Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Til opplysning

Publisert nesten 5 år siden

Mi rolle som debattredaktør går mot slutten. Eg er framleis debattredaktør ut året. Mi rolle er å publisere og moderere. Eg svarar ikkje lengre på spørsmål om utviklinga av verdidebatt.no. Alle spørsmål til tekniske løysingar og funksjonar blir besvart av andre - med Alf Gjøsund i spissen.

Takk for meg i den rolla.

Gå til kommentaren

Den SANNE fremstilling

Publisert nesten 5 år siden

for nokre tiår sidan var dei store avisene knytte til parti. Dei fleste har sett lausrivinga som eit framsteg. No ser vi teikn på at partia ønskjer seg tilbake til partipressa.

Er politikarane sin eigenpresentasjon den SANNE versjonen? Vi som brukar lese pressemeldingar om statsbudsjett frå statsrådar, blir slått av at det ikkje finst kutt i budsjetta, berre påplussingar og nye gode. Dei einaste kutta som blir nemnde er skattekutta.

 

Gå til kommentaren

Svar til Holt.

Publisert nesten 5 år siden

Holt skriv at eit debattforum må vere ope for alt unntatt rein personforfølgelse og grums i dårleg språk. Det er feil. Dette tyder på at Holt ikkje har teke seg tid til å lese retningslinene for verdidebatt.no særleg grundig. 

Slike postulat sett ut i praksis bidreg til eit dårlegare  debattklima enn nødvendig.  Retningslinene  våre krev mellom anna at folk skal sjekke fakta og ikkje generalisere grupper til dømes. Poenget med eit debattforum er ikkje å skyte frå hofta og halde ein kvass tone for debattens skuld. 

Ein av mine metoder i moderering har vore å snakke med folk, både andlet til andlet i nokre tilfelle og oftare pr telefon. Eg har teke telefon til mellom andre Holt for å forklare akkurat dette.

Det er viktig i ein debatt å ta seg tid til å lese ein motparts argument. Og så svare etterpå. 

Gå til kommentaren

Det er lov å sortere

Publisert nesten 5 år siden

Eg får gjenta meg sjølv: det er lov å sortere kva debattar ein går inn i eller følgjer med på. Og kva ein held seg unna eller snur ryggen til. 

Dommedag har menneskeslekta diskutert i tusenvis av år, når Jesus kjem igjen, har vore diskutert sidan apostlane si tid. Det er knapt uventa at internettets komme skulle få denne debatten til å stoppe. Dei som er interessert kan følgje den, dei andre kan la vere.

Det er heilt feil å påstå at Verdidebatt.no er dominert av dette, i den forstand at det knapt er plass til noko anna. Sjå gjennom forsida når som helst og bli oppmuntra av gode tekstar frå skrivande folk.

Og delta i debatten om det son de meiner er vesentleg. Det eg tok opp er debattkultur. 

Gå til kommentaren

Publisert nesten 5 år siden
En slik praksis kaller jeg autoritær og manipulerende. Den ville utvilsomt blitt møtt med store oppslag og harmdirrende indignasjon i Vårt Land, uten at avisens folk evner å se at nøyaktig samme praksis bedriver man selv for å styre Vd’s innhold i ønsket retning. Jeg kaller det manipulerende, udemoktatisk og autoritært.

Eg noterer Slagsvolds engasjement. At vi er autoritære, menipulerande og udemokratiske finn eg dårlegg belegg for. I så fall burde vi ha kasta ut alle vi er usamde med. Kva eg meiner som redaktør er likegyldig, men eg krev fakta og skaleg framføring av meiningar. Dei eg har kasta ut har ikkje klart å oppføre seg som saklege debattantar. At vi gjer redaksjonelle val, er ikkje autoritært eller udemokratisk. Det er vår oppgåve i eit demokratisk samfunn med ulike forum. Så får vi ein dag utvikla funksjonen Les mange fleire siste innlegg. (Før det kjem må utviklaren løyse ein serie feil - eg finn feil støtt og stadig.)

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere