Verdidebatt

Evangeliet etter Gyrid Gunnes

Den fundamentalistiske feministteologien i boka til Gyrid Gunnes, "Å forkynne Guds ord klart og urent – Utkast til en feministisk prekenpraksis", bør skremme både kristne og sekulære.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg lurar ofte på kvifor feminismen og kvinnesaka så ofte vert overskugga av så mykje støy – som slett ikkje har noko med kvinnene si viktige historiske kamp for rettar å gjere? Stemmerettsåret 2013 er jo ei ypparleg moglegheit til å seie noko om tilhøvet mellom kristendom og kvinner, men feministprest Gyrid Gunnes berre raljerer, på ein slik måte at eg endar opp med å mislike dei begge.

Ugjestmildt. I hennar vesle bok om preikepraksis vart presentert eit lukka og ugjestmildt univers kor den radikalfeministiske hermeneutikken vert heilt dominerande. Følehorna er konstant ute for dei allstadnærverande kvinnefiendtlege åskodingane. Gunnes ser mannsspøkelset overalt, i tekstar og tradisjon, i samfunnet – og frå preikestolen.

Historia om den kanaaneiske kvinna som tryglar Jesus om å lækje dottera hennar, vert for Gunnes eit skrikande døme på Jesus sin eigen blindskap for kvinneundertrykkinga i samtida. (Jesus sine møter med kvinner som elles vart utstøytte frå samfunnet – som Maria Magdalena – vert ikkje nemnde.)

Ei djupare fortolking av teksten får vi ikkje. Det at Jesus avviser kvinna er berre ein sosial refleks, eit mannssjåvinistisk bjeff.På plass, kvinne! Her vert Jesus sine ord ei «guddommelig legitimering av et verdensbilde hvor kvinnens tanker, ord og handlinger, er annenrangs[.}» Så tek han til fornuft, og går med på å lækje dottera. Det endelege poenget er at «Gud tok feil», og rettar seg i møte med feministisk opplysing. Og Gunnes har ikkje mindre sjølvtillit enn at det er ho sjølv som no står for det same gudskorrektivet: «Prekenen sier: Det er noe grunnleggende feil ved verdensbildet til Jesus.»

Fundamentalisme. Hjå Gunnes er alt som smakar av kyrkjehistorie og tradisjon noko suspekt, kvinnediskriminerande og anakronistisk. Dei heilage skriftene vert såleis forstått nærast som politiske pamflettar, uløyseleg knytte til si patriarkalske samtid som dei er. Problemet er at om alle bibeltekstar forståast bokstaveleg-politisk, er ikkje noko rom att for eit nyansert og rikhaldig gudsbilete. Den allegoriske tekstforståing som kyrkja tradisjonelt har godkjend – ikkje minst i Jesus sine likningar - vert tvilsam. Dermed vert vegen svært kort til ein reinspikka fundamentalisme: All teologi blir politikk, all politikk blir teologi.

For etter å ha gått laus på eiga religionsstiftars «guddommelege legitimering» av kvinnediskriminering, gjer Gunnes sjølv ein guddommeleg legitimitet til det moderne feministiske prosjektet: «8. mars […] er også Guds kampdag, […] Gudsriket realiseres i den sekulære kampen for likestilling, kjempet frem i og av fagforeninger, organisasjoner, politiske partier og avisspalter.»

Slumpetreff. Kva slumpetreff, i så fall, at Den heilage Ande i vår tid står i den sekulære kjønnskampen si teneste. For berre nokre tiår sida må han ha vore på det vondes side, før likestillings-, arbeidsmiljø-, ekteskaps- og abortlova, eller ikkje vore klar for desse omveltingane. (Her er det nett ikkje berre kvinners rettar som står i fokus: alle desse lovane nemnast, som om dei alle hadde noko med kvinnekamp å gjere.)

Det må vere sjølve Forsynet at den nye sekulære majoriteten har kome til dei same konklusjonar på nett same tid. For Gunnes ligg det sekulære alltid eitt skritt i forkant. Kyrkja kjem luntande bak. Etter kvart vil også ho slutte å motarbeide sanninga og framsteget. Greitt nok. Framstegstrua hjå Gunnes er ein velkjend og i vår tid nokså populær førestelling – men kor kristen er ho eigentleg? Ho er jo berre eit oppgulp av gamal positivisme og historisisme. Men ho har like fullt si religiøse legitimering:

Gunnes si paradoksale parole: «Realiseringa av gudsriket ligg i den sekulære etikken», er eit perspektiv som bør skremme så vel kristne som sekulære.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt