Verdidebatt

Kristeleg Fomleladd

Du skal no få høyre soga om Kristeleg Fomleladd. Han vart fødd i det Herren sitt år 1933, på ein gard i hordane sitt land. Det var tronge kår heime, men stor gudsfrykt og mykje omsut. Den heilage boka, Bibelen låg alltid ope på stovebordet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Far til Fomleladden var den gamle høvdingen Vingstre. Han var ein stor mann og viden kjend i landet for di han ein gong i tida hadde skipa sjølvaste styringssystemet som kongeriket bruka. Til å byrja med let far hans sonen kome inn på det store tinget i hovudstaden, men brått endra han seg og ville ikkje lenger la sonen vere på tinget for honom. Dei var ikkje heilt samde Kristeleg Fomleladd og far hans om saker som fråhald og lekmannsrøyrsla.

Fomleladden lyt difor freista å koma inn på tinget på eiga hand, og med god støtte i frå dei kristne venane sine lukkast han. Han kjende seg framand i hovudstaden og heldt seg difor mest til gamlefar Vingstre og den eldgamle Bonderøvaren. Ikkje lenge hadde han vore på det store tinget før kongeriket  vart hærteken av germanarane. Dei ville bruka landet til åtak på angelsaksarane og seinare Gardarriket i aust. I heile fem år fekk ikkje nokon på tinget løyve av germanarane til å seie nokon ting. Men,  etter at krigen var over fekk Kristeleg Fomleladd med seg mange hjelparar på tinget. Tida under germansk undertrykkjing hadde laga ei kjensle av nasjonal  sameining.

Å styra riket det fekk likevel ikkje Fomleladden høve til, for Arbeidarrallaren sat med all makta. Dette endra seg i 1963, då Arbeidarrallaren fekk eit born som trossa far sin og let dei borgarlege venane få styringa.  Vingstre, Bonderøvaren og Fomleladden måtte likevel samarbeidde med den store kjøpmannen Høgre, for dei var for småe åleine.

I 1972 endra dei politiske tilhøva seg, for Arbeidarrallaren og Høgre ville båe gå inn i den Europeiske Sameininga. Dei tre gamle venane i frå bygda kunne ikkje lenger styra saman med Høgre då, for dei var i mot at Noreg skulle gi i frå seg retten til å rå over eige land. Dei skipa difor regjering saman, og det gjekk fint i eitt år. Då braut regjeringa saman, og Kristeleg Fomleadd vart djupt  såra og vonbroten.

Arbeidarrallaran held fram med styringa atter ein gong.  Kristeleg Fomleladd tykte han var særs uvøren og ukristeleg, og han las aldri i Den heilage boka. Då Arbeidarrallaren let folk få lov til å ta livet av dei ufødte borna sine, stod Fomleladden i den framste rekkja av kritikarar. Han fekk mykje oppslutnad av det og endå fleire hjelparar med seg inn på tinget. Fomleladden klarte likevel ikkje å tenkje ut nye tankar, for all energien gjekk med til å gå til åtak på Arbeidarrallaren.

På 80-talet hadde kjensla av sameining og omsutnaden for kvarandre kome bort, og kjøpmennene fekk makta. Kristeleg Fomleladd fekk likevel bli med etterkvart og regjera i landet saman med Bonderøvaren og Høgre. Dei snakka ikkje same språket, Fomleladden og Høgre, men dei vart likevel samde om mykje.  Desse kameratane hadde gløymd at Høgre hadde ein gamal lausunge som no byrja å verte stor. Dei kalla han Framstegstrollet for di han berre ville gå framover og ikkje sjå seg attende. Ingen av regjeringsvenane ville tale med honom, for han var særs rampute og uhøvisk. Det var berre det at Framstegstrollet hadde og kome seg inn på det store tinget, og han vart gretten når han ikkje fekk vere med og styra han og. Han lyt difor Arbeidarrallaren ta over styringa igjen.

Dei tre borgarlege venane freista å skipa ei regjering igjen nokre år seinare, men atter eing gong vart det usemje om tilhøvet til den Europeiske Sameininga som sprengde dei. Han hadde så fine vanar Høgre, og han drakk fine vinar i frå Frankarriket rett som det var. Kristeleg Fomleladd kjende seg einsam i storbyen og lengta heim. Men, brått då det kom eit nytt tiår vart folk leie av kjøpmannskulturen, og dei byrja å tenkje på åndelege verdiar att. Dette var bra for Fomleladden, og han fekk til og med rå over ei regjering saman med dei gamle venane sine i frå bygda.

Fomleladden var til vanleg ikkje særleg snøgg i tankane, og han hadde berre så vidt klara å koma i gjennom framhaldsskulen då han var ung.  Han vart likevel godt likt hjå folket, for han hadde gjeve dei mykje meir pengar enn før for for å vere heime og passa borna sjølve. Han fekk mykje meir tru på seg sjølv etter dette og byrja å drikke raud vin i frå Frankarriket han og. Han åt fine matrettar på etestadene i storbyen og hadde det morosamt saman med dei gamle venane sine. Han slutta etterkvart med å lese Bibelen,  som var skriven på landsmål. Medan den støva ned i bokhylla, las han i staden bøker på angelsaksisk om jamstelling mellom mann og kvinne. Ja, han hadde vorte samd med Arbeidarrallaren no, om at det måtte verte jamstelling mellom kjønna.

Men, Fomleladden var ikkje vand med så fin mat, og magen hans kom i ulage. Til sist fekk han så mykje gass i magen sin at han ikkje greidde å stå ved roret og styra skipet lenger.  Han vart og felt av Framstegstrollet som nok ein gong var arg fordi han måtte stå på gangen. Arbeidarrallaren nytta høvet til å overta styringa igjen, som så mange gongar før.  Det nye no var at dottera til Arbeidarrallaren, Sosialisttausa og den eldgamle Bonderøvaren og vart med i regjeringa saman med Arbeidarrallaren. Fomleladden var lei seg for å ha mista sin gamle bondeven, men det hadde seg så at Bonderøvaren  hadde vorte lokka av Arbeidarrallaren med at han skulle få mykje meir pengar til gardane sine for å byte side.

Fomleladden kjende seg einsam no, og keisamt vart det og når ein ikkje fekk vere med og ta avgjerder for landet. Ikkje nok med det, men han hadde gløymd kven han var og kvar han kom i frå. Rotløysa gjekk hardt innpå honom, og han trøysta seg med dei franske raude vinane om kveldane. Han heldt kontakt med gamlefar Vingstre og til dels Høgre. Høgre ville han skulle byrja å tale med Framstegstrollet, for han ville ikkje at han skulle felle dei ein gong til. Fomleladden mumla berre eit merkjeleg svar tilbake, for han vart usikker no. Han ville regjera igjen, men kunne framleis ikkje tale med det rampute Framstegstrollet. Rådlaus sat han og grubla på dette i sju lange år før det hende noko uventa med honom.

Ei fager møy Fomleladden  hadde vore kjæraste med i ungdomen,  dukka no brått opp. Dei vart kjærastar igjen, og no fekk han eit heilt nytt liv. Ja, det var på høg tid, for han var over sytti år gamal no. Dei låg sjølvsagt ikkje saman før dei hadde gifta seg i kyrkja i heimbygda. Den fyrste natta saman kviskra den fagre kona hans noko i det eine øyret hans:  «Framstegstrollet er ikkje så farleg som du trur. Du må tale med honom og bli samd om ei slags løysing for samyrke.»  Ei vakker kone har naturleg nok mykje meir påverknad på ein mann enn nokon andre, og slik vart det til at Kristeleg Fomleladd endra sitt syn på det fæle Framstegstrollet.

No står dei saman, Kristeleg Fomleladd, Vingstre, Høgre og Framstegstrollet og speidar etter skipsroret…

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt