Verdidebatt

Eit par (korte) tankar frå Parasitten

Eg veit ikkje kva møte Torkel Brekke var på sist veke, men trur det må ha vore eit anna enn det eg var på

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg skriv på bakgrunn av intervju med Brekke i Vårt Land)

Det verste og mest kritiske frå HEF då, var Bente Sandvig som kritiserte skulegudstenester (og potensielt eit liten, kvalt latter frå undertegnede og eit par andre når det ble spurt om kvifor Human-Etisk Forbund ikkje går inn for å avskaffe jula). Der følte i kvart fall eg at Bente gjorde ein god og grundig jobb med å peike på dei faktiske problema. Er HEF dermed "smålige" og "mangler ydmykhet"?

I tillegg kom det ein krass kommentar frå salen mot medlemsrotet i Den norske kyrkje, som Bente Sandvig flott kontra med at det ikkje kan lemrast på kyrkja - då det ikkje var kyrkja sjølv si skuld.

Ellers har HEF aldri, såvidt eg har sett hevda seg som eit nøytralt alternativ. Det har alltid vore eit humanistisk (humanetisk) alternativ. Eg synast det er ganske dårleg gjort å hevde noko anna, når HEF er ganske tydelege her.

Det kan verkesom Brekke har ein slagside mot HEF etter dette møtet, og han oppfattar HEF som lite originale. Eg vil då be ham lesa seg litt opp. Rundt skipinga av Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL). Rundt Humanistisk Aksjon for Menneskerettar i Utviklingsland (HAMU). Rund arbeidet i International Humanist and Ethical Union (IHEU).

Og eg vil be ham snakke med nokon humanistar. Høyre kva dei gjer, driv med, og kva dei engasjerer seg for. Eg har til no enno ikkje møtt ein einaste humanist som ikkje brenner mot ein eller anna urett i ein anna organisasjon. For det er ein ganske bevisst haldning frå HEF, å ikkje gape for høgt. Å ikkje bli "alle-gode-sakar-forbund". Er det verkeleg så ille å ynskje eit fellesskap basert bare på felles livssyn, og ikkje så mykje anna?

Til slutt: "[Mange] av lederskikkelsene i HEFs historie har vært personer som har brukt sine personlige negative barne- og ungdomshistorier om kristendom og dratt med seg disse i nesten alle debatter, sier Torkel Brekke."
Det er i hovudsak snakk om to personar såvidt meg opplyst: Levi Fragell, og Jens Brun-Pedersen. Og om enn det nok bler dratt fram titt og ofte, så er det som oftast veldig relevant.

Eg er nok småleg og lite audmyk akkurat no. Og definitivt fargeblind. Så veldig interessert i andre tankar, og gjerne konkrete døme på HEF sine angreip på kyrkja og den kristne tru. Eg har enno til gjengjeld å sjå nokon gode døme.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt