Verdidebatt

Grøn vrangvilje

Me kunne jo berre halde fram med å be om «godt og tenleg vêr» i gudstenestene.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I staden slo kyrkja miljøknyttneven i møtebordet og oppfordra alle medlemmar «til å la hensynet til forsvarlig klimapolitikk avgjøre deres stemmegivning ved årets stortingsvalg».

– Kyrkjerådsleiar Svein Arne Lindø «burde sagt at man selvsagt kan være en kristen og stemme FrP. Å hevde noe annet er reinspikka vranglære», tordnar Magne Lerø. Han kan vel ikkje seia tydelegare at FrP ikkje har ein forsvarleg klimapolitikk. Eg er ikkje sikker på om partiet er takksam for støtta.

Med hakket mindre vrangvilje kan ein sjølvsagt tenkja at kyrkja oppfordrar veljarane til å stilla favorittpartia sine til ansvar for oldebarna si framtid – før valet. Kampanjen «Klimavalg 2013» er nettopp ei slik utfordring, for å unngå at klimaspørsmålet ved nok eit val blir slukt av draumen om ei økonomisk bombesikker framtid. Til nå har 64 organisasjonar underteikna oppropet om å ta framtida vår på større politisk alvor, mellom dei ei rekkje kyrkjesamfunn og lågkyrkjelege organisasjonar.

Det er openbert at verken kyrkjemøtet eller «Klimavalg 2013» har alle svara på korleis miljøkrisa kan løysast. Men med mindre vrangvilje kan einògsjå at det er lettare å justera kursen når ein er i rørsle, enn når ein sit på gjerdet. Og at ei relevant og levande kyrkje er nøydd til å bidra med meir enn uforpliktande festtale-flosklar når det gjeld livsgrunnlaget vårt.

«For ikke å gjøre vondt verre bør kirken vokte seg vel for å bringe klimapolitikken inn i kirkebønnen» åtvarar Lerø. Vel, då må han kneppa munnen hardt igjen når me som vanleg ber for «ditt skaparverk» og hjelp til «å forvalta det til beste for kvarandre».

For dei fleste av oss er kanskje akkurat den bønna lettare å be med lygekross bak ryggen enn med falda hender. Eventuelt kan ein drøyma seg vekk til neste sydentur. Det er i det minste ei trøyst når Gud ikkje i sin nåde velsignar oss med «godt og tenleg vêr».

Først publisert i spalta «Klartekst» i Vårt Land, mandag 29. april 2013.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt