Verdidebatt

Kva er eit livssynsope rituale?

Regjeringa har arbeidd med eit gravferdsrituale som skal vera livssynsope. All ære til dei for motivet: å prøva å møta eit mangfaldig samfunn. Men kva er eit livssynsope rituale? Og vil det tena dei som utgjer mangfaldet: truande og ikkje-truande?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Framlegget til livssynsope gravferdsrituale ser ut til å vera ei ramme som kan fyllast etter ynskje med tekstar, song og musikk. Slik eg oppfattar det treng det ikkje vera eit livssynsnøytralt rituale.

Kan henda er dette ritualet eit svar på noko einskilde i samfunnet har spurt etter. Ikkje alle opplever at til dømes kyrkja eller Humanetisk forbund har det opplegget dei ynskjer. For min del sit eg att med fleire spørsmål enn svar:

- Eit livssynsope rituale; vil det fremja ei blanding av livssyn og religionar når ein vel songar og tekstar "som ikkje heng i hop"?

- Er ei gravferd ei så personleg sak at ein skal setja saman "sitt eige"?  Står individet så sterkt i samfunnet vårt, og er det evt ynskjeleg at det skal vera slik?

- Har eit slikt livssynsope rituale parallell nokon stad i verda? Er det andre kulturar, samfunn som har noko liknande?

- Finnest det andre land der regjeringa har laga framlegg til slikt rituale?

Eg sit ikkje med svara på desse spørsmåla. Eg veit heller ikkje kva eg vil meina om ulike svar på spørsmåla. Men eg synest framlegget om livssynsope gravferdsrituale bør setjast inn i ein større samanheng enn kva ledd som skal vera med, kva tekstar som kan nyttast og om me reint praktisk kan få det til å fungera.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt