Verdidebatt

Farlege barnefortellingar: kyssar du ein frosk, kan du ramle uti vatn og drukne

Det er lettare sjokkerande for ein stakkar som vaks opp på åtti og nittitalet å følge debatten om kva som er skadeleg eller ikkje for totusentalets barn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg melder meg herved på i debatten "Kardemommeby er høgreekstremt og skadelig for barn", og nevner i fleng uansvarlege eventyr og barnebøker.

Vi har Selma Lagerløfs fullstendig uansvarlege Nils Holgersson som sette seg på ei gås utan sikkerhetssele og flaug over halve Sverige. At han overlevde, er berre flaks, og gud forby at nokon ungar i vår generasjon skulle finne på det same.
    Og kven tenker på gåsa? Kva meinte den om å bli brukt på denne måten? Å late ei einsleg gås flyge rundt på denne måten strir på alle måtar med gjess sitt flokkinstinkt. Det har antakeleg også klødd når Nils Holgersson sat på ryggen hennar. Kanskje var det tungt også. Gjjess er trass alt ikkje ridedyr. Historia oppfordrar på alle måtar til uansvarleg flygeadferd og dyreplageri.

Vi har prinsessa som kyssa ein frosk. Kysser ein froskar, må ein nær vatn, og kjem ein nær vatn kan ein falle uti. Desse froskekyssande eventyra kan i beste fall føre til fleire drukningsulukker. Og kva veit vel vi om korvidt froskar eigentleg likar å bli kyssa, eller om dei føler det som eit overgrep? Kan eventyret føre til overgrep mot og mishandling av frosk? Froskar er skjøre dyr som ikkje tåler å bli handtert altfor hardt.

For ikkje å snakke om den lovbrytaren av ei prinsesse som gifte seg med Kvitebjørn Kong Valemon. Det er, om ein skal følge norsk lov, ikkje lov å ha seksuell omgang med dyr. Eg viser til Dyrevelferdsloven paragraf 14c. Og kva slags førebilete er denne prinsessa for småjenter i prinsessekjolar? Eit dårleg, openbart.

Vi må også ta føre oss Smørbukk. Han skiftar, i likheit med mange andre eventyrfigurar, aldri klede, og går i den same gensaren dag ut og dag inn, for ikkje å snakke om i årevis. Ein bør i det minste legge inn nokre scener der Smørbukk dusjar og vaskar gensaren, eventuelt byter genser og viser publikum at han har fleire like gensarar i skapet. Ellers kan han framstå som eit uhygienisk førebilete for barn, og vi vil trass ikkje fostre opp ein generasjon stinkande ungar i mariusgensar. Der går visse grenser.

Vidare må vi ta eit oppgjer med Askeladden. Så mykje som han sit i grua, må han til slutt få kols. Og kva skal han få så mange pene damer etter, han som ikkje jobbar? Askeladden kan faktisk føre til meir naving. Og kva med dette at han skjer hol i sekken sin når han kappet med trollet? Tenk om nokon ungar prøver å gjere det same for å få plass til meir graut. Dessutan lurer han trollet til å skjere hol i sin mage også. Han beint fram lurer det dumme trollet til å ta livet av seg sjølv. Og vi kan også, om vi skal vere nøyaktige her, spørre oss om det er korrekt å stigmatisere troll som dumme, all den tid ingen nokonsinne har fått tak på eit troll og teke seg tid til å dokumentere påstanden. I mellomtida kan vi kanskje kutte ut desse eventyra om troll. Veit vi at dei finst, liksom?

Naturvitenskapen har trass alt teke nokre steg framover sidan Asbjørnsen og Moe tusla rundt på vegane, dusja sjelden og sikkert drakk for mykje øl. Drog med seg farlege sjukdomar frå hus til hus gjorde dei nok også. Kanskje kneip dei bondekonene i baken. Her er det mange oppgjer vi må ta.

Bjørnstjerne Bjørsons Synnøve Solbakken er høgreekstremt voldsepos med skadeleg moral: dei mest voldelege gutta med flest knivstikk får dei penaste damene. Galskap, liksom. Ut av skulen med det.

Skal denne "alt er skadelig-trenden" halde fram, blir vår tids barnefortellingar og eventyr om personar utan kjønn og meiningar som sit fastspent med setebelte på eit sterilt golv utan å ta på kvarandre medan dei et salat med plastskei. Kniv og gaffel kan trass alt brukast som våpen. Skei kan brukast som sprettert, men så lenge karakterane kun et salatblad, går det antakeleg bra til slutt.

Legg til slutt til at eg sjølvsagt er sjokkert. Djupt sjokkert. Nokon må ta eit oppgjer, og det antageleg raskt. Kva dei må ta eit oppgjer med, er for dei fleste etterkvart openbart.

Anne Viken
forfattar av barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane, Samlaget 2012

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt