Verdidebatt

Prof. Markestad må avklare sitt syn på funksjonsnedsettelsar!

Overtramp frå Legeforeningens Etiske Råd. Av Åsta Årøen Leiar av Norges Venstrekvinnelag

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var trist lesning å sjå leiar av det etiske rådet i legeforeninga, professor Markestad sitt angrep på Siri Fuglem Berg, i Vårt Land på laurdag5.januar. Markestad er ein ivrig debattant som uttaler seg i media, og det er bra, fordi slik deltaking er eit steg på vegen mot transparens. Men Markestad sitt utfall mot Siri Fuglem Berger bekymringsfullt.

I staden for å applaudere debatten om premissane for etiske vurderingar, framstår Markestad som aggressiv. Han er svært opptatt av å legitimere dagens praksis i nyfødtmedisinen og av å forsvare sine tidligare utalelser. Sjølvsagt kan det godt hende at fleirtalet i samfunnet meiner at Markestad har rett. Men i eit godt samfunn har også mindretalet sitt syn betydning. Som politikar kjenner eg igjen kampretorikken frå den politiske arenaen, og det overraskar meg når slik argumentasjon kjem i denne settinga, frå leiaren i det etiske rådet til Legeforeningaen, ja, for Markestad er vel ingen politiker? Han er ein ivrig debattant som uttaler seg i media om etiske spørsmål innanfor det medisinske faget. Ein konstruktiv debatt om medisinsk etikk i det offentlege rom krev imidlertid også at det må det rom for dialog, dialog om verdipreferansar og om prioriteringar, og Markestad bør forstå at mange, deriblant Siri Fuglem Berg, føler eit behov for at han avklarer sine verdipreferanser samt at han begrunnar sine tolkningar av statistikken.

I eigenskap av etikkrådsleiar i Den Norske Legeforening uttalte Markestad, i desember, at dagens anbefalte aldersgrenser på foster/barn innanfor norsk nyfødtmedisin ikkje bør pressast nedover. Denne uttalelsen var utgangspunktet for Siri Fuglem Bergsitt innlegg. Ikkje alle er einige med Markestad sine vurderingar her, og det er behov for ein offentleg diskusjon om premissane for konklusjonen. Når han opptrerdenne betydningsfulle rolla som leiar av eit etisk råd, hadde det vore fint om han i større grad inviterte sine meiningsmotstandarar til dialog enn det som vart gjort på 5.januar i VL. Ein slik rådsrolle er noko anna, tenker eg, enn ein politisk kamp der målet er å vinne over og nedkjempe dei som er ueinige. Dialog og lytting bør vere prioriterte oppgåver.

Eg har sjølv opplevd det å bere fram eit funksjonshemma barn, og eg opplever Siri Fuglem Berg som ein god talsperson for ein del av oss,i denne situasjonen. Markestad sin uttalelse før jul, er eigna til å skape tvil og usikkerheit , vedrørande om Markestad og Rådet til Legeforeningen verkeleg har ei positiv innstilling til at barn blir født med funksjonsnedsettelse. Markestad sår tvil om at eit liv med funksjonsnedsettelse kan vere eit godt liv. Det er freistande å spørje Markestad: Kor mange barn skal ikkje få behandling for at ein skal unngå at nokon av dei blir fødde med funksjonsnedsettelsar? Er det rom nok i vårt samfunn for barn med varig behov for bistand? Og har kvinner ei plikt til å velge abort og å evt nekte sine funksjonsskadde barn medisinsk behandling? På 90-taletuttalte Legeforeninga at ein statistisk reduksjon av fødslar av barn med Downs syndrom, var positivt. Heldigvis vart dette negative synet på born med kromosonfeil seinare justert,  uttalelsen vart trekt tilbake. Samtidig,  det er jo ikkje utenkjeleg at mange av oss som blir berørt av denne problemstillinga, frykter at slikt tankegods framleis lever godt, i det skjulte, kanskje heilt inn i Legeforeningen sitt etiske råd? Seinast i vår gjekk ein tidlegare barnelege ut i media, både BT og TV2, og uttalte av sjuke barn hadde rett til å sleppe å bli fødde, sjå http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/helse/lege-i-abortdebatten-syke-barn-boer-slippe-aa-bli-foedt-3750817.html

Heldigvis er det fleire enn meg som tenker at det å automatisk oppfordre til å velge bort born med risiko for funksjonsnedsettelse, blir feil veg å gå, når ein skal gjere valg innanfor medisinsk behandlingsintensitet. Slik sorteringspolitikk er ikkje er ein seier for kvinnekampen, slik somme vil ha det til. Derimot er det med å påføre skuld og skam på kvinner som veljer å ta imot sine funksjonsnedsette barn. Dette er ein konsekvens Legeforeningens etiske råd må ta inn over seg. Derfor ventar eg og mange andre på at Markestad skal avklare sitt eige og rådet sitt syn på funksjonsnedsette born/foster. Godt nyttår.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt