Verdidebatt

Alle massakrars far 3

GT er full av massakrar, redsel og gru. Moses hadde fått utlevert bodet om ikkje å slå i hel samt ikkje trå etter sin nestes eigedom. Gjorde det Moses til eit betre menneske?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

4.Mob,31 skildrer korleis Israels folk, på ordre frå Herren , gjekk til åtak på Midianittane. Utan å miste ein einaste soldat, slakta israelittane alle midianittiske mannfolk og tok ungar, kvinnfolk og herfang med til Moses. Moses vart flyg forbanna (4M,31,14) og kommanderte (4M,31,17) ”Så slå nu ihjel alle guttebarn og alle kvinner som har hatt samleie med menn.” Jentungar (frå 12 år og nedover til speborn?) talde 32000 og dei inngjekk i rovet. Herren sin del var 16.750 sekel gull, 657 småfe, 72 storfe, 61 asen og 320 jentunger etter nyslakta foreldre. Jahve gjev også ordre om kvitvasking av rovet, det som toler varme skal rensast med eld og resten skal vaskast med vatn!

Kor mange vart drepne? Kor stor del av midianittane utgjorde jentunger uten seksuell erfaring? 1/6 av folketalet er vel ikkje urimeleg. I so fall drap isrealittane 150000 menneske utan å miste ein einaste person. Det tyder på at midianittane var fredelige byfolk?

Er Herren rettferdig, full av nåde og kjærlegheit eller eit uhyre?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt