Verdidebatt

"Turken" eller Fjordman - kven er mest farleg?

I min barndom hende det at eldre folk skremde oss med "turken", og i vår tid gjer somme det same. Antirasistisk Senter og Vårt Land vil derimot skremme oss med Fjordman. Kven skal vi så tru på?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var ei gammal kone i nabolaget som stundom sa: "Er de ikkje snille, så kjem turken og tek dykk!" Vi hadde ikkje tankar om kven denne "turken" var, så trusselen hadde liten effekt. Seinare har eg lært at det var snakk om tyrkarane, eller rettare, muslimske kaprarar frå Det osmanske imperium, som med utgangspunkt i Nord-Afrika tok hundretusenvis av europeiske sjøfolk til fange frå år 1500 og heilt fram til Frankrike erobra Algerie i 1830. Ved strandhogg vart også fastbuande tekne som slavar, frå land så langt nord som Island. Over 1 million europearar enda på denne måten som slavar i det muslimske Nord-Afrika, nesten dobbelt så mange som svarte afrikanarar fanga og selde til slaveri i noverande USA. Det var difor ikkje rart frykta for "tyrkarane" heldt seg levande i generasjonar, slik utsegna over vitnar om. I tillegg var Balkan og delar av Sentral-Europa okkupert av dei eigentlege tyrkarane i endå nokre tiår. 

I vår tid kjem ikkje muslimar for å ta oss til fange, men for å busetje seg her, slik dei i si tid gjorde i Austromarriket (Bysants). Dels kom dei som arbeidsinnvandrarar, folk frå Nord-Afrika til Frankrike, tyrkarar til Tyskland, pakistanarar til England og Skandinavia. No kjem dei fleste som asylsøkjarar frå krigsområde som Irak, Somalia og Afghanistan. Med familiegjenforeining i tillegg har talet på muslimske innvandrarar og deira etterkomarar i Europa nådd fleire titals millionar. Gresk kultur og folk vart i si tid gradvis fordrivne frå Lille-Asia, den siste rest for mindre enn hundre år sidan, og tyrkarane tok over. Hundrevis av kyrkjer i Konstantinopel enda som moskéar i byen som no fekk namnet Istanbul. Sjølv den no 1500 år gamle katedralen Hagia Sofia fungerte som moské til det sekulære styret til Atatürk i 1935 gjorde han om til museum. Skepsisen til muslimar flest, og til Tyrkia spesielt, har difor vore stor på Balkan, på Kreta og ikkje minst på Kypros, som vart invadert derifrå så seint som i 1974.
Også i Vest-Europa har muslimsk folkevekst skapt uro, særleg fordi fertiliteten til dei innfødde europearane minkar så sterkt. I Tyskland har den sosialdemokratiske politikaren Thilo Sarrazin skapt furore med boka "Tyskland avskaffar seg sjølv", og jamvel den høgt respekterte ekskanslaren Helmut Schmidt har vore sterkt kritisk til innvandring og til tyrkisk medlemskap i EU.

Leiaren i Vårt Land frå i går handla om borgarkrigen i Syria, og om Tyrkia, Saudi-Arabia og Qatar, som "er dypt uroet over det som skjer i nabolandet (?) Syria", og derfor (!) vil forsyne opprørarane med våpen. VL konkluderer slik: "Assad må bort, men de land som nå engasjerer seg sterkest for å kaste ham, har et spesielt ansvar for skjebnen til de religiøse minoritetene under et nytt regime." Dette er eit fromt ønske, men hjelper nok lite. Ein treng ikkje gå lenger enn til sportsredaktør Gilbert sin artikkel på same side for å sjå Qatar og Saudi-Arabia nemnt, som 2 av 3 muslimske land som ikkje tillet kvinner å ta del i OL. Verre er det at kvinner i Saudi-Arabia heller ikkje får køyre bil eller gå ut av huset utan mannleg følgje, og at styresmaktene der praktiserer dei mest groteske straffemetodane som sharia-lovene føreskriv. Qatar og Saudi-Arabia finansierer dessutan dei fleste nye og prangande moskéane i Europa, medan dei forbyr bygging av kyrkjer i sine eigne land. Ikkje eingong kristne asiatar på slavekontrakt får der ha eit gudshus å gå til.

Vårt Land har tidlegare hatt mange artiklar om forfølging av kristne i muslimske land, men har aldri vore inne på tanken om at liknande kan skje også her til lands, både av ekstreme sekularistar og eingong i framtida kanskje også frå muslimsk hald. Tvert om ser det ut til å vere redaksjonen si linje å sleppe til spaltistar som Ingunn Folkestad Breistein, som argumenterer for utopien om opne grenser og universell solidaritet, og å bruke tidlegare leiar i Muslimsk Råd Norge, Shoaib Sultan, no tilsett hos Antirasistisk Senter, som ekspert på dei høgre-ekstreme, in casu Fjordman. Debattklimaet i landet har blitt slik at det er fritt fram å setje fram påstandar om personar, men forbode å kome med grunngitt kritikk av grupper, for det kan stigmatisere, må vite. Eg har ingenting i mot muslimar, men det er sider ved islam som er mørke, undertrykkjande og farlege, og som eg ikkje ønskjer skal få innpass her til lands. Kva andre folk vel å gjere, får bli deira sak, men i Noreg må vi for all del unngå at vi sjølve kjem i mindretal og dermed misser råderett over land og styre. Og i ein slik samanheng kjem ikkje faren frå ein enkeltståande person som Fjordman, eller det han skriv på utanlandske nettsider, men derimot frå akselererande innvandring.

Rett nok har Fjordman skrive så mangt, og dei mest ytterleggåande synspunkta og konklusjonane hans kan eg ikkje dele, men eg tykkjer han bidreg med mange gode poeng i Appendix C i "Selvmordsparadigmet", boka til Ole Jørgen Anfindsen. I eitt avsnitt der legg han seriøsiteten til sides og gjev seg parodien i vald. Det vil kanskje ergre dei store, men enkelte små kan det more:

"Når jeg ser på dagens situasjon i Vest-Europa får jeg følelsen av å være brannmann som ankommer et hus som står i brann. Til min forbauselse oppdager jeg at jeg ikke uten videre får lov til å slukke brannen. Jeg må først bevise at jeg bruker EU-sertifisert destillert vievann, velsignet av en Trond Giske-godkjent kvinnelig prest og vegetarianer som lever i homofilt partnerskap og kjører elbil. Deretter må Diskrimineringsombudet sjekke at brannkorpset er "mangfoldig" nok, gjerne med en somalier i rullestol som røykdykker. Til slutt kan vi kanskje, hvis Jens Stoltenberg og FN vil, aller nådigst få skvette litt vann på branntomten. Ikke sjelden blir vi attpåtil anklaget for å være pyromaner som har tent på bygningen i utgangspunktet."

Den siste setninga vart meir profetisk enn sjølv Fjordman kunne ane.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt