Karl Johan Hallaråker

Alder: 77
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Kyrkjeleg gravferdsbyrå - nei takk

Publisert 9 måneder siden

Kyrkja må ikkje bli eit serviceorgan mot betaling.

Kyrkja må gjerne utvida gratis diakonal omsorg og hjelp ved dødsfall. Men ein må ikkje blanda børs og katedral.

Gjennom VL er vi kjende med at åtte sokn i Drammen er i ferd med å oppretta kyrkjeleg gravferdsbyrå. VL sin leiar måndag 22. febr ser ut til å rosa initiativet samtidig som ein gjer merksam på faren. Eg vil halda fram den siste vurderinga.

Kyrkja har vesentleg kompetanse på å møta folk i sorg og krise. Prestar og diakonar har lang røynsle med å vera til stades for folk når dei møter døden i sin familie. Truleg har kyrkja knapt på noko område større truverde enn nettopp i slike situasjonar. Det må vi halda fram med.

Sjølv var eg lokal prest på 1970 talet. Då var det ikkje gravferdsbyrå i mine sokn på Bømlo. Prest og helsesøster - samt frivillige - var dei som gjorde  mange av dei oppgåvene som gravferdsbyra idag utfører, - sjølvsagt gratis. Eg såg det veldig positivt. 

Idag er situasjonen annleis. Som pensjonist og vikarprest har eg ein god del gravferder i nært samarbeid med gravferdsbyråa. Byggjer eg på mi erfaring i Bergen og omland, er erfaringa svært positiv. Byråa sine mannskaper er profesjonelle og svært gode samarbeidarar. Eg er ofte imponert, og har ikkje møtt negativ kommentar mot byråa frå pårørande heller.

Eg er veldig lite begeistra for at kyrkja skal vera på begge sider og bli ein kommersiell aktør på dette området, og slik møta seg sjølv i døra. Skulle kyrkja gjera meir på dette feltet - noko ein gjerne bør drøfta - å møta og hjelpa sørgjande, bør det heller vera å utvida diakonal - gratis! - omsorg på fleire av dei områda som byråa gjer i dag. Komersialisering er ikkje vegen å gå. - For ordens skuld - vi må gjerne starta byrå med kristen identitet - men det er uheldig om det har direkte lokal kyrkjeleg tilknyting som kan blanda børs og katedral. Kyrkja må ikkje utviklast til eit serviceorgan mot betaling. 

Dette er faktisk ei så stor sak at det bør drøftast både i kyrkjeråd og bispemøte. 

Gå til innlegget

Tomm Kristiansen sine journalistiske knep

Publisert rundt 1 år siden

Målet helgar alle midlar. Når eg las Tomm Kristiansen sine angrep på KrF og vår dyktige partileiar får vi eit tydeleg teikn på at utsegna framleis er reell. Dette var trist lesnad av den gamle journalisten.

Tomm Kristiansen vil mange hugsa som ein kunnskapsrik og dyktig journalist med stor forteljarkunst. Kristiansen kan formidlinga sin kunst, og han veit korleis ein kan få folk til å tru at han formidlar sanninga. Kristiansen veit tydeleg også kva knep han kan bruka, og kva del av sanninga han kan utelata for å reindyrka si eiga forteljing. Dette siste kjem tydeleg fram i hans artikkel i VL 4. og 5.12 med dei usaklege og ufine angrepa på KrF og partileiar Kjell Ingolf Ropstad. Eg tillet meg også å meina at det hadde vore meir redeleg om han presenterte seg med si eiga politiske plassering enn med sin gamle yrkestittel. Dette var ingen journalistisk kommentarartikkel.

Kristiansen sausar saman «retningsvalet» for to år sidan og resultatet av forhandlingane om statsbudsjettet for neste år. Angrepa hans har så mange poeng at eg får nøya meg med nokre kommentarar. 

KrF fekk gjennomslag for 3000 kvoteflyktningar - mot Frp sitt mål om ingen. I alle kompromiss er det å gje og ta. Alle veit at det er ikkje KrF sitt ønske om å redusera avgifter på skadelege varer som alkohol og snus. Det var heller ingen bytehandel! Kristiansen har ikkje høyrt at KrF leiaren gjekk inn for billegare alkohol! Slik påstand er tendensiøs framstilling.

Så var det «kristne flyktningar». Kristiansen fortel berre halv sanning her, det blir som kjent heil løgn. Det er rett nok nemnd nokre konkrete grupper som bør prioriterast - ikkje berre forfølgde kristne. Men også her har Ropstad og KrF vore klare - faktisk på linje med kyrkja som Kristiansen roser. KrF og Ropstad har gjort det klart at kristen nestekjærleik spør ikkje etter tru og livssyn, men hjelper dei som er i nød. Preses oppdaga også dette når han las nøyare kva som faktisk stod i budsjettet. Kristiansen vil ikkje høyra på slikt.  Det tyder på at Kristiansen brukar si halvsanning for å la midlane fremja hans ufine mål mot KrF.

Kristiansen gjentek kritikken av retningsvalet og tilsynelatande roser dei som forlet partiet. Kanskje han burde teke vare på den gravejournalistikken som ein gong var, så hadde han kanskje fått med seg fleire bakgrunnsnyansar om fleire av dei utmelde sine grunnar. Deira subjektive utsegner er kanskje ikkje heile forklaringa?

Det er ikkje sant at KrF nå består av berre blå og konservative (vestlandskristne?). Kristiansen har kanskje ikkje fått med seg kva til dømes Kjell Magne Bondevik og Einar Steensnæs har sagt om å slutta opp om KrF. Han har visst heller ikkje fått med seg at programmet for neste periode blei lagt fram av to sentrale tillitsvalde som i 2018 røysta «raudt»! 

KrF har gong på gong dokumentert at partiet er eit sentrumsparti - slik det nye programmet også gjer tydeleg. Så er det mange av oss som tek på alvor at då kan vi samarbeida til begge sider. Så bøyer vi oss for den konklusjonen som kjem etter demokratisk prosess. Det var altså Stortingsgruppa som i si tid bad om avklaring om regjeringsdeltaking og fleirtalet føreslo å gå inn i dåverande Erna-regjering på ikkje-sosialistisk side. (Forøvrig er «retningsval» eit heller dårleg omgrep. Avgjerda var ein konklusjon i den dåverande situasjonen.) Sjølv respekterte eg den konklusjonen. Det var ikkje eit Frp val. Eg legg til at eg har langt mindre sans for dei som brukar «begge sider» som mantra berre så langt eg får viljen. Denne stortingshausten og budsjettet for neste år viser tydeleg at det er ikkje KrF som er Frp sin fremste støttespelar. Stortingsdebatten om bioteknologilova kan vera eit av mange vitne om det. Eg er også freista til å legga til - Frp har så visst heller ikkje oppfatta at KrF valde dei. Det kan ein kanskje kalla at utakk er verdas lønn. Hadde KrF gått motsett veg, hadde Frp truleg enno tidlegare vore eit like lite uinteressant parti som dei nå ser ut til å ha blitt for veljarane. Tomm Kristiansen bør la sine tendensiøse knep liggja og heller la fakta få tala. KrF sin kristendemokratiske profil inkluderer dei mange etiske utfordringane som vår tid står overfor. Difor treng vi eit sterkt KrF også i neste storting. Kjell Ingolf Ropstad er ein framifrå sentrumsleiar!


Gå til innlegget

Vårt forhold til muslimane

Publisert rundt 1 år siden

Skulle vi førehalda oss kollektivt til muslimar, hamnar vi i følge med nazistane si kollektive straff mot jødar.

Hege Cathrine Finholt, førsteamanuensis på MF har ein konstruktiv artikkel i VL 30.10 der ho reflekterer om muslimhatet i vårt land og eiga erfaring frå samtale med studentane sine. Artikkelen er leseverdig for god samtale.

Det er ikkje tvil om at det finst ein god del grums og negative haldningar til islam som blir kombinert med hat mot muslimar framleis i vårt land. Eg gløymer ikkje eiga oppleving på stand før siste stortingsval. Ei for meg ukjent middelaldrande kvinne kom bort til meg. Ho kunne røysta på KrF, men vi lefla med muslimane sa ho, og auste ut sine kvasse kommentarar mot muslimar i vårt land. Ho trudde visst at ho kunne få støtte hos meg med min bakgrunn i bedehusland. Eg høyrde på henne ei stund før eg avslutta monologen hennar: Eg er glad du ikkje tilhøyrer KrF. Godt val. - Ho gjekk rasande bort. Det er all grunn til å ta dette på alvor. Men muslimhetsen er ikkje åleine. Les vi mykje av kommentarspaltene ser vi at det helst er gjengangarar som går igjen med sine usaklege ytringar. Fleire burde følgja VL sitt eksempel og stengja slikt. Dei er lite føredøme for sann ytringsfridom.

Den muslimske terroren i Frankrike har rysta mange og skapt redsel og utryggleik. PST har med rette auka merksemd mot islamsk terrorisme. Det kan råka vårt land også. Men alt er ikkje sagt med det.  Eg har lyst til å peika på følgjande som eg ønskjer kristne skal vera tydelege på - utan å gjenta for mykje av Finholt sine fem punkt:

  1. Vi må ikkje skulda muslimar generelt for det grupper og enkeltpersonar utfører i islams namn. Då gjer vi urett. Det er ingen tvil om at muslimar generelt er like sorgfulle som norske kristne og folk flest over det som skjer i Frankrike og generelt frå muslimske terroristar. Skulle vi førehalda oss kollektivt til muslimar, hamnar vi i følge med nazistane si kollektive straff mot jødar.
  2. Som kristne skal vi møta alle med kjærleik og respekt. Det er slik vi møter det same tilbake. Nyleg las vi at eit politisk parti ville prioritera kristne flyktningar. Ja, mange stader er diverre kristne utsett for terror og forfølging. Dei treng sanneleg vår hjelp. Men fremst i fokus må vera dei som treng vern og hjelp uavhengig av tru eller ikkje. Slik er kristen nestekjærleik. I vårt land har vi som majoritetssamfunn ekstra ansvar for å bygga inkluderande lokalsamfunn i by og bygd. Dette gjer seg ikkje sjølv. For ein del år sidan skreiv eg at vi må gje muslimane tid. Når vi kjenner vår eiga kristne historie, burde det vera sjølvsagt. Eg fekk både ros og ris. Eg har ikkje endra meining. 
  3. Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) har blitt skulda for for lukka samtale og vera for lite kritiske. Eg har ingen kunnskap om at dei ikkje gjer eit godt og konstruktivt arbeid. Men eg trur det vil vera klokt om vi offentleg får høyra meir om kva tema dei drøftar og kva resultat dei kjem fram til. Vi treng deira kompetanse enno meir i det offentlege rom.
  4. Det har i det siste vore fokus på kor viktig ytringsfridom er. Det er sjølvsagt for meg, men eg synest Finholt sitt punkt om å ha kunnskap om kva ulike opplever som krenkande også må meir fram. Eg skal ikkje ta bort retten til å ytra seg, men eg har aldri forstått at det er viktig for kristne å krenka andre slik ein gjer med karikaturteikningar som muslimar opplever sterkt sårande. Vi treng som kristne ikkje krenka muslimar like lite som vi ønskjer nokon skal trakka på krossen og vår frelsar. Å håna andre er ingen kristen dyd. For ordens skuld - vi må skilja mellom informativ og opplysande undervisning og krenkande handling og for å demonstrera ytringsfridom.
  5. Sakleg religionskritikk er viktig, sameleis å ta opp det vi er urolege overfor. Det skal aldri vera farleg å ta opp vanskelege tema. Religionsfridom har særleg desse elementa: Retten til gjensidig misjon og vern om truspraksis. Det aller viktigste kjennemerket er samfunnet sitt vern av dei som skifter tru og livssyn.  Det ansvaret har det kristne majoritets-samfunnet i Norge, og likeså det islamske majoritetssamfunnet i Pakistan. Utan dette vernet blir ikkje religionsfridom truverdig. Her er eit felt eg håpar å sjå meir enn ord frå STL.
Gå til innlegget

Biskopane - kristensionisme og Israel

Publisert rundt 1 år siden

Kyrkjeleiarane i Jerusalem ber kyrkjene legga press på begge partane i konflikten mellom Israel og palestinaarabarane. Biskopane svarar med press mot den eine - kombinert med stigmatisering av ei gruppe. Det blir lite truverdig

Proff. Carl Fr. Wisløff blir sitert på følgjande utsagn (fritt gjengitt): «Jeg har ikke brukt benevnelsen pietist om meg selv, men om andre gir meg attesten, takker jeg for det.» 

Etter å ha lest bispemøtet sin uttale mot kristensionismen, er eg freista til å låna professoren sitt poeng. Med det meiner eg å seia - dette var tynn karikerande argumentasjon med store negative konsekvensar. Blandar kristensionistar teologi og politikk, ja så gjer biskopane det same i høg grad. Men sidan dei følgjer dagens politiske straumdrag, får dei nok applaus. Eg les uttalen som vennleg helsing til palestinaarabarane og Kirkenes Verdensråd - utan forståing for jødane sin lagnad. Ei heller syner dei respekt for ulike vurderingar mellom kyrkjer og menigheter i regionen. Den lutherske biskopen har ikkje sanninga åleine.

Etter oppmoding frå fleire, vil eg her kort gjera greie for desse vurderingane:

  1. Bibelteologisk er det tre sentrale poeng som vi må løfta fram om det jødiske folk og Israel: 
  2. Bibelen viser at det jødiske folk er Guds utvalde folk like frå lovnadane til Abraham. 1Mos.12 ++. Gud angrar ikkje. Rom. 11,29.
  3. Lovnadane gjeld også i NT - både frelseslovnaden og landlovnaden. Les Rom. 9-11, 15,8 og Luk. 21,24. Jerusalem skal vera nedtrakka «heilt til tida for heidningane er ute». Å skilja totalt mellom jødane og staten Israel blir umogeleg - sjølv om staten og den til ei kvar tid sitjande regjering ikkje skal guddommeleggjerast.
  4. Den kristne kyrkja har fått eit kall til å velsigna jødane og dela evangeliet med det jødiske folk. «For jøde først.» er ikkje ferdig fortid. Rom.1;14ff

2. Eg les biskopane sin uttale som unyansert både om kristensionisme og om politiske realitetar i regionen. Slik eg kjenner Israels kristne venner har dei ulike politiske og teologiske vurderingar på fleire felt - også om dei har merkelappen «kristensionistar - som sionistar generelt. Å karrikera for så å angripa karikaturen, er velkjent - men ingen stor kunst. Så skal eg gjerne presisera: Eg også les ein del israelslitteratur som eg kan undra meg over korleis dei får det til. Men nett nå undrar eg meg mest over korleis biskopane veljer sine kampar. Folks inntrykk er at det berre er på konservativ side det galne er. Når tok biskopane sist oppgjer mot liberal teologi?

Eg har stor forståing for VL sin leiarartikkel 21.10. som saknar fleire poeng og påpeikar manglar hos biskopane. Eg tek inn eit sitat «Det er problematisk å lese gamle profetier slik at alle politiske hendelser i dag er forutbestemt av Gud. Da fratas mennesker ansvaret for historien samtidig som Gud reduseres.» Kvar har biskopane slike skuldingar frå? Eg har ikkje møtt slike. Sjølv har eg stor respept for at vi kan tolka og forstå mykje ulikt. Men det er freistande å spørja vidare: Dersom ein les profetiar som Guds lovnader, er det å redusera Gud?

3.  I den politiske situasjonen kan vi som kristne ikkje sjå bort frå desse teologiske poenga. Men vi lyt også ta med politiske realiteter både for jødane og dei andre folka i området. For meg tyder det kort sagt følgjande:

  1.  Vi må bekjempa alle former for antisemittisme - både politisk og teologisk. Det trur eg også biskopane meiner.
  2.  Vi må forsvara folkeretten sine fakta og ikkje la oss blenda av «fake news» som gjev seg ut for å vera folkerett. Viser her til Ragnar Hatlem si nylege bok om temaet. Her stiller biskopane svakt. Biskopane sin ordbruk om okkupasjon og menneskerettar er tendensiøs agresejon mot Israel.   
  3. Vi må oppmuntra israelske politikarar til å arbeida for fredeleg løysing med andre folkegrupper i respekt for deira århundrelange tradisjon i regionen. Det kan gjerast utan å krenka Israel som jødisk stat. Trist at palestinaarabarane med sine leiarar aldri blir med på det laget. Her kunne biskopane lagt inn press.
  4. Vi må ha respekt for at Israel som demokrati veljer sine leiarar - og ikkje guddommeleggjera bestemte politiske retningar i Israels politikk. Som rettsstat skal rettsstaten sine premisser gjelda også her. 

4. Eg anbefaler interesserte å lesa Ole Andersen si bok «Sluttspillet om Israel». Den boka frå den danske lutherske teologen burde også biskopane lesa. Her er edrueleg materiale om Israel. La meg så til slutt presisera: Eg har stor respekt for biskopane sin kompetanse, deira arbeidsmengde og utfordringar. Men her er vi på kollisjonskurs. Når dei tek opp eit så brennbart tema, forventar eg at dei skriv meir sakleg og fyldig enn denne uttalen. Diverre liknar det meir på ein moteriktig studentresolusjon enn ein seriøs og sakleg bispeuttale. Biskopane siterer følgjande «Kirkeledere i Jerusalem har bedt verdens kirker og det internasjonale samfunnet om å legge press på partene for å forhandle fram en rettferdig fredsløsning og få slutt på den ulovlige okkupasjonen og forskjellsbehandlingen av innbyggerne.»  Då er det ekstra trist at biskopane veljer å legga press berre på den eine parten og så tendensiøst diskreditera ei gruppe. Dette var eit lite klokt bidrag.

Gå til innlegget

KRISTELEG FOLKEPARTI I SKVIS

Publisert rundt 1 år siden

Nå er taushet ikkje gull. KrF treng mange si røyst.

KRISTELEG FOLKEPARTI I SKVIS

  • Karl Johan Hallaråker, mangeårig partimedlem og tidlegare medlem KrFs sentralstyre

.

Det er ikkje lett å sitja stille i båten når ein les angrepa på KrF og vår partileiar om dagen. At angrepa kjem frå innsida gjer det ekstra tungt. Det siste angrepet kom altså i helga frå John Harald Bondevik. Oppslaget hans på NrK ytring (og gjengitt i andre media) var vel helst knytt til etternamnet. Kva han tidlegare har gjort i partiet, har nok gått meg hus forbi.


Situasjonen kallar fram ein god del undring om partiet eg har følgt frå tenåra (altfor lenge sidan). Partiet har gjennom åra hatt ein del indre konfliktar - men aldri kan eg hugsa at  grupper har opptrått slik representantar for dei såkalla raude gjer nå. Eg hugsar m.a.  forholdet mellom Kåre Kristiansen og Kjell Magne Bondevik, EU striden, Tønsbergvedtaket og debatten om Bondevik II regjeringa. Det var sanneleg diskusjon om retningsval. Men partimedlemmer oppførte seg annleis - partiet gjekk føre soloutspel. Den store skilnaden før og nå er etter mitt skjønn dette: Tidlegare fekk demokratiske avgjerder respekt. Nå er ein grepen av tidsånda der subjektive individualistiske konklusjonar styrer det meste. Ideolologien synest for meg tydeleg å vera  inspirert frå dei ein tilsynelatande bekjempar - frå dei liberalistiske partia! Underleg!


KrF er eit sentrumsparti og kan samarbeida til begge sider, er mantraet. Men frå venstresida i partiet er slagordet lite truverdig. Berre samarbeid til venstre er altså akseptabelt. Forstå det den som kan. KrF er eit sentrumsparti, ja vel. Men KrF har også alltid profilert seg som eit tydeleg ikkje-sosialistisk sentrumsparti. Det var også grunnen til at mange av oss støtta retningsvalet. Det var langt frå hyllest til Frp. 


Kjell Ingolf Ropstad er ein tydeleg sentrumsleiar. Når ein nå henger all skuld på han, gløymer ein at fleirtalet både i stortingsgruppa, landsstyret og landsmøtet sto bak retningsvalet! Ropstad har ikkje ansvaret åleine, like lite som Hareide åleine hadde ansvaret for partiet sitt store fall i hans leiartid. Alle som er aktive i partiet har eit ansvar, både for å stå opp for partiet og mot dei mange feilaktige angrepa som har kome den siste tida.


Dessverre er det også  tydeleg at ein del brukar partiet sin situasjon til angrep på partiet sin påståtte verdiprofil. KrF er berre for dei konservative kristne slik dei profilerer seg i abortspørsmålet, ekteskapssynet m.m.  Eg heldt på å seia - gjev det var sant. Alvorleg - KrF kombinerer på ein sakleg måte tydelege verdistandpunkt med respekt og inkluderande omsorg for alle. Alle sitt menneskeverd er i sentrum for KrF sin politikk. 


Det hadde sikkert vore meir applaus i media om ein følgde med tidsånda og fleirtalet. Men kva bruk har ein for eit slikt parti. Det er vel nok å velja mellom? Vi skal vera eit tydeleg og ikkje eit konturlaust folkeparti. Vi er partiet som arbeider for dei som ikkje kan hevda si eiga stemme, for dei sårbare blant oss, og for dei som treng politikk. Var det ikkje Ole Paus som treffande sa det siste. Men for media er jo dette ikkje noko spesielt interessant å skrive om. 


Mi utfordring nå er at KrF sine tillitsvalde og folkevalde må stå opp saman både for partiet og partileiaren - om ein ønskjer godt for partiet si framtid. Andre må ikkje få definera kva vi er. Eg utfordrar både stortingsgruppa si leiing og fylkesleiarane til å stå opp nå. Ved ikkje å stå opp for partiet og partileiinga nå, opplever eg som defensivt og ein svært dårleg strategi. Dersom nokon trur ein personleg kan tena på slikt, trur eg mange kan forrekna seg. Den sjølvtekta ein ser nå, er faktisk vegen til undergang. Forresten - vi ser liknande tendens i Ap. Eg har ikkje stor sympati for fleire verdival i det partiet og lita beundring for Støre si leiing. Men det er uforståeleg at så få i partiet står opp for han. Det er etter mi vurdering mykje av grunnen til det partiet si låge oppslutning. KrF må ikkje følgja det sporet. Nå treng vi eit samla KrF som står opp for partiet sine prioriteringar slik dei er utforma i vedtak og program.

Vi er mange som nå venter på neste stortingsprogram. Det håpar eg kan gje oss god motivasjon til å stå saman og løfta partiet til gamle høgder! Saman for KrF skal vera vår drivkraft!

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere