Verdidebatt

1025 år sidan Kiev-Rus vart kristna

Medan Noreg hadde fokus på («nøytral») feiring av Heilag-Olav, feira Ukraina, Russland og Kviterussland den skandinavisk tilknytte fyrsten Heilage Vladimir den store, som kristna Kiev-Rus. Som i Noreg, er ein slik arv krevjande å handtera.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg er ofte ved Krim-halvøya. I den vesle byen me dreg til, ligg det ei lita men vakker, russisk ortodoks kyrkje rett ved der me bur. I den kyrkja var kona mi døypt — midt under Sovjetunionen, takk vera bestefar sin, som insisterte – son av ein diakon som han var. Kyrkja er – som mange kyrkjer i Ukraina — kvite med blåmåla «fintiflusjkij» (krusedullar og kantar).

Den vesle kyrkja er no oppattpussa. For medan kona mi vart døypt der som lita, gjekk det berre kring 10 år før politikken under kamerat Nikita Sergeevitj Hrosj’åv — som var meir antikristen enn kamerat Stalin — sytte for at kyrkja vart omgjord til gymnastikksal.

Sist helg, var det noko ekstra i den vesle kyrkja — og i alle kyrkjene i Russland, Ukraina og Kviterussland. Då tona kyrkjeklokkene til minne om at det er 1025 år kristninga av Kiev-Rus (Kiev-Russland).

Denne hendinga vart og solid markert i media i dei tri statane, men truleg mest i Ukraina, der hovudminnehøgtida gjekk føre seg – i Kiev. Og medan Jonas Gahr Støre for eit par år sidan nytta «det er Ibsen-år i år [igjen]» for å bryta isen med kollegane sine, so viser netstaden hans at det 1025-årsjubileet som har vore gjengangaren når Ukrainas president Viktår Janokåvitj i 2013 har hatt møtt leiarane for grannelanda.

Og på same måte som Noregs statsminister har vektlagd at med Heilag-Olav sette igang «utvikligen av det nye Norge, med kristen tenkning omkring menneskeverd, jus og politik», so vektla Ukrainas statsleiar på liknande vis at kristninga av Kiev-Rus var «a momentous historical act that led Kievan Rus' to the new civilizational level [ … ] many European peoples demonstrate European Christian identity and allow saying that Ukrainians are the part of it».

  • SPØRSMÅL: I Noreg, der det heiter seg at «Russland er et annet sted», kitlar det gjerne litt i nasen når den ukrainske presidenten vektlegg at heilage Vladimir, som altso sytte for at Kiev-Rus fekk si organisatoriske og teologiske tilknyting til den austromerske kyrkja og den austromerske kulturen, han var den som var med på å leggja landa inn i den europeiske kultursfæren?

Kiev-Rus er i dag tri land – rundt rekna (Russland, Ukraina, Kviterussland), og tilhøva dei imellom byd på utmaningar. Ikkje minst gjeld det Ukraina – som gjennomgår ein «ukrainiseringsprossess», der t.d. russisk språk vert sett til side for eit språk — ukrainsk — som over store deler av landet ikkje er innbyggjarane sitt morsmål.

So når presidenten av Ukraina talar om kristninga, so er det ikkje einskapsstaten han vektlegg – dei tri landa er ikkje lenger innanfor same verdslege grenser. I staden vektlegg han det sivilisatoriske — tilknytinga til Europa og so vidare.

Samstundes er Ukraina òg det av dei tri landa som – nest etter Kviterussland — er mest religiøst splitta (eller «pluralistisk», dersom du har lyst å sjå det slik). Eitt er dei pavetru austkyrkjekatolikkane – det er no greitt, på ein måte. Verre er det at dei austkyrkje-ortodokse stridest – i hovudsak om kva slag (formell) tilknyting ein skal ha til patriarken i Moskva. Difor er det gjerne umaningar når det gjeld å «bruka» heilage Vladimir religiøst. Den religiøse splittinga er meir «politisk» enn religiøs. Og i litt ullne ord tala presidenten òg imot politisk misbruk av kyrkjene.

Samstundes var det at dette gjekk føre seg i Kiev ei fjør i hatten for Ukraina. For det var jo der det byrja. Og for patriarken av Moskva, som vitja Kiev saman med gresk-ortodokse leiarar frå heile verda, var nok jubileet av same grunn eit kjærkome høve til å freista å styrkja aliansane med Kiev — for det føremålet let han nok med glede Kiev få skina.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt