Verdidebatt

Ekteskapet - ei gåve frå Gud

Frå tid til anna vert det lufta tankar om at Kyrkja skal eller bør seia frå seg vigselretten , med bakgrunn i den nye ekteskapslova. Dette framlegget gjer meg verkeleg VONDT å lesa!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei seinare åra har det skjedd ei smertefull utvikling i lovverket som har med ekteskapet å gjera , det skal vera sikkert og visst.  Men er det av den grunn rett av Kyrkja å seia frå seg vigselretten ?  Eg meinar så avgjort NEI ! 

Vigsel og velsigning høyrer i hop.  Vel å merka vigsel og velsigning av det rette ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann.


Denne utviklinga har gått i fleire steg.

VIGSELSATTESTEN

Hausten 2004 vart det innført ei ny ordning , ved at prøving av vilkåra for ekteskap og utferding av prøvingsattest skal utførast av Folkeregisteret. Vigsling av brurefolket vert vidare utført av presten

MEN :

frå 1. oktober 2004 er det FOLKEREGISTERET , ikkje presten som skriv ut vigselsattesten.

Svært mange , kanskje fleire enn me trur , har ei DJUP meining med å inngå ekteskap i kyrkja. Og dette gjeld sjølvsagt tilsvarande for dei som har sin plass i andre trussamfunn og livssynsorganisasjonar. Kvar og ein vel å inngå ekteskapet der dei kjenner seg HEIME. Likevel er vigselmannen fråteken retten til å skriva ut vigselsattesten til det paret som er vigde.

Med ein stendig aukande flora av trussamfunn / livssynsorganisasjonar , kan ein frå ein juridisk synsvinkel sjå eit behov for ein felles og samordna vigselattest , utferda av eit offentleg organ som til dømes Folkeregisteret. Eg kjenner ikkje til korleis dei tidlegare vigselsattestane var utforma , men eg vil tru det var ein felles mal / standard for kva opplys-
ningar som skulle vera med.  Dermed burde dei juridiske behova vera stetta.

Vidare hadde attesten stempel og andre kjenneteikn som KLÅRT viste kva for trussamfunn / livssynsorganisasjon brurefolket var vigde i.  Dermed var også ynskjet frå brurefolket om livssynsmessig tilknyting teken i vare på ein god måte. Slik eg har oppfatta det , får no alle ein felles attest , utferda av Folkeregisteret. Punktum.  Utan livssynsmessig tilknyting.

Mitt framlegg:

1.

Vigselmannen i det aktuelle trussamfunnet / livssynsorganisasjonen MÅ FÅ TILBAKE retten til å skriva ut ein vigselattest som KLÅRT viser kor vigslinga har gått føre seg.

2.

Dette inneber sjølvsagt at både kyrkja og andre trussamfunn får vidareføra vigselretten. Der er ikkje noko grunnlag for å seia frå seg denne retten.

TILSULKA EKTESKAPSLOV :

Sommaren 2009 vart det vedteken ei såkalla "felles ekteskapslov" - Ei lov som etter Magnus Lagarbøter sin tanke ville fått stempelet ULOV. ( Med LOV skal landet byggjast , og ikkje med ULOV øydast , sa han på 1200-talet.)

Dette er ei lov som dei homofile / lesbiske vil få SKULDA for at vart innført , men det er politikarane som har ANSVARET for at ho vart vedteken i Stortinget.

Det vart i denne prosessen tenkt lite på det store fleirtalet som vil inngå eit RETT ekteskap mellom mann og kvinne.

Me kristne står sjølvsagt fritt til å byggja ekteskapet på Guds Ord , og byggja varme gode heimar på dette grunnlaget. Men også for oss har ekteskapet ei JURIDISK side. Så får me altså servert ei lov det vårt rette ekteskap vert stilt på linje med dei som vel eit samliv i strid med Guds Ord.

Motstanden mot denne lova finn ein også i andre religionar. Også dei har GOD GRUNN til å kjenna seg såra.

BORGARLEG VIGSEL

For å bøta på dette som politikarane har ROTA TIL , vil somme no innføra OBLIGATORISK borgarleg vigsel.

Dette er DJUPT SÅRANDE !

Fyrst sulkar dei til ekteskapslova , så vil dei STELA ekteskapet frå Kyrkja !

Grunngjevinga er at den nye lova skaper mykje bråk...

Slik eg oppfattar det , vert det no eit spørsmål om dei homofile / lesbiske på sikt skal TVINGA seg inn i Kyrkja ved inngåing av "ekteskap" , eller om Kyrkja skal missa eller seia frå seg retten til å via brurepar. Så omsnudd har alt vorte...

Fram til no har me hatt ei REIN ekteskapslov for det RETTE ekteskapet mellom mann og kvinne , og ei Partnerskapslov for dei som ynskjer eit samliv som IKKJE er bunde av Guds Ord. Ut frå Bibelen er sjølvsagt den sistnemnde også ei ulov , men i eit ope og fritt samfunn må me både akseptera og respektera dette. MOTYTINGA burde sjølvsagt vera at me fekk ha den gamle EKTESKAPSLOVA usmitta. Men det fekk me altså ikkje...

Det naturlege ville vore at politikarane vurderte kva for rettar og plikter som skulle liggja i Partnerskapslova , dersom det kom fram ynskje frå dei homofile / lesbiske om endringar på dette feltet. Så kunne partnerskap vera partnerskap og ekteskapet vera ekteskap framleis. Dette ville truleg vorte ei vesentleg fredelegare løysing. Klåre GRENSER er eit viktig grunn-
lag for eit ryddig naboskap. Late kvar av gruppene fått ha si lov utan innblanding / press frå den andre gruppa.

EKTESKAPET ER EIN DEL AV SKAPARVERKET !

Heilt frå dei fyrste sidene i Bibelen går det tydeleg fram at ekteskapet mellom MANN og KVINNE er ein del av skaparverket.  Det vert streka under at dei er skapte til mann og kvinne , og dei får eit konkret oppdrag om å fylla jorda med menneske – fordi Gud elskar menneska ! Dei fekk også i oppdrag å ta jorda i bruk – forvalta dei ressursane som Gud hadde skapt.

DEN FYRSTE BRUREVIGSLA.

For meg personleg er det både varmt og sterkt å lesa 1. Mos. 2 , 18-26. Der vert det skildra så fint heilt frå den tida dåHerren sjølv såg at det ikkje var godt for mannen å vera åleine , og til Han gav kvinna opp i fanget til mannen , så å seia.  Særleg har eg merka meg siste delen av vers 22 der det står så fint :  … og førte henne til mennensket.

Dette er den fyrste brurevigsla – og Gud sjølv var vigselmannen !

Fyrst skapte Gud kvinna – så vigde Han henne til mannen.

Martin Luther og ekteskapet.

Fyrst i nyare tid har eg vorte merksam på at Luther rekna ekteskapet som ei verdsleg ordning.  Dette vart sterk kost å lesa.  Bakgrunnen var kanskje at den katolske kyrkja såg på ekteskapet som eit sakrament.  Dette kunne nok vera å ta for hardt i.  Men ved å rekna ekteskapet som ei verdsleg ordning , rusla herr Luther langt ut i grøfta på motsett side av vegen.  Om han hadde kalla ekteskapet ei ordning for denne tidshushaldninga , kunne me nok møtast.

Gjennom heile Bibelen kan me lesa sterke , varme og POSITIVE skildringar av mann og kvinne i , eller på veg inn i ekteskapet. Men der er og sterke åtvaringar mot å skada , øyde-leggja eller sulka til ekteskapet på nokon måte.

Så inngåing av ekteskap har AVGJORT sin plass i Kyrkja !

Dersom Kyrkja misser , for ikkje å nemna seier frå seg vigselretten , vil dette vera å SNYTA komande generasjonar av brurepar for noko av det finaste som Gud sjølv har gjeve til menneska !

Greit nok at både Kyrkja , trussamfunn og livssynsorganisasjonar vil kunna vidareføra seremoniar for velsigning av brureparet , men ved eventuell innføring av obligatorisk borgarleg vigsel , vil eit vesentleg element falla bort i denne seremonien.

Vigsel og velsigning høyrer i hop.

Både ekteskapet mellom mann og kvinne , og velsigninga av dette , er gåver frå Gud sjølv.  Som vist ovanfor , innstifta Gud sjølv ekteskapet lenge før dei fann opp både Sorenskrivar og Tingrett !

Kyrkja har ingen grunn til å seia frå seg vigselretten med "takk for lånet" - det er i realiteten den verdslege makta som har "lånt" brurevigsla frå Kyrkja ! 

Bakgrunnen for dette var i si tid eit behov for å kunna inngå ekteskap fristilt frå Den norske Kyrkja. Dette gjaldt både for andre trussamfunn og for dei som ynskte å stå fritt frå slike samfunn.

Den verdslege makta har også under vegs fått i oppdrag å uforma det formelt juridiske innhaldet i ekteskapet. Men dette har gjennom alle tider vore basert på eit ekteskap mellom ei kvinne og ein mann. Slik har det forresten vore i andre land og kulturar også , ubunde av kva religionar som har vore rådande.

Dette viser dei sterke banda mellom skapinga og innstiftinga av ekteskapet mellom mann og kvinne. Om folket laga seg til med andre religionar , var likevel ekteskapet den faste normen. Like fullt har det gjennom historia vore einskildmenneske som har lagt livet sitt til rette på andre måtar , som til dømes fleirkoneri. Men juridisk og sosial aksept for samkjønna samliv er av nyare dato.

Kan henda er det den verdslege makta som har gått ut over fullmakta si ved å innføra den nye lova ?

Til slutt nokre ord til dei som rakk å verta gifte før den nye lova kom.  Somme av desse føler at dei ikkje lengre har noko ekteskap.  Til det vil eg seia at desse kan trygt slå i bordet med den gamle lova og seia :  Då me gifta oss , gjorde me det på grunnlag av denne rette lova ! Inga lov kan gjevast tilbakeverkande kraft. Datoen på vigselattesten viser kva lov som gjeld.

Kva så med dei som fekk servert den nye lova ?  Dei som må leva under den same lova som dei samkjønna – kva med desse ?  Gud kjenner hjarto – og Han kjenner smerten over den lova som er imot Hans vilje.  Også den smerten som desse brurepara ber med seg. Han veit at dei så gjerne ville hatt den gamle lova som juridisk fundament for ekteskapet sitt.  Men ingen kan ta frå dei det åndelege fundamentet i Guds eige Ord !

Kristent Samlingsparti vil arbeida hardt og målretta for å få tilbake den gamle lova , med det EKTE ekteskapet.  Så får heller dei som ynskjer andre samlivformer syta for seg når det gjeld juridiske rettar og plikter.  Men ikkje kall det for ekteskap.  Der finst berre EI form for EKTESKAP – det som Gud sjølv innstifta då Han "... førte henne til mennesket" !

Helsing Børge Løype , Skjoldavik

Stortingskandidat

Kristent Samlingsparti , Rogaland

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt