Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Minst 12 kristne på lange fengselsstraffer

Publisert rundt 3 år siden

Her er ein oversikt over dei iranske kristne som er dømde til ti år eller meir i fengsel i Iran. Det er på tide å fortelja Iran at dei må slutta å kriminalisera kristne.

Gå til kommentaren

Sandberg feira islamsk revolusjon

Publisert rundt 3 år siden

VG skriv i kveld at Sandberg som statsråd deltok på feiring av den islamske revolusjonen. Ikkje som privatperson. 

Gå til kommentaren

Lange fengselsstraffer

Publisert rundt 3 år siden

For dei som vil vita meir om kva som skjer i Iran med kristne som leier arbeid blant konvertittar: Her er nokre fleire lenker om ein familie: Foreldra har fått henholdsvis to og fem års fengsel, sonen fire månader.

• Pastor-son fekk fire månader i fengsel

• Dømt for «spionasje»

• Pastor fekk ti års fengsel. Les om dommane mot familien Tamraz.

Gå til kommentaren

Fjellvettreglane

Publisert rundt 3 år siden

Lausreven ros er sjølvsagt på sin plass. Eg skriv ikkje om «etisk plikt». Eg skriv om politikk, og «fjellvettreglane» etter Sandbergs Iran-ferie kan vel summerast slik:

1. Meld frå kvar du dreg (sei frå til departementet ditt og statsministeren FØR du varslar iranske styresmakter)

2. Legg igjen tenestetelefonen (med regjeringas sakbehandlingssystem)

3. Hugs at du (også) er statsråd.

Takk for debatten.

Gå til kommentaren

Ferietur og politikk

Publisert rundt 3 år siden

For ordens skuld: Eg har sjølv, som ein gong perifert politisk aktiv, vore på ferie i Sovjet og Polen (før Jernteppet fall), Kina og Egypt, for å nemna nokre. Eg krev ikkje «politisk giftmerking» av feriemål. Men for oss alle er det lurt å vera bevisste på situasjonen i landet vi gjestar, samstundes som vi nyt land og folk og gler oss over  ferieinntrykk. Men det er stor skilnad på å dra på ferie og på turar for å grava i menneskerettsbrot. Det siste krev eg ikkje av folk på ferie.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere