Verdidebatt

Antisemittisme på norsk

Holocaustsenterets undersøking om antisemittisme i Norge avdekte det vi frykta. Eldgamle fordommar mot jødane har djupt rotfeste og spirar fram når jordsmonnet er det rette (eller helst: gale). At vi er meir siviliserte i haldningane og uttrykka våre enn det som blir avdekt i austeuropeiske land innfor fotball-EM, er ikkje mykje å skryte på seg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kvar åttande nordmann har det som blir forstått som sterke fordommar. Kvar femte nordmann trur på konspirasjonsidear om at jødane som gruppe jobbar i det skjulte for å fremje jødiske interesser verdsvidt, ein falsk tanke med utgangspunkt i det sterkt antisemittiske skriftet “Sions vises protokoller” frå 1905. Skriftet var vesentleg i motivasjonen for naziregimets utrydding av jødar og er svært utbreidd og trudd i landa i Midt-Austen i dag. Fire av ti nordmenn likestiller den israelske statens handsaming av det palestinske folket med den nazistiske utryddinga av jødane under krigen. Det er totalt historielaust. Og om vi kan supplere med ei fersk undersøking frå USA: Tre av fem nordmenn trur at norske jødar er meir lojale mot Israel enn mot Norge. Når skal Henrik Wergelands Norge akseptere rikets jødar som ekte norske? Eg spør med Aftenpostens kulturredaktør i Aftenposten 6.juni: Lærer vi aldri?

Undersøkinga viser at det er behov for ei stor opprydding i folks tankar og mentalitet. Når haldninga mellom folk er slik, er det ikkje underleg at eitt av tre jødiske born opplever hets for bakgrunnen sin i norsk skole. Over halvparten av dei 160 jødiske skoleborna i Norge har høyrt ordet “jøde” blitt brukt som skjellsord. Opplysningane som kom fram om dette i fjor peika særleg på norske muslimar som kjelde til denne hetsen. Den ferske undersøkinga frå Det Mosaiske Trossamfund avdekker at halvparten av jødane i Norge minst ein gong har opplevd å bli utsett for antisemittisme.

Den kristne kyrkja si historie er full av antisemittisme og maktbruk mot jødar. Etter siste verdskrigen har kyrkjene i stor grad tatt oppgjer med dette. Vi er likevel ikkje blitt immune mot denne pesten.  Derfor er det vesentleg at vi mobiliserer mot dei haldningane som kjem til stadig sterkare og meir frimodig uttrykk i samfunnet vårt. At dette blir meir og meir avdekt, er ein fordel. Samtidig gir det grunn til refleksjon om kva som gjer anti-jødiske haldningar stovereine. Fire av ti skjelnar ikkje mellom jødisk og israelsk. Det bør minne media og politikarar om den rolla dei har som offentlege meiningsdannarar. Det er naturlegvis legitimt å vere kritisk til politikken både i Israel og i Norge utan å vere rasistisk. Som Midt-Austen sitt einaste reelle demokrati har Israel ein aktiv opposisjon og stort rom for offentleg diskusjon. Den einsidig negative haldninga til Israel i norske media er likevel ei stor utfordring når så mange vanlege menneske ikkje veit forskjellen på jødisk og israelsk.

Det jødiske miljøet i Norge har gitt oss svært gode røyster i samfunnsdebatten. Tidlegare forstandar Anne Sender har vore ein av dei mest reflekterte bidragsytarane i det offentlege ordskiftet. Jødiske leiarar har også vegra seg for de store overskriftene om antisemittisme. Dei vil gjerne unngå offerrolla. Det er forståeleg. Kanskje fleire skulle lære av det. Likevel må vi som ikkje er jødar stå opp mot dei haldningane som dei møter i storsamfunnet og oppmuntre det jødiske miljøet til å la den nøkterne og klare røysta si høyre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt