Verdidebatt

Kva er biskopane si oppgåve?

Bispekollegiet har vore samla på Svalbard. Der såg dei spor av global oppvarming. Det uroa dei så kraftig at dei fann grunn til å uttala seg om klimaforliket som nett er inngått på Stortinget.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei norske biskopane er opptekne av klima, og dei refser partia på Stortinget for ikkje å gå langt nok i Klimaforliket. Biskopane er utålmodige og vil meir enn politikarane for å berga jorda frå undergangen.


Dette er problematisk. Eg meiner at biskopane si fremste oppgåve er å forkynna Guds ord til frelse for menneske. Men så langt eg kan forstå er det lenge sidan dei har gjort det. No  fungerar dei meir som ein politisk tenketank for miljørørsla.

Eg meiner ikkje at engasjement for miljøet er uviktig. Men det er ikkje biskopane si oppgåve å berga miljøet. Dei skal berga menneske frå den evige domen.

Hadde dei slik synt omsorg for sjelene, kunne det vera meiningsfullt å gje frå seg nokre profetiske ord om grådigskap. For det er denne synda som driv fram øydelegginga av miljøet, og ikkje berre av miljøet, men også av menneskesinnet. For Gud seier at hugen etter pengar er ei rot til alt vondt, og det både i samfunnet og i den enkelte av oss. Det øydelegg gode seder, tru og samliv, og pengehugen blindar oss slik at me taper perspektivet og lett syndar for å skaffa oss meir rikdom.  Det er denne synda som utarmar kloten, og som lett fører mennska under Guds evige dom.

Når bisopane er så lite engasjerte i å berga menneska frå fortapinga, kan det forresten koma av dei ikkje lenger trur at denne vanlagnaden kan råka folk?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt