Han jøden

Når Tor Itai Keilen møter nokon for første gong, droppar han mellomnamnet og seier faren er grekar. Det er nesten sant.

Min tro

– Slik ser ein jøde ut: Ta-da!
Tor Itai Keilen slår ut med armane. Stemma hans rungar gjennom salen ved hovudscena på Det norske teatret i Oslo. Publikum humrar lågt.
På veggen bak han er to bilete – eitt av han som liten, og eitt av ein gut som vart fødd i 1938. Begge vaks opp i Oslo, men sistnemnde døydde i ein konsentrasjonsleir under krigen.
Å vere jøde i Noreg i dag er litt som å vere fødd i feil kropp, held Keilen fram, medan han går att og fram på scena. Krøllane dansar på hovudet hans.
– Jøde. Nordmann. Jøde-nordmann. Jødefaen. Ta-da, seier han stille.

Løyndomar

Keilen er ein av fire som fortel si historie i førestellinga Utafor ved teateret denne våren. Der fortel han mykje som han aldri har sagt til nokon, ikkje ein gong sine nærmaste vener. Røper løyndomar som mora har prøvd å skjule, som han sjølv har prøvd å skjule.
– Det er ikkje slik at eg tek ein for laget, eg er veldig heldig som får vere med på dette, seier han.
Vi sit i garderoben han deler med fire andre skodespelarar. Kostymet – ei svart bukse og mørkegrøn skjorte – heng klart til førestellinga neste dag.
– Vi set opp dette stykket fordi det er viktig for samfunnet. Det er mange fordommar vi lever med i Noreg i dag, og det er ikkje berre eg og min familie som lever med den skamma.
Saman med han på scena står Faten Mahdi al-Hussaini, Yousef Bartho al-Nahi og Siri Seim Sønstelie. Svein Tindberg, regissøren av stykket, har skrive manuset på bakgrunn av intervju med alle fire. Likevel føler Keilen at det er nokon andre sine ord han seier når han står på scena.
– Eg trur det er ein forsvarsmekanisme. Eg har lært det utanåt og formidlar det som ein kva som helst slags tekst. Mi eiga historie held eg nok på ein armlengdes avstand.

Israelar nok

30-åringen vart fødd i Tel Aviv i Israel. Norsk mor, israelsk far. Dei planla å busetje seg der, men mora sleit med å finne seg jobb og følte ho ikkje vart akseptert. Ein dag fekk familien utdelt gassmasker av styresmaktene, på grunn av trugslar frå Iraks Saddam Hussein. Ei til far, ei til mor, og ei barnegassmaske. Då flytta dei til Noreg.
Mora har vakse opp med ei sterk kristen tru, men konverterte til jødedomen før Keilen vart fødd. Likevel trur han ho vart skuffa då han ikkje ville konfirmere seg i kyrkja. I staden feira han bar mitzva i Israel som 13-åring.
– Eg las frå Toraen på hebraisk. Eg hugsar eg grudde meg til det, ville gjere det riktig, fortel han.
Heile farssida av familien var der, i tillegg til mora og veslesystera. Framleis kjenner han seg heime i landet.
– Så lenge du er jøde, så er du israelar nok. Det tykkjer eg er fint, seier han.
– Men i Noreg er eg norsk, sjølv om eg av og til ikkje er norsk nok.

Du blir stilt til ansvar for at du skal kunne mykje om jødedomen. Men eg feira berre høgtidene

—   Tor Itai Keilen

Grekar

Når han seier namnet sitt – Tor Itai Keilen – får han gjerne eit spørsmål tilbake: Itai, kva er det? Som då han byrja på barneskulen på Kjelsås i Oslo.
– Eg fortalde at det er eit jødisk namn, at far min er frå Israel.
Kvar gong jødedomen var tema i klasserommet, vart Keilen spurt om han kunne fortelje litt. Korleis feirar de pesach? Kanskje du kan seie noko på hebraisk?
– Ho tok det opp fordi ho tykte det var noko fint. Men det gjorde at eg vart han jøden i klassa. Du blir stilt til ansvar for at du skal kunne mykje om jødedomen. Men eg feira berre høgtidene og visste ikkje nødvendigvis så mykje.
Når nokon sa «jævla jøde» i skulegarden, prøvde han å le det vekk. Då bestevenene bada ute om sommaren, ville han ikkje vere med. Han unngjekk å dusje saman med dei andre etter gymmen, fann alltid på orsakingar, ville ikkje vise at han var omskjert. Om han trefte nokon for første gong, droppa han namnet Itai.
– Det var lettare å berre vere Tor Keilen, seier han og trekk på skuldrene.
– Gjer du det framleis?
– Det kjem an på kven eg møter.
Han har jobba som lærar i ungdomsskulen og kulturskulen, der han underviser i teater. Når han møter ei ny gruppe, seier han at han heiter Tor. Ferdig snakka.
– Men så kan det vere nokon som kommenterer at eg ikkje ser heilt norsk ut. Du har så mørkt hår, kvar er du eigentleg frå? Då kan eg svare at far min er grekar. Både farmor og farfar vart fødde i Hellas på 1920-talet, så det er nesten sant.
– Kvifor ikkje seie det som det er?
– Viss eg ser at der er mange muslimar i gruppa, så tenker eg det vil skape mykje debatt om eg seier at eg er israelar. Endå verre om eg seier at eg er jøde, seier han.
– Det kan hende det berre er mine fordommar. Men det er veldig mange som assosierer det å vere jøde med Israel. Det hadde vore fint om folk sa: Vi veit du er jøde, men vi drit i det.

Kvefsebol

I 2009 tok tusenvis av Oslo-buarar til gatene, i protest mot Israels framferd i Gaza-krigen. Krigen varte i tre veker og resulterte i over tusen palestinske dødsfall og 13 israelske.
Som alltid når situasjonen i Midtausten er ekstra betent, følte Keilen eit behov for å forsvare landet han vart fødd i. Han stilte opp framfor Stortinget i ei støttemarkering for Israel.
– Eg var i den gjengen som vart kasta steinar på. Han ved sidan av meg fekk ein svær stein i hovudet. Tåregass vart kasta inn. Vi måtte berre bryte opp.
– Kan du forstå dei på den andre sida, som vert veldig sinte på Israel?
– Ja, sjølvsagt er dei sinte og bitre, det skjønar eg veldig godt.
Sjølv ynskjer Keilen at palestinarane skal få sin eigen stat. Han tykkjer også det er unødvendig at israelarar buset seg på Vestbreidda.
Samtidig elskar han at jødane har fått eit eige land, men opplever det som urettferdig at dei fekk det utan å bli fortalt at nokon budde der frå før, som han uttrykker det.
– Det kan ein også skulde verdssamfunnet for, at dei ikkje gjorde noko for palestinarane. Det er ein følgjefeil i verdssamfunnet, og det tykkjer eg ikkje ein skal stille Israel til ansvar for. Igjen og igjen er det Israel som får skulda.
Han bankar knyttneven i bordet framfor seg for kvart ord. Keilen kallar debatten eit kvefsebol som han helst held seg unna. Han vert skulda for å vere hjernevaska.
– I dei diskusjonane er eg ikkje norsk. For det som er å vere norsk, er å vere pro-Palestina. Sånn kjennest det.

---

Tor Itai Keilen

  • 30 år, sambuar
  • Dramapedagog og skodespelar
  • Er aktuell med førestellinga Utafor ved Det norske teateret, regissert av Svein Tindberg

---

Ikkje åndeleg

Med kristen mor og jødisk far, følte Keilen at han måtte finne sin eigen veg. Som tenåring ba han til Gud når han hadde det vanskeleg på skulen, men følte ikkje at han fekk svar. Etter kvart kom han fram til at Gud er skaparen, ikkje noko meir.
– Gud skapte alt, heile universet. Han er ei kraft som vi menneske skuldar våre liv til, som vi bør vere takksame for. Men han beskyttar oss ikkje nødvendigvis når vi er i naud eller passar på oss når vi er sjuke. Eg trur ikkje han våkar over oss lenger.
– Er du skuffa?
Han tenker litt.
– Ja, det er eg nok.
– Kva er Guds rolle, tenker du?
– Å skape meir andre stadar i universet, som vi ikkje har kjennskap til. Her på jorda er det vårt ansvar å sjå om vi greier å bruke det vi har fått til noko godt.
Keilen vil ikkje kalle seg ein åndeleg person. Han ber ikkje tre gongar om dagen og overheld ikkje sabbaten kvar laurdag. Men eit åndeleg nærvær, det har han opplevd.
I fjor haust var han i Jerusalem saman med dei andre i Utafor-førestellinga.
– Eg var den einaste som gjekk bort til Klagemuren. Då kjende eg ei slags indre ro i kroppen. Eg veit ikkje om det var Gud, men det var ei frigjerande kjensle av at noko åndeleg kom over meg.
Det same kjende han på då han og sambuaren besøkte den jødiske gravplassen i Berlin for eit par år sidan.
– Det var ei kraft, på ein måte. Det er ein aura der som er vanskeleg å forklare. Det kallar eg åndeleg.

Davidsstjerna

Då han var litt over 20, sa han til mora si at han ville byrja å gå med davidsstjerna rundt halsen. Ho sa: Det er greitt at du er jøde og at du er stolt av det, men ikkje vis det.
Keilen argumenterte med at vi har religionsfridom og ytringsfridom i Noreg. At det må kunne gå an å ha på seg det ein vil utan å vere redd for livet sitt.
– Jaja, men er du villig til å ofre livet for det, spurte mamma. Det er ein dramatisk måte å seie det på, men ...
Kvar gong mora såg han, dytta ho stjerna ned i t-skjorta hans eller knappa att skjorta. Etter ei ubehageleg oppleving på bussen, der ein mann prøvde å rive av han kjeda, bytta Keilen ut stjerna med to hebraiske bokstavar som tyder «lever».

Blir far

30-åringen har ikkje behov for å knytte seg til eit jødisk trussamfunn.
– Min jødiske identitet handlar meir om tilhøyrsle og tradisjonar, forklarar han.
I august i år skal han bli far for første gong. Det er viktig for han at dottera blir jødisk.
– Det er mi fordømte plikt å lære mine barn at seks millionar jødar vart drepne under krigen, fordi dei var jødar. Vi lærer jo barn i ungdomsskulen om det i dag, men dei kan framleis springe rundt i friminuttet og rope «jævla jøde». Eg vil at mine barn skal kunne stå opp for jødane.
Han vil ta kontakt med Det mosaiske trussamfunnet i Oslo, for å høyre om dei kan hjelpe å konvertere dottera når ho er nyfødd. Så får ho ta eit standpunkt sjølv under bat mitzvaen som 12-åring.
– Er det annleis å vekse opp som jøde i Oslo i dag enn då du var liten, trur du?
– Det kan vere det er vanskelegare, seier han etter ei tenkepause.
Han skulle ynskje han hadde sagt som ung: Eg er jøde og eg er stolt av det. Men han ville heller vere som alle andre.
– Viss mine barn må skjule at dei er jødar, så får dei gjere det. For meg er det berre viktig at dei er det, og at dei veit det sjølve.

---

4 raske

  • Gud er: Skaparen
  • Eg klarar meg ikkje utan: Ytringsfridom
  • På min gravstein skal det stå: «Eit godt førebilete»
  • Boka alle må lese: Fluenes herre av William Golding

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro