vart truga med utkasting. Baptistane – som ikkje vil søkja registrering, av frykt for statleg kontroll – er under hardt press.

Kva skjer vidare? USA har lovd investeringar dersom Usbekistan også lettar situasjonen for protestantiske kristne. I ein by hadde ein pastor eg snakka med, hatt møte både lokale styresmakter og med utsendingar frå Trump. Difor hadde han god von om å få registrert kyrkjebygget.

Håp – og uvisse
USA har i årevis hatt Usbekistan på versting-lista over land som bryt trusfridommen og andre menneskerettar. Men både i fjor og i år vart Usbekistan invitert til det store toppmøtet i Washington om trusfridom. Landet vart flytta ned i ein kategori som ikkje risikerer sanksjonar. Det siste var United States Commission on International Religious Freedom i sin siste årsrapport usamd i.

Då Trump i sommar la fram sin strategi for å kjempa for trusfridom, la han vekt på næringslivet si rolle. Kanskje er Usbekistan eit døme.

Nokre av dei evangelisk kristne leiarane eg møtte under ei reise til Usbekistan før jul, har stort håp for framtida. Andre fryktar at dei positive trekka mest er pynt for å sikra USA-investeringar.

Etter så mange år med razziaer i pastorheimar er det ikkje rart at ikkje alle er sikre på at trykket har letta for godt. Men vi får håpa og be om og kjempa for at Usbekistan held fram på ein lang veg frå brutalt diktatur til eit meir ope og fritt samfunn. 

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 6.1.2020

Gå til innlegget

På tide å snakka sant om folkemord

Publisert over 1 år siden

Det er på høg tid at Norge trør ut av gummisålane sine og erkjenner at armenarane og andre kristne for vel 100 år sidan vart utsette for folkemord i det som i dag er Tyrkia.

Det er godt dokumentert kva som hende med dei kristne folkegruppene i det osmanske riket. Men Tyrkia har i fleire tiår truga sine allierte til å vera tause om at det var folkemord.

Kongressen

Det er difor viktig at den amerikanske kongressen med overveldande fleirtal har erkjent at armenarane blei utsette for folkemord. Så får vi håpa at president Trump, som har vore unnfallande i møte med president Erdogans syriske krig, set vedtaket i verk. Erdogans raseri bør ikkje skremma oss.

I Vårt Land den 1. november spør Erling Rimehaug om det er av omsyn til NATO eller til oljeverksemda vår i Aserbajdsjan, Armenias nabo og hovudfiende, Noreg ikkje vågar å godta at det var folkemord. Det treff spikaren.

Under dekke av krig

Heile det austlege Tyrkia blei i praksis tømt for armenarar og assyriske kristne i åra frå 1915. Systematiske avrettingar, blodig deportering, dødskvadronar, flukt og iscenesett svolt var grufulle verkemiddel. Store landområde blei med makt overtekne av herskarane.

Tyrkia hevdar at det var krig der folk på alle sider døydde. Men nesten alle folkemord blir gjennomførte under dekke av krig. «Jødeproblemet» blei, som vi veit, også freista løyst ein gong for alle under dekke av krig, to-tre tiår etter folkemordet på armenarane.

Klort seg fast

Det er moskear og minaretar som dominerer horisonten i dei tyrkiske byane. Kyrkjespir er sjeldan å sjå. Men langt aust og sør i Tyrkia er det eit unntak. I ei bratt fjellskråning ligg byen Mardin med fleire kyrkjespir side om sida ved minaretane.

Vi i Stefanusalliansen prøver i dag å støtta dei 2-3000 syrisk-ortodokse kristne som har klort seg fast. For 100 år sidan var det fleire hundre tusen  kristne i området Tur Abdin. Minnet er sterkt hos desse om folkemordet og overgrep både før og etter.

Desse få kristne veit også alt om korleis det er å vera i hjelpelaus klemme mellom tyrkiske og kurdiske styrkar. Den klemma er no kristne nordaust i Syria igjen i etter at Tyrkia invaderte området for å fjerna kurdarane. Kristne søraust i Tyrkia følgjer dramaet i Syria med vake blikk og vonde minne.

Flaut av Noreg

I møte med dagens vesle kristne minoritet søraust i Tyrkia er det rett ut sagt flaut å tenkja på at Noreg ikkje vågar å tala sant om dei bestialske og systematiske brotsverka for 100 år sidan. Ved å nekta å erkjenna at det var folkemord, hjelper Noreg i praksis Tyrkia i det systematiske arbeidet for å dekkja til det som hende. I Tyrkia er det straffbart å bruka ordet folkemord. Når overgriparane – og deira etterfølgjarar – ikkje erkjenner ansvaret, blir folkemordet verkeleg vellukka, påpeikar Bård Larsen: Først fysisk utsletting, så fornekting.

Bortforklaring

Vel 20 land har erkjent folkemordet. Noreg har vike unna og sagt at dette må overlastast til historikarane. Og, heiter det i norsk diplomatisk bortforklaringskunst: Sidan omgrepet folkemord først vart nedfelt i FNs folkemordkonvensjon av 1948, er det «prinsipielt problematisk å anvende begrepet om hendelser som fant sted før konvensjonen ble vedtatt».

Etter denne merkelege logikken, kan heller ikkje holocaust reknast som folkemord. Men omgrepet folkemord vart utvikla under rettsprosessen mot nazi-toppane i Nürnberg. FN-konvensjonen følgde opp for å setja folkerettslege ord på bestialitet som alt hadde hendt.

Norges holdning er basert på pinlege bortforklaringar.

Gå til innlegget

Når muslimar får nok av islam

Publisert over 1 år siden

Mange muslimar har fått nok av islam på grunn av bestialsk IS-terror. Kva gjer kyrkjene når desse vender seg til kristen tru? Viser dei fram i triumf?

Etter dei grufulle IS-brotsverka skjer noko som lenge har vore utenkjeleg i Midtausten der det er farleg, mange stader livsfarleg, å forlata islam. Menneske med muslimsk bakgrunn søkjer kristen tru. Andre blir ateistar. I Libanons hovudstad Beirut har flyktningar frå IS-terror og krigi Syria oppsøkt kyrkjer i hopetal. Hundrevis har konvertert.

Traumet

Mange muslimar tok av frykt eller overtyding parti med IS. Men storparten av flyktningane frå den sunni-muslimske IS-terroren er sunni-muslimar. Uventa mange orkar ikkje meir av islam etter alt som er gjort i islams namn. Sjølve har dei mista alt dei hadde.

Flyktningane har opplevd djupe traume og eksistensielle kriser. Eitt døme er ein familie på fire som for tre-fire år sidan kom seg frå Syria til Beirut og der til baptistkyrkja Resurrection Church (Oppstode-kyrkja), ei kyrkje vi i Stefanusalliansen samarbeider med. Familiefaren kunne fortelja at sønene på åtte og ti hadde sett menneske bli halshogde og kasta ned frå ein veranda. Den eldste tok traumet ut ved å bruka kniv på veslebroren. «Eg berre leika», sa storebroren då faren sette seg ned med han etter at det hadde gått bra med yngstemann på sjukehuset.

Fiendebiletet
Mange i Libanon er så trøytte av flyktningar at dei krev at syrarane snarast må dra tilbake dit dei kom frå. Men mange kyrkjer har derimot opna dørene på vidt gap med humanitær hjelp. Det har dei gjort utan krav til konvertering eller aktivitet. Flyktningane har ofte vendt ryggen til islam før dei kjem til ei kyrkje for å få humanitær hjelp. Fellesskap og omsorg i kyrkjene gjer så kristentrua attraktiv.

Teologen Martin Accad underviser kristne studentar – også konvertittar – frå Midtausten og Nord-Afrika ved Arab Baptist Theological Seminary i Beirut. At konvertittane kontant avviser islam, er eit faktum. Accad forstår også kristne studentar sin sterke skepsis mot islam etter at kristne i hundrevis av år har vore andrerangs borgarar og opplevd bølgjer av terror og vald.

Men kristne må ikkje overta det biletet konvertittane har av islam, meiner Accad som nettopp har publisert ei bok som tek oppgjer med mytar mellom kristendommen og islam. Kristendommen – som historisk institusjon – har sjølv i historiske epokar vald på samvitet, minner Accad om. Fiendebilete er dessutan elendig misjonsstrategi for menneske som ikkje treng argument, men som lengtar etter nye fellesskap.

Accad ber teologane gå i dialog om dei spørsmåla som skil muslimar og kristne, for å skapa fred og sameksistens mellom truande. Så ber han kristne om å vera medvandrarar for konvertittar.


Fiendebilete er elendig misjonsstrategi for menneske som ikkje treng argument, men som lengtar etter nye fellesskap.


Freistinga
Det er ikkje minst lett for kristne å falla for freistinga og bruka dei mange nye truande som soldatar i «den kosmiske krigen» mellom islam og kristendommen. Men der har dei ingenting å gjera. Martin Accadhar sett mange konvertittar få lokal pastorhjelp til å reisa til «kristne vener i Vesten», for å vera trygge. Ivrige amerikanske pastorar har feira konvertittane – som straks, jamvel utan opplæring, er blitt sende frå plattform til plattform for å vitna om reisa frå «islams mørke» til kristent lys.

Konvertittane blei kanskje trygge. Men mange har mista trua i kultursjokket i Vesten. Risikoen er også stor for at dei blir ståande utan sterke fellesskap – ein ny familie – som dei er heilt avhengige av.

Forsoninga
Accad vil at konvertittane skal bli i Midtausten. Arab Baptist Theological Seminaryvil hjelpa nye truande til meir innsikt i den kristne trua, og til å forsona seg med familien som dei har brote med. Konvertittar fortel gjerne at dei er forfølgde av familien. Accad seier at han utfordrar konvertittar til å be familien om orsaking – ikkje for den nye trua, men for den respektlause måten dei gjekk fram på dei fortalde om kristentrua.

Dei nye truande med muslimsk bakgrunn må, seier han, få hjelp til å visa kva eit liv i Kristus verkeleg er. For konvertittane inneber den nye trua kjærleik, fred og evne til å tilgje. Familien ser derimot føre seg at kristne er støttespelarar for vestleg politikk, at dei drikk alkohol og lever eit utsvevande liv. Det er ikkje berre viktige teologiske skilje som står mellom muslimar og kristne.

Velsigninga for Midtausten
 «Vi må hjelpa dei nye truande til å leva på ein slik måte at dei blir ein attraktiv modell for andre. Vi må unngå at dei automatisk blir oppfatta som forrædarar, som ein trussel. Dei må visa at dei er ei velsigning for samfunnet», sa Accad då han nyss gjesta Oslo for å snakka om korleis kyrkjer kan ta imot nye truande med muslimsk bakgrunn.


Bølgja av konvertittar frå islam kan vera med på å endra Midtausten.


Bølgja av konvertittar frå islam kan vera med på å endra Midtausten. Dei historiske kyrkjene er blitt svekka – tappa for folk som har utvandra eller flykta. Desse kyrkjene er på si side ofte svært skeptiske til konvertittar fordi dei – med rette – fryktar problem med politiet dersom konvertittane kjem til gudstenestene deira.

Skal konvertittane endra Midtausten, må dei – så sant råd – bli verande der. Det er både ei viktig og krevjande utfordring for kyrkjene i Midtausten og for alle som no må tenkja nytt om misjon i muslimske land.


Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere