Alf Holmelid

5

Verdival 2013

Stortingsvalet i år står om meir enn kor raskt vi kan bygge firefelts veg. Det står om kva retning vi skal stake ut i viktige verdispørsmål.

Publisert: 3. aug 2013

Skal vi ta vare på klima og miljø for framtidige generasjonar, eller skal vi spele hasard med ressursane og fornekte fakta om menneskeskapte klimaendringar? Skal vi satse på solidaritet nasjonalt og internasjonalt, eller skal vi prioritere skattelette for dei rike?

Dei aller fleste forskarar er samde om at vi står overfor store menneskeskapte klimaendringar. Mange utviklingsland vil bli spesielt hardt ramma. Dei er sårbare for tørke eller auke i havnivået, og dei har lite ressursar til å førebygge ekstremver. Skal vi redde klimaet, må to tredeler av dei kjente reservane av fossil energi bli liggande under bakken. Det er usolidarisk av eit rikt land som Noreg å ta ut all sin fossile energi og forvente at andre land skal la sine ressursar ligge. SV vil derfor redusere oljeutvinningstempoet. Det vil også gi rom for eit meir variert og berekraftig næringsliv.

Når vi må la ein del av oljen ligge, så bør vi prioritere å verne sårbare område. Kysten utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er eit slikt område. Havforskingsinstituttet har nyleg lagt fram ein rapport som viser at over sytti prosent av fisken i Norskehavet og Barentshavet har gyteplass eller oppvekstområde her. Derfor seier SV nei til oljeboring i desse områda. Framstegspartiet og Høgre som er ute etter regjeringsmakt, seier derimot klart ja til oljeboring. Derfor er ei stemme til SV det sikraste alternativet dersom du vil hindre oljeboring utafor Lofoten, Vesterålen og Semja. SV seier også klart nei til oljeboring i Skagerrak, i motsetning til dei to høgrepartia.

Med SV i regjering har løyvingane til bistand auke frå 0,95 til 1 prosent av brutto nasjonalinntekt. I tillegg har vi sletta all ulandsgjeld, noko som lenge har vore eit krav frå bistandsorganisasjonane. SV er opptatt av at hjelpa skal komme innbyggarane til gode, ikkje berre makteliten. Derfor gir vi støtte til å etablere skattesystem som sikrar at internasjonale konsern må gi noko tilbake til innbyggarane i land der dei hentar ut verdifulle ressursar. SV vil også bruke deler av oljefondet til å fremme utvikling og miljø.

Framstegspartiet går motsett veg og vil kutte dramatisk i utviklingshjelpa. I det siste statsbudsjettet ville dei kutte sju milliardar for å få rom til skattelette til dei rike. Høgre går ikkje så langt. Dei nøyer seg med å kutte om lag ein milliard. Men også dette er eit klart tilbakeskritt i forhold til det SV har fått til i denne regjeringsperioden. Eit sterkt SV er det tryggaste alternativet dersom du er opptatt av internasjonal solidaritet og styrking av bistand og økonomisk samarbeid med utviklingsland.

Noreg er eit av dei landa der det er størst tillit mellom folk og mellom folk og politikarar. Moderate økonomiske forskjellar er truleg ei av årsakene til dette tillitsforholdet. Dette er ein verdi som det er viktig å ta vare på, og som vi må sikre gjennom ein aktiv fordelingspolitikk. Forskjellane aukar kraftig i mange land, men med SV i regjering har vi snudd trenden her i landet. Dei økonomiske forskjellane har blitt litt mindre, og nyleg la Statistisk sentralbyrå fram tal som viser at "vi har eit meir omfordelande skattesystem i 2013 enn i 2005"

Denne positive utviklinga ønskjer tydeleg vis høgrepartia å reversere. Dei driv omvendt fordelingspolitikk og lovar titals milliardar i skattelette til dei rike. Men dei nektar plent å snakke om baksida av medaljen. Vi får ikkje vite noko om kvar dei vil kutte i offentlege tenester og ytingar for å få rom til skattelovnadane sine. SV ønskjer derimot å vidareutvikle fordelingspolitikken. Vi vil følgje rådet frå finanskriseutvalet og innføre ein finansskatt og bruke inntektene til å styrke tilbodet til barn og eldre.

Med SV i regjering har vi fått det største barnvernsløftet på tjue år. Omsynet til barn har også stått sentralt i vår kamp for ein rausare asylpolitikk. Vi har vunne fram på ein del område, men vi er ikkje nøgde. SV vil at omsynet til barns beste skal gå føre innvandringspolitiske omsyn, og at barn skal få opphald på humanitært grunnlag etter tre år. Høgrepartia vil også her gå i motsatt retning. Framstegspartiet ropar etter ein strengare asylpolitikk og har sagt at dei vil arbeide for å endre internasjonale konvensjonar for å kunne stramme inn asylpolitikken. Høgre er her som på mange andre område meir utydeleg.

Så langt har valkampen i stor grad handla om kor raskt og kor effektivt vi kan bygge mest mogeleg firefelts veg. Men valet står om langt meir. Det står om kva retning vi skal velje i viktige verdispørsmål. Det står om vi skal ta vare på klima og miljø og bygge eit solidarisk samfunn.

Alf

 

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere