Verdidebatt

Gi meg eit blad

Den katolske kyrkja har det sjølvsagt. Pinsevennene også: sitt eige blad. Akkurat som eit kvart lite kyrkjesamfunn. Berre ikkje Den norske kyrkja.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Gi meg eit skikkeleg kyrkjemedlemsblad», seier eg. «Er ikkje Vårt Land nok?» spør du og blar opp sider om prestetørke og buplikt. Eg ristar på hovudet. I aviskorga finn du trumfkortet: Kyrkjelydsbladet.

Du har rett. Det er eit medlemsblad. Dei 400-500 kyrkjelydsblada i Noreg (ingen veit kor mange dei er) er ei hyggjeleg lita nisje, som møter viktige behov for lokal kyrkjetilknyting.

Men det manglar eit medlemsmagasin som knyter meg tettare til den store kyrkjesamanhangen eg tilhøyrer, ikkje berre den vesle. Gjer meg meir nyfiken! Gjer meg stolt! Slike blad får eg frå Luftambulansen, Framtiden i våre hender, Kirkens Nødhjelp… Bladkvaliteten bidrar til at organisasjonane framstår som truverdige.

Eg ønskjer meg eit kvalitets-kyrkjemagasin med spennande intervju og inspirerande artiklar. Eit som er kjekt å ha liggjande på kafébordet eller på badet. «Det er for dyrt å laga», seier du. Vel, eg trur det er for dyrt å la vera. Slike blad er ein viktig del av det andre organisasjonar internt kallar «medlemspleie». Det er velsigna papirband som bind folk til samanhangen – på ein måte ein elles ikkje kan få til.

Det svenske gratisbladet Amos fungerer i stor grad som eit slikt medlemsblad for Svenska kyrkan. Ikkje berre er det eit relevant og spennande magasin med 500 000 abonnentar, men så langt leverer Amos spesialversjonar med eigne lokalsider til 25 kyrkjelydar. Her heime har Misjonssambandet erstatta ressursknappe kretsblad-redaksjonar med eigne regionsider i hovudorganet Utsyn. Det betyr både kvalitetssikring og kostnadseffektivitet i haugiansk ånd. Spør gjerne oss i organisasjonane om tips til å laga blad på knappe- og glansbildebudsjett.

Me er ikkje redde for meir konkurranse. Kanskje kan fleire liknande tilbod faktisk auka den generelle interessa?

Denne teksten er først publisert i Vårt Land si Klartekst-spalte mandag 24. juni 2013

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt