Leif Halvard Silli

69

Selektiv lesing av Breivik

Med «Tilfellet Norget» har Vårt Land-kommentator Åshild Mathisen — utan bruk av ordet «schizofreni» — levert ein artikkel om koss Breivik bør dømast. Slik viser ho koss dei som vil ha Breivik kjend tilrekneleg tenkjer: Ein ser bort frå galskapen.

Publisert: 21. jun 2012

Med «Tilfellet Norget» har Vårt Land-kommentator Åshild Mathisen levert ein artikkel utan ordet «schizofreni». Dette hindra henne likevel ikkje i å la artikkelen handla om koss Breivik bør dømast.

Mathisen meiner retten kan vurdera Breiviks handlingar på to måtar:

  • Anten er dei uttrykk for «hans politiske overbygning», nemleg «ekstremisme, islamofobi og kvinnehat»,
  • Eller so er dei uttrykk for at «ideologien [til Breivik] nærmest er bygd opp rundt» «drapstankene».

Av dette kan me slutta to ting: For det fyrste leiver ho ikkje «drapstankene»-alternativet mykje truverd. Og for det andre tvilar ho heller ikkje på at Breivik har ein ideologi.

Og det er dette som er den dulde sirkelargumentasjonen hennar: Fordi Breivik har ein ideologi, og fordi «drapstankar» ikkje kan kallast «ideologi», sluttar Mathisen at det ikkje kan vera «drapstankene» som fekk han til utføra handlingane sine.

Vilje til å sjå noko meiningsfullt  — ein ideologisk fundert motstandar — i Breivik er både forståeleg og langt ifrå eineståande, ho deler det t.d. med Thomas Hylland Eriksen. Men kjem ein i mål på den måten?

Om det å sjå bort frå «ideologi»

Mykje er sagt om at Husby og Sørheim har sett bort ifrå «ideologien». Men er det i det heile mogeleg å vurdera Breivik og handlingane hans utan å avskjera — som dei seier i retten — visse sider av Breivik?

Etter mitt syn: Nei.

Den som vurderer fenomenet Anders Behring Breivik er nøydd å koma til rette med tri tilhøve ved gjerningsmannen:

  1. Det ideologiske babbelet hans: anti-multikulturalisten Breivik
  2. Galmanns-rabbelet hans: Breivik som «sin slekts frelser»
  3. Handlingane hans: massedrapsmannen Breivik

Slik eg tolkar Mathisen og fleire andre som vurderer Breivik som tilrekneleg, so avskjer dei galmanns-rabbelet hans frå å telja med i vurderinga — dei bortforklårar det som «pompøst» osb.

Ein ting ved denne tilnærmingsmåten eg alltid kjenner på er at han ikkje tek nok omsyn til Breiviks massedrap. Har dei som tenkjer slik tenkt grundig nok over om denne tilnærmingsmåten ikkje lett bikkar over i at òg massedrapet hans berre var ein litt vel pompøs måte å spreia manifestet på? Når Breivik under rettssaka kunne seia at han hadde late vera å utføra udåden berre fleire hadde røysta på FrP, so er det jo på ein måte det han sjølv seier.

Dermed har me kome inn på det det er ålvorleg at Mathisen ignorerar: Galskapen hans. Den Breiviken som omtalar seg som «sin slekts frelser». Mathisen nemner «kvinnehat» — misogyni. Men det var ikkje med kvinnehat i røysta at Breivik vende seg til advokat Engh og omtala henne som «ei flott nordisk kvinne»? Når han dinæst la til at ho og Holden burde sjå på Breivik som «sin slekts frelser», vart det klårt at  det var som ein slags Jesus han tala …

Vel bort éin: galskap eller babbel

Det viktige poenget mitt her er at dei av oss — ikkje minst Husby og Sørheim — som ser Breivik som utilrekneleg, mange gonger har vore skulda for å sjå bort frå ideologien hans. Men min påstand er at at dei som står for det motsette — at mannen er tilrekneleg — sanneleg ikkje er mindre dugande når det gjeld det å ignorera. Det er berre det at ein ignorererer noko anna: Galskapen.

Dermed er eg heilt open på at me som held oss til Husby og Sørheims konklusjon, me ser faktisk litt bort ifrå det ideologiske babbelet. Samstundes nektar me å ignorera galmanns-rabbelet — det tek me på ålvor.

Eller, meir presist: Både Husby og Sørheim — og me som stydjer oss til deira tolking — har studert manifestet. Det er berre det at me avferdar det som banalt og dumt — utan indre samanhang. Me tillegg det òg avgrensa verd at Breivik har evna å nytta klypp og lim i dataprogram..

Microsoft Word eller ideologi?

Den som vektlegg det Mathisen omtalar som Breiviks «politiske overbygning», er nøydd å leggja stor vekt på Microsoft Word-dokumentet og Youtube-videoen til Breivik. Og so snart ein gjer det, byrjar ein naturleg nok raskt å leita i det miljøet Breivik har lagt inn i desse to dokumenta — og kjem fram til Fjordman, Document.no med fleire.

Kva er det å ha ein ideologi? Dersom det å velja røystesetel i eit politisk val er definisjonen på å ha ein ideologi, so har mange av oss ein ideologi.

Men kva kan ein lesa og verta ideologisk av, i Breiviks manifest? Han sjølv meiner at det å lesa manifestet automatisk ideologiserer deg.

Vanlegt folk kan so klårt konsentrera seg om det han stal ifrå Fjordman. Men ei meir truverd lesing krev ei onnor haldning. Det er med Breivik og manifestet hans som med Bibelen: Selektiv lesing er ikkje vegen å gå. Og det er der Mathisen, Tørrissen og Aspaas går seg ville: Dei driv selektiv lesing.

Dersom me no er samde om at ein anten må ignorera babbelet eller so må ein ignorera rabellet, då vert den eksegetiske oppgåva slik: Er det mest rimeleg å ignorera babbelet eller rabbelet? Gjev babbelet mest meining i ljos av rabbelet — eller omvendt?

Etter mitt syn er babbelet — «ideologien» — mest rimeleg å tolka i ljos av galskaps-rabbelet. Dersom Mathisen har problem med Fjordman og gjengen, må den kampen dermed førast i basketak med Fjordman. Det hjelper lite å ta Breivik.

Samstundes er eg open for at andre kan sjå det annleis. Det eg likevel ventar meg er at ein ikkje let som om at ein ikkje har eit problem.  For det er det som er problemet mitt med Mathisen: Ho tykkjest ikkje sjå at ho har eit problem …

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere