Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Lagring av utkast

Publisert nesten 5 år siden

Eg kastar det over på lista over viktige etterlysingar

Gå til kommentaren

Komisk?

Publisert nesten 5 år siden
Petter Kvinlaug – gå til den siterte teksten.
Det ble litt komisk,

Eg må erkjenne at eg ikkje har eit TISA-innlegg på lista året rundt for kvar einaste screenshot Men over tid er dette svært lite komisk Kvinlaug.

Betre søking er høgst på mi ønskjeliste.

 

Gå til kommentaren

Sorteringssamfunnet

Publisert nesten 5 år siden

 Konkret eksempel: På det nivået jeg mener å angripe anser jeg det ikke som Morkens ansvar at f.eks. mitt innlegg får mindre eksponering visuelt og i tid enn et innlegg som i større grad faller i redaksjonens smak. 

 Men Morken er tvunget til å opptre autoritært diskriminerende (Ekskluderende /inkluderende) fordi forumet er utformet og organisert som det er, som et sorteringssamfunn. Hans etter min formening sure jobb er bare å foreta den sorteringen han er betalt for å utføre og som han må gjøre slik forumet er utformet.  Og der regner jeg med at han har noen retningslinjer å forholde seg til og er forpliktet til å følge og ikke bare kan velge og vrake etter sin egen personlige smak og behag. Om mange digger hans valg eller ikke har ingenting med saken  å gjøre.

Dette er altså Vårt Lands debattforum, ikkje ei  samling bloggar. Ei avis redigerer. Noko blir løfta, Slagsvold har også fått innlegg løfta som lesetips. Det er i utgangspunktet medias plikt å redigere. Så får Slagsvold dele ut karakteristikkar som han ønskjer det. Dersom han meiner eg ikkje skal redigere, blir alt like viktig og like synleg. Den posisjonen vil ikkje eg innta. Så blir det eit redaksjonelt skjønn i mellom, prega av sterkt avgrensa tid, men slett ikkje styrt av reindyrking av ein einaste ideologisk ståstad.

Medan de ventar på ei lengre liste med Siste innlegg og Siste kommentarer, som også eg ventar på: Bruk knappen Alle debatter oppe til venstre.

 

Gå til kommentaren

Eit svar om Lesernes anbefaling

Publisert nesten 5 år siden
Et spørsmål til Morken som kan avklare noe av dette: vi hadde inntil ganske nylig en rangeringsliste her inne som het «Lesernes anbefalinger» Jeg har lært at den sikreste måten å beskytte meg mot at folk lyver for meg på er å unngå å spørre dem om noe. Jeg bryter dette prinsippet hvis jeg spør Morken: Hvorfor forsvant denne listen? Hvem foreslo først forandringen og hvem har ansvaret for å iverksette den? Det står selvsagt Morken fritt om han vil svare.

Innimellom hovudansvaret for å fullredigere 25 sider ved avisdebatt prøver eg både å moderere nettdebatten og gje innspel til utvikling - og svare på spørsmål:

«Lesernes anbefaling»: Det stemmer at vi hadde det. I starten var det berre innlogga som kunne rangere. Det blei ei svært tilfeldig liste. Så utvida vi til å innlemme andre måtar å bidra med, mellom anna via sosiale media - deretter endra Facebook sine algoritmar. Tilbake stod vi med ei like tilfeldig liste der 7-8 likes var nok til å toppe.

Å lage ei ny liste med kriterier somn blir meiningsfulle, er eitt av ønskjemåla i ei verd der alt skal utførast før det blir lagt ut. Det ligg heilt andre enn ein slags konspiratorisk mørke grunnar til at dette ikkje er på plass. Eg noterer ønskjet, men skriv ikkje under på analysen.

 

 

Gå til kommentaren

Dårleg oppdatert

Publisert nesten 5 år siden
Petter Kvinlaug – gå til den siterte teksten.
Jeg lurer på hvor lang tid Hårstad har igjen.......

Skulle gjerne sett at Kvinlaug følgde litt betre med. Eg framhevar mange innlegg som ikkje er kyrkjelege. Idrett, Midtausten, TISA, klima, bistand, valget i USA - for å ta nokre stikkord som datt rett ut av hendene mine. Men som Kvinlaug av ein eller anna grunn må ha oversett.

Eg ser også mange innlegg som handlar om ulike tema og som er for dårleg bygde opp eller for dårleg begrunna til å forsvare lesetips.

Og så eit underleg spørsmål, til slutt, teke frå den lause lufta: Heilt generelt: Her får folk vere så lenge dei vil - så sant dei held seg til retningslinjene.

 

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere