Verdidebatt

Heller #kjoleforskole enn skikkeleg bistand?

Kva er det som gjer at bistandsskepsisen forsvinn når det er ei «eldsjel» som står bak?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Erna Solberg har varsla ein skikkeleg «gjønågång» av norsk bistand og vil stilla større krav til resultat. – Det er ikke nok å ha gode hensikter, bistanden må virke, ellers er det ikke noe poeng å gi den, sa Solberg til Aftenposten før valet.

Høgresida er generelt skeptisk til bistand som fenomen. Og dei treff svært mange nordmenn på heimebane, når dei uttalar seg kritisk om norsk bistand, gjerne med undertonar om uprofesjonalitet og dumsnillheit.

USERIØS. Kva er det som gjer at skepsisen ofte forsvinn som dogg for ørkensol, viss det plutseleg er «ei eldsjel med eit brennande engasjement» som står bak? Mandag avslørte bistandsrådgivarane Marianne Skaiaa og Elisabeth Gade #kjoleforskole-kampanjen som useriøs. Organisasjonen bak kjoleauksjonen, Cigiit Manyatta, skal senda nordmenn til Kenya for å byggja ein internatskule (ikkje sysselsetja lokal arbeidskraft, altså) til 25 heldige jenter – som også skal få sitt eige helsesenter og lommepengar direkte frå norske givarar. Skaiaa og Gade stiller dei openbare spørsmåla: «Hva med de andre menneskene i lokalsamfunnet? Hva med de andre skolene i byen, som har flere hundre elever? Er den nye skolen blitt til i samarbeid med lokale myndigheter og kenyansk skolevesen? Finnes det noen plan for lokal overtakelse av prosjektet?»

Ein treng ikkje mange studiepoeng i bistandsadministrasjon, for å sjå varsellampane blinka når ein sjekkar nettsida deira. Hovudbildet viser at ei ung norsk kvinne «leverer julegaver til barna», og framsidesaka fortel at «sist gang vi i Cigiit Manyatta var i Kenya tok vi med oss et par briller til Agnes.» Sjølv om jentene bak miniorganisasjonen tykkjer

det er fantastisk å sjå kor takksam den augesjuke jenta blei for dei altfor store brillene, gjer det ikkje innsatsen deira til god bistand.

KRITISKE AUGO. Erna Solberg gav bort ein kjole til Cigiit Manyatta, som blei seld for 10 000 kroner på auksjonen i Hewlett-Packard sine lokale mandag kveld. Det var jo hyggjeleg gjort. Men det var visst ikkje hyggjeleg gjort av Skaiaa og Gade å stilla kritiske spørsmål.  – Er du en ekte bistandsarbeider, i mine øyne, så bistår du, og ønsker alle nye prosjekter og initiativ velkommen, også med et kritisk øye, men også med et åpent øye  – du skriver ikke en to siders kronikk og henger ut andres initiativ den dagen initiativet skal gjennomføres. Det syntes jeg er ufint, rett og slett, skriv Anita Krohn Traaseth, toppsjef i Hewlett-Packard Norge på den kjende bloggen Tinteguri.

BISTANDSPOLITIET. I innlegget «Hvem eier bistanden?» lurer ho på om «små ildsjelsprosjekter som Cigiit Manyatta, som pengene fra sosiale medie initiativet #kjoleforskole, ikke har livets rett fordi de ikke er knyttet opp til noen av de store etablerte organisasjonene?» Ho insinuerer at det eigentleg handlar om at «bistandspolitiet» ikkje likar kombinasjonen av kjolar, kjendisar og bistand.Traaseth oppfordrar dei erfarne bistandsaktørane til å lytta til dei små, innovative hjelpegründarane «som vil noe», og heller læra ferskingane «hva man selv har erfart, på en konstruktiv måte».

Eg kan ikkje anna enn å lura på om Hewlett-Packard-sjefen ville vore like vennlegsinna og overberande mot Heikki Holmås, om det var snakk om like tvilsam bruk av skattepengane hennar på eit bistandsprosjekt. Påtroppande statsminister Solberg (som Traaseth heiar på) ville garantert ikkje vore det.

UTAN PEILING. Noreg er fullt av bistandsaktørar som Cigiit Manyatta, sjølv om få av dei får like mykje merksemd. Enkeltpersonar som har besøkt fattige lokalsamfunn startar stadig slike miniorganisasjonar. Dei fleste er eldsjeler med eit brennande engasjement, nokre er folk som fann ein alternativ yrkesveg i bistandsbransjen og nokre få er kyniske svindlarar. Men altfor få av dei har verkeleg peiling på det dei gjer, og dei driv lausrivne prosjekt som sjeldan gir langsiktig utvikling – og difor dårleg utteljing for givarane sine pengar.

Trua på gründarskap og privat initiativ blir fort naiv når det er snakk om bistand. Ingen kan seia kva Traaseth eller andre skal bruka sine eigne pengar på. Men når det gjeld Solberg sin intensjon om å kvalitetssikra bistanden som skattepengane våre går til, håpar eg ho heller lyttar til erfarne fagfolk (som ofte også er eldsjeler) enn til kjolesutring. Dei veit betre enn dei fleste at «det er ikke nok å ha gode hensikter».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt