Verdidebatt

Nye moglegheiter til å bry seg

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nye moglegheiter til å bry seg

-       Benjamin Bjørnsen Anda, fylkesstyremedlem i Rogaland KrFU

Det er ikkje lenge sidan vi ynskja det nye året 2010 velkomen her til lands. Mange av oss, inkludert meg sjølve, har sete oss nyttårsforsett. Kanskje handlar måla om å verte sunnare, om å gjere det betre på skule og arbeid, eller kanskje handlar det om å bry seg meir om andre.

Vi har her i Noreg gode moglegheiter, og vi er ”jysla” heldige som har vorte fødde i dette landet. Vi har tilgong til det meste; hus, bil, mat og reint vatn kvar einaste dag. Det er meir enn store delar av befolkninga i verda tørr å drøyme om.

Det er viktig at vi bryr oss – au om andre menneske vi ikkje kjenner, ja andre ukjende menneske i andre land. Difor er det viktig at vi gjev bistand til dei landa som verkeleg treng pengane, dei landa som ikkje har fått flaksloddet med tre oljemerke på. Er vi ikkje alle verdt det same? Kvifor skal berre eit mindretal få nyte godane av olja vår? Den gylne regel seier det klokt: gjer mot andre det du vil dei skal gjere mot deg. Ville ikkje vi ynskja oss hjelp om vi var i nauda?

KrFU ynskjer at Noreg skal dele 3 % av BNI med dei i andre verdsdelar som ikkje har det så godt som oss. Og vi vonar det ikkje vert som med nyttårsforsetta, gløymt innan utgongen av februar, men at det vert hugsa og får bety ein forskjell for våre fattigare medmenneske. Godt 2010!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt