Verdidebatt

Ingen veg tilbake

Det vil ikkje snu. Mangfaldet er her.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Altfor mykje har gått i feil retning i Noreg dei siste åra, skal ein tru arrangørane av Oslo Symposium. Men nå skal det snu. Den vesle gjengen med det store namnet Kristenfolket lova før helga at ved hjelp av eit regjeringsskifte skal 2013 bli eit «jubelår».

Leiar Bjarte Ystebø held fram abort, aktiv dødshjelp og ekteskapslov som problemområde. Til Aftenposten seier han at «verdiene er utsatt for press i møte med innvandring, spesielt islam».

TRYLLESLAG. Ein treng ikkje toppkarakter i samfunnsfag for å sjå at eit blått fleirtal ikkje ved eit trylleslag vil føra ein meir restriktiv abort- eller samlivspolitikk. I partiet lengst til høgre står heller ikkje kamp mot eutanasi eller respekt for ideologisk mangfald i friviljuge organisasjonar sterkt.

Likevel ventar symposiumsfolket på trylleslaget. Det er dei vane med, for bak engasjementet ligg trua på ei nasjonal vekking. Noreg skal bli frelst på ein dag og få ny grunnlov, blei det sagt på Oase i 2009. Så langt har me fått Are Kalvø si.

Sjølv om miljøet rundt symposiet er marginalt, får dei stor merksemd. Kanskje fordi dei treff noko i mellomgolvet hjå folk flest? «Mange er bekymret for landet vårt», seier symposiumsgjengen og har rett. Dei fleste finn sider ved det postmoderne samfunnet som frustrerer dei.

KNIKSEN. Når krone-isen ikkje lenger kostar ei krone. Når den teknologiske utviklinga er umuleg å følgja med på. Når femtenåringen får handjern med plysjtrekk av dama til jul. Når pølsebilen ved fotballstadion er bytt ut med ei kebabvogn og spelarane på heimelaget heiter Ahmed og Fadi i staden for Kniksen og Stuttjukken.

Då kan ein la seg lura til å tru at det nye handlar om dei kjappføtte muslimske unggutane eller kebabmannen (som om han var aborttilhengar) – og ikkje om ein enorm, kompleks samfunnsprosess med sekularisering, globalisering og urbanisering. Ingen avkrok i verda blir verande som før.

Det kjem til å gå minst like fort når opposisjonen kjem på banen, liberalitet og sekularitet er gamle parhestar. Det er ingen veg tilbake. Mangfaldet er her. Det kjem ikkje til å snu.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt