Johannes Morken

Alder: 61
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Ironi – og tankeløyse

Publisert rundt 10 år siden

Om jeg kjenner den godeste Kristiansen rett, serverte han vel en liten ironi ;-)

Ja, eg forstår at det var ein liten ironi, og det kunne eg godt ha nemnt i min refleks til den godeste Kristiansen. Bevisst ironi stiller i ei anna klasse enn tankeløyse. Tankeløysa er det diverre mykje av.

Ordet «sinnsykt» er etablert i tankeløyse-språket på ein måte som gjer meg uvel, ikkje minst fordi mange med meg har hatt sinnsjukdom nær innpå livet. Difor kom min kommentar litt på instinktet.

Det er andre døme også på det som kan kallast tankeløyse. I somme ungdomsmiljø blir ordet «nazi» stundom brukt om noko som er litt strengt. Ein tur til Auschwitz bør kurere den slags tankeløyse.

Som soknerådsleiar fronta eg for nokre år sidan saka då vi innførte at vi vanlegvis står under salmesang i kyrkja og ikkje sit. Ein arg kyrkjegjengar kalla dette i eit avisinnlegg for «terror». Eg sa at han gjerne måtte bli med til Jerusalem.

Både Dagens Næringsliv og Aftenposten har hatt saker etter kommentaren min denne veka om korleis ein del journalistar faktisk er bitt meir bevisst og varsame med blodige kraftuttrykk etter 22.7. Det bør heldigvis bli sjeldnare å lesa om «blodbad på Wall Street» Eller om «massakre» same stad, ord som lett er blitt brukte for å fyre opp under saker i eit støyande informasjonssamfunn.

Måtte ettertanken vara.

Gå til kommentaren

Sinnsykt?

Publisert rundt 10 år siden

SINNSYKT BRA!!!:-)

Takk for gode tilbakemeldingar. Men ordet «sinnsyk» er eitt av dei orda eg tykkjer blir brukt for ofte på feil stader, i alle fall i daglegtale. Så er det sagt, det og.

Gå til kommentaren

Vegen vidare

Publisert rundt 10 år siden

Eg som inntil vidare har stafettpinnen, har gode spor å følgja etter Espen Utaker. Vi har ikkje berre skispora saman, men altså også debattspora. Verdidebatt har nettopp fått gode tilbakemeldingar frå ein forskar som har samanlikna tonen på ulike nettstader. Den mest saklege tonen er på Verdidebatt. Tusen takk til deltakarane – og til Espen. Det var ein god attest for alle som har vore med på Verdidebatt - enten ved å utforma forumet eller delta i og styre debatten. Interessant nok er det fleire som no tek inn over seg at nettdebattar ikkje lenger bør vere anonyme.

Eg ønskjer frisk og tydeleg debatt om viktige samfunns- og verdispørsmål. Og di flinkare alle er til å vera nøye med fakta, unngå avsporingar, unngå personangrep og stemplingar og å unngå mistenkeleggjerande utrop mot enkeltpersonar eller grupper, di betre blir Verdidebatt. (Jamfør retningslinene). Det finst nok av tydelege og respektfulle ord for sakleg usemje. Og vi har fått nok av påminningar om at unødige kraftuttrykk ikkje tener saka, men rammar menneske.

Skulle nokon sjå innlegg eller kommentarar som bryt retningslinjene, får dei bruke knappen Upassende så får vi eit varsel.

Eg har sjølv henta fram Erling Rimehaugs utgreiing frå desember i fjor om Verdidebatt som bakgrunn når eg overtek stafettpinnen.

Utover Verdidebatt må debattleiar bruka mykje tid på debatten i papiravisa, så eg må ha eit liv utanfor Verdidebatt også. Men eg vil bruka tid på å moderere, redigere og å utfordre debattantar. Og så får vi satsa på eit fruktbart samvær. I teneste for verdidebatten.

Gå til kommentaren

Publisert rundt 10 år siden
Kristian Kahrs – gå til den siterte teksten.

Morken føyer seg imidlertid inn blant de mange VL journalistene som ikke har utmerket seg med veldig stor iver etter å bidra på VD. Inntil i morges hadde han kun to innlegg og seks kommentarer,

Eg bør gjere Kahrs merksam på at i Vårt Land er det slik at det er redaktørar og journalistar som har fått jobb som kommentator som i første rekkje deltek med meiningsytringar i avisa og på nettet. Eg har vore vaktsjef og har hatt hendene fulle med heilt andre oppgåver enn å skrive meiningar.

Gå til kommentaren

Fragell og kyrkjevalet

Publisert rundt 10 år siden

Levi Fragell fyrer frå hofta raskare enn ein fersk debattleiar klarar å redigere framsida. Men hald fram debatten, karar.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere