Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Eg er livredd for kva som skjer med uigurar i fangeleirar og med menneskerettsaktivistar, prester og pastorar i kinesiske fengsel under koronaen.

Vesten har heia på Kina i kampen mot korona. Vi får takka for det positive og gleda oss over at livet i ei rad kinesiske storbyar no vert lettare å leva.

Men dette er ikkje tida for å gløyma at Kina er eit brutalt diktatur. Det har ikkje gått i karantene.

Vi får vita det som Kina vil vi skal vita. Sensuren har ikkje teke virusferie.

Eg er livredd for kva som skjer med forfølgde minoritetar. I den nordvestlege Xinjiang-provinsen sit mellom ein og tre millionar uigurar og andre minoritetar sperra inn i brutale «omskoleringsleirarar».

Overgrepa er massive
Helseforholda i dei overfylte leirane er elendige, og tilgangen på medisinsk behandling svært dårleg. Smittsame sjukdomar spreier seg lett. Kva skjer dersom koronaviruset spreier seg? Eksil-uigurar har ropt varsku til Verdas helseorganisasjon, men Kina kallar dette «rykte» som er eigna til å «baktala kinesisk politikk».

Men dei grove overgrepa er Xinjiang er så grundig dokumenterte at vi ikkje kan slutta å bry oss, sjølv om vi har hendene fulle med vår eiga krise. Det er ikkje tid for å stryka diktatur med håret.

Tvangsarbeid med smittemasker
Trusfridomsmagasinet Bitter Winter kjem også med rapportar om at unge uigurar som bur utanfor leirane i Xinjiang, er blitt tvangssende med ansiktsmasker til andre delar av Kina for å arbeida på fabrikkar som han-kinesarar ikkje kan arbeida i. Dei er sende heim for å unngå smitte. Slik brukar det kinesiske regimet  ei forfølgd folkegruppe for å halda hjula i gang under pandemien. – Pengar betyr meir enn liva til desse, seier tyrkisk skribent.

Kinesiske fengsel er fulle av arresterte medlemmer av forbodne religiøse organisasjonar som Falun Gong, veldokumentert i fersk rapport frå trusfridomsorganisasjonen CSW. 

Menneskerettsaktivistar, pastorar og prestar er også fengsla. I starten vart hundrevis av virustilfelle oppdaga i kinesiske fengsel, og viruset spreidde seg også frå enkelte fengsel. Nokre tenestemenn fekk sparken. Kina sjølv fortel no at dei har kontroll.

Kristen pastor i fengsel
Men vi veit ikkje korleis det går med politiske fangar og samvitsfangar – medrekna dei religiøse fangane. Pastor Wang Yii den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu vart dømt til ni års fengsel i desember. Han vart dømt for å truga «den nasjonale tryggleiken». Pastoren er ein av mange fangar som garantert ikkje vert sleppte ut for å redusera smittefaren i kinesiske fengsel. Korleis går det med han?

Eg kjenner også på ei djup redsle for korleis Kina vil byggja det massive overvakingssamfunnet ytterlegare ut etter pandemien. No kan det også brukast til å overvaka virus. Der slepp regimet retningsliner frå datatilsyn og heftig offentleg debatt om krisefullmakter. Eit diktatur lever i konstant «unntakstilstand».

Angrep på uregistrerte kyrkjer
Sjølv under pandemien held regimet fram med undertrykking av religion. Bitter Winter rapporterer frå Jilin-provinsen om nye tiltak for å etterforska uregistrerte kyrkjer.

Eg fryktar eit endå hardare diktatur etter pandemien. Det kan vi ikkje snu ryggen til fordi Kina fekk kontroll i Wuhan og fordi vi, av gode grunnar i første runde, enda opp som pandemisk nærsynte.

LITT UTVIDA UTGÅVE AV INNLEGG I KLASSEKAMPEN 2. APRIL 2020

Gå til innlegget

Det er fort gjort å bli så opptekne av korleis vi skal halda ut livet på heimekontoret at vi ikkje ofrar samvitsfangane i overfylte, smittefarlege iranske fengsel ein einaste tanke.

Det var den dagen krisa slo inn over oss, den dagen parolen ikkje lenger berre var handvask, den dagen viktige delar av samfunnet vart stengt. Folk fekk endå verre ting å frykta enn at dei vart jaga heim frå hyttene. Klarar helsevesenet denne krisa? Har vi eit arbeidsliv og eit kulturliv å gå til etter viruset?

 Det var dagen for å bli positivt nærsynt – på ein ny måte: Vi skal bry oss ved å halda avstand, for livet og helsa til naboar, familie og kollegaer si skuld. Og folk bryr seg. Facebook er fullt av dugnadsånd.

 

Etter unntakstilstanden
Men korleis skal vi bry oss, etter unntakstilstanden? Det handlar ikkje berre om når vi får lov til å ta på folk igjen. I Syria og Irak sit folk framleis i flyktningleirar der viruset kan få «fritt leide» om det slepp laus. Irak har stengt ned viktige delar av samfunnslivet. Inn på Ninive-sletta der nokre tusen kristne som vart jaga av IS, har prøvd å byggja oppatt eit liv av ruinar, slepp no knapt nokon.

 

Korrupsjon og heltar
Libanon stengde skulane fleire veker før vi gjorde det. Koronaviruset lammar viktige delar av eit land der økonomien alt var på felgen. Halvannan millionar syriske flyktningar sit i tronge husvære i byane eller i kummerlege telt utanfor og kjenner på presset om å dra tilbake dit dei kom frå.

 Viruset slo i Libanon til etter at store folkemengder i månader hadde teke til gatene for å protestera mot korrupte politikarar som deler makta etter kva religiøst samfunn dei høyrer til, utan å bry seg om folket dei skal tena.

 

Egoisme og arroganse
Eg fekk eit naudrop frå ein prest som har støtta demonstrantane. Fadi Daou refsar politikarane som nærsynt kjempar for seg og sine. Han hyllar dei heltemodige helsearbeidarane som kjempar for liv og helse for andre. 

 Stefanusalliansen støttar arbeidet Daou driv for å kjempa for trusfridom og like borgarrettar for alle i fleire land i Midtausten. «Egoisme og arroganse er vegen til undergang», åtvarar Fadi Daou. Adressa hans er den politiske leiarskapen i Libanon. Men også vi bør lytta.

 

Dei som alltid er sist i køen
Det er ikkje sikkert at verda slik vi kjende den før koronaviruset, nokon gong kjem tilbake. Vi veit ikkje kor lenge virusfrykta sit i – og kor lang tid det tek før vi i Vesten har fått vaksine. Vaksinen kjem først til oss.

 Det vi alltid veit, er at grupper som er undertrykte til vanleg, som urfolk og etniske mindretal, vert ekstra ramma i alle kriser. Dei er alltid sist i rekkja av dei som får hjelp. Religiøse minoritetar er også utsette for denne brutale mekanismen. Vi må leita etter rom for å bry oss – over grenser og banksystem som no er stengde.

 

Kinas bruk av makt

Norske kyrkjer har avlyst gudstenester, prøvd seg fram på internett og kasta seg over telefonen for å trøysta dei redde. Dette har kinesiske kristne gjort i fleire veker. Kyrkjer i Wuhan, det kinesiske episenteret for viruset, har kjempa seg fram medan millionar av menneske har vore heilt innestengde. Prestar og pastorar har prøvd å halda kontakt med einsame menneske som kan ha hatt god grunn for panikk med virusfaren utanfor døra.

 Vi har heia på Kina som hardhendt har slåss mot viruset. Legar og styresmakter i Vest ser med rette etter kva dei kan læra.

 Men så veit vi også at Kina er eit brutalt diktatur, som har tradisjon for ein maktbruk for å sveisa att dørene til folk som bryt portforbodet. Hos oss har det også vore truga med sivilforsvar, politi, bøter og fengsel – fordi det er ein unntakstilstand.

 

Massivt overvakingsapparat
Også i Kina er kampen mot viruset ein unntakstilstand. Men der er ikkje viljen til brutal makt nokon unntakstilstand, men dagleg politikk. Etter portforbodet vil kristne koma ut igjen til eit samfunn som vil vera endå meir overvaka enn i dag.

 Regimet har bygt opp eit massivt overvakingsapparat, med kamera og ansiktsgjenkjenning. No kan kampen mot korona gje Xi Jinping eit ekstra påskot for meir overvaking både av menneske og virus. Vil eg bry meg?

Dei truande i Kina har lenge vore under press frå eit regime som vil undertrykkja all religion. Det er ingen grunn til å tru at forfølginga blir mindre. Vår skrekkslagne fascinasjon for hardhendt kinesisk kamp mot korona må ikkje få oss til å gløyma dei mange offera for det harde kinesiske diktaturet.

 

Livet på heimekontoret

Vi er plikta til å kjenna etter om vi kan vera sjuke og gjera alt vi maktar for å verna dei sårbare mot smitte, for livet deira står på spel.

Men det er også fort gjort å bli så opptekne av korleis vi skal halda ut livet på heimekontoret at vi ikkje ofrar samvitsfangane i overfylte, smittefarlege iranske fengsel ein einaste tanke. Dødstala i Iran stig. Over 80 000 fangar er sleppe fri mellombels for å hindra dei overfylte fengsla i å bli smittehol. Men samvetsfangane  med lange dommar slepp ikke ut.


Angrep på kyrkjer i Sudan
Akkurat medan eg skriv kjem dystre rapportar – om nye angrep på kyrkjer i Sudan og fleire målretta angrep på kyrkjeleiarar og familiane deira i Nigeria. Vi som har helse og arbeid har eit ansvar for også å følgja med på kva som skjer utanfor den mørke skuggen som koronaviruset legg over liva våre.

Gå til innlegget

Forsøka på å gjera norske gudstenester digitale, varierte frå reine fiaskoar til brukbart og godt, viser dei gudstenestene eg var innom søndag føremiddag. Korona-isolerte kinesiske kristne har prøvd dette i fleire veker.

Det var fleire kreative norske forsøk. Eg håpar fleire av dei eg var innom, brukar veka som kjem til å tenkja og trena.

 Og dei kan hugsa at kinesiske kristne i fleire veker har sete isolerte i heimane med alt sitt attverande kyrkjeliv på internett.

Kina: «Spøkelsesby»
Koronaviruset har i Kina ført til isolasjon av millionbyar. På ChinaCource.org, ei verdifull kjelde for kunnskap om kinesisk kristenliv, skriv Daniel Dakota at situasjonen er «uhyggeleg». Namnet hans er eit pseudonym for ein amerikansk kristen som bur i Kina.
Daniel Dakota og familien bur i ein kinesisk gigantby på 26 millionar. «Tenk om du ikkje berre slår av New York City, men dei ni største byane i USA på same tid. Det ville vera uhyggeleg», skriv han utan at vita kva som faktisk kan koma til å skje til dømes i USA.

Den kinesiske regjeringa har lenge bede folk vera heime så mykje som råd og unngå offentlege område. Gatene er nærast folketomme. Folk går, skreiv Dakota for nokre dagar sidan, berre ut for å gjera raske innkjøp av mat eller for å få litt frisk luft. Inn- eller utkøyringskort frå nabolaget er vanleg. Temperaturkontrollar blir stadig meir vanlege i kontorbygg, på tog-, buss og T-bane-stasjonar, i dagligvarebutikkar og andre offentlege stader. Dei fleste offentlege parkar er stengde, i tillegg til mange bedrifter. «Denne megabyen er blitt ein maskert spøkelsesby».

Avlyste gudstenester
Ettersom isolasjonen dreg ut i tid, møter kristne i Kina utfordringar dei aldri har møtt før. Mange gudstenester er for lengst avlyste. For mange pastorar er internett eit nødvendig vonde. Pastorar gjer alt dei kan for å hjelpa kyrkjefolket, sjølv om ingenting kan erstatta direkte kontakt.

Isolert i heimane er det også mange som kjempar mot einsemd og total isolasjon. Kvar dag vaknar alle opp til ei mengde rykte og til stadig ny informasjon om korona-smitten. Menneske som sit åleine, kan oppleva panikk.

Bibelstudium
Mange kyrkjer har flytta gudsteneste og møte til internett. Andre har utvikla nettressursar til forbøn, undervisning og sjelesorg.

Fleire kyrkjer i storbyen Wuhan, det kinesiske episenteret for korona-pandemien, har lagt gudstenester og andre kyrkjetilbod på internett. China Christian Daily fortel om broder Li i ei kyrkje i Wuhan. Han leier eit bibelstudium på ein populær video-app. Hundrevis av kristne følgjer studiet, også mange ikkje-truande. 

Bibelstudiet på nettet starta han i fjor fordi mange funksjonshemma og folk med lange reiseavstandar hadde problem med å koma til kyrkja i storbyen. Broder Li tok pause medan kona var gravid. Men han tok det oppatt då korona-utbrotet kom. Ein eldste frå kyrkja hans leier også bønemøte på nettet, søndagsgudstenestene vert overførde på ein video-app.

Broder Li har blanda kjensler for internett. Han opplever at vranglærande sekter breier seg på den same appen som han brukar til bibelstudium. Li trur modne truande klarar å skilja sunn lære frå vrang, men fryktar at unge lettare kan bli påverka av vranglære på digitale plattformer, som ei sør-koreansk sekt som hevdar at leiaren deira er Jesus som har kome attende til jorda.

Hardt press

Dei kinesiske tiltaka som grip inn i folks fridom og daglegliv, er så harde at det er grunn til å spørja om tiltaka er verre enn sjølve sjukdommen, skriv The New York Times. Kampen mot viruset kjem på toppen av ein intens kampanje for kontroll med religion i Kina, det rammar alle truande og både registrerte og uregistrerte kyrkjer.

Men mange pastorar tenkjer akkurat no mindre på presset frå styresmaktene enn dei gjer på kampen for å tena kyrkjefolk i krise – og på oppheta kyrkjelege diskusjonar om korleis dei skal handtera krisa, påpeikar Daniel Dakota.

Dess lengre folk er isolerte, dess meir oppheta blir debattane. Nokre kyrkjer diskuterer no korleis dei kan feira nattverd. «For dersom vi trass alt kan møtast som kyrkje på nettet, kvifor kan vi ikkje feira nattverd på nettet?» skriv Daniel Dakota om diskusjonen. Slike debattar trugar med å øydeleggje enkelte kyrkjer, skriv han.

Men koronaviruset opnar også dører. Sjølv om det normale livet står stille, har kyrkjene høve til å gjera noko for menneske i naud, slik mange kyrkjer gjorde ved å stilla opp i hjelpearbeidet etter jordskjelvet i Sichuan-provinsen i 2008.

Be for Kina
Det er lett for norske kristne å bli redde – og å få nok med sitt eige i ei krisetid med personlege og globale dimensjonar. Norske kristne bør straks tenkja endå meir kreativt om korleis gudstenesteliv, sjelesorg, diakoni og forbøn kan skje når samfunnslivet delvis blir stengt ned.

Og vi kan be for og finna måtar å støtta dei som lenge har vore under press – både av hardhendt politikk og no av eit aggressivt virus.


Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere