Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Oppløftande for Asia Bibi

Publisert nesten 3 år siden

Måndag blei ankesaka til dødsdømde Asia Bibi ført i høgsterett i Pakistan. Dommarane stilte kritiske spørsmål og kom med kritiske merknader til bevismaterialet. Det var oppløftande.

Gå til kommentaren

Inga kvinne er hengd i Pakistan

Publisert nesten 3 år siden

Vi har fått kommentar frå Asia Bibis hjelpar - Sajid Christopher Paul i Human Friends Organization, i Lahore, Pakistan. Han håpar at ikkje saka endå ein gong blir utsett, i siste liten. Han kjempar for at ho skal bli sett fri. Han minner om at i Pakistan er inga kvinne hengd. Han trur dødsdommen blir omgjort: Anten blir Asia Bibi frikjent, eller så endar ho med livtidsdom. Les meir her.

Gå til kommentaren

Kravet om gjeninnført blasfemilov

Publisert nesten 3 år siden
Dan Lyngmyr – gå til den siterte teksten.

Ja, er det nok vi ikkje treng å læra av Pakistan, er det blasfemilovgjeving.

Gå til kommentaren

Ekstremistar - og andre

Publisert nesten 3 år siden
Daniel Hehir – gå til den siterte teksten.

Ja, vi hugsar dette, at då Salman Taseers drapsmann blei dømt til døden og henretta, gjekk det protesttog i Oslo til støtte for drapsmannen. Vi var glad for at drapsmannen ikkje gjekk fri. Men vi er mot dødsstraff, også for Salman Taseers drapsmann. Demonstrantane i Oslo protesterte ikkje prinsipielt mot dødstraff, men for blasfemilova og til støtte for drapsmannen. Dessverre. Så møtte også demonstrantane i Oslo den gongen kritikk frå andre i det pakistanske eksil-miljøet. Gledeleg nok. Det er nok ekstremistane som truar ytringsfridommen.

Gå til kommentaren

«Folkemordets kjenneteikn»

Publisert rundt 3 år siden

I innlegget refererer eg til FNs Yanghee Lee. Her er lenka til teksten der ho sa at brutaliteten i Myanmar ber kjenneteikna til eit folkemord. Det er også der ho krev dei ansvarlege stilot til ansvar og krev at det internajsonale samfunnet går i seg sjølv for å sjå om noko kunne vore gjort annleis for å hindra eller avgrensa Myanmars overgrep.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere