Verdidebatt

Kvifor får nesten aldri nonner livmorhalskreft?

Ein lege i 1842 fann at jomfruer og nonner hadde mindre sjans for å få livmorhalskreft. Korleis reagerer vårt i utgangspunktet tolerante samfunn på at nokon nektar å vere med på Statens massevaksinasjon av 13-åringar for livmorhalskreft?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dette var eit av spørsmåla som leda den tyske kreftlegen og forskaren Harald zur Hausen mot oppdaginga av HPV-viruset, som han vann Nobelprisen i medisin for i 2008.  Alt i 1842 fann den italienske legen Rigoni-Stern at gifte kvinner, enkjer og prostituerte hadde høgare sjans for å få livmorhalskreft enn jomfruer og nonner.  Rigoni-Stern konkluderte med at seksuell kontakt var avgjerande for å få livmorhalskreft (zur Hausen, 2008).  I 1976 bekrefta zur Hausen at seksuelt overførbare HPV-virus speler ei viktig rolle for å få livmorhalskreft.

Aftenbladet slo 8. mai opp på førstesida at kristne skular takkar nei til vaksine mot livmorhalskreft. Dei tre kristne ungdomssskulane Sandnes friskole, Tryggheim Forus og Vatneli skole har få elevar som tar vaksinen, og ynskjer heller å undervise om seksualitet sjølve framfor å benytte seg av tilbodet frå helsestasjonen.

Det er tydeleg at dette provoserer.  Kommentarane under denne artikkelen på aftenbladet.no, samt artikkelen til nyhetssjef Elin Stueland om kor bakstreverske nokon kristne anno 2012 kan vere, seier alt om at reaksjonane er sterke.

Desse artiklane blei følgt opp med artikkelen "Vaksine-anger kan bli dyrt", som kom 9. mai på aftenbladet.no.  Der står det at det kan bli dyrt for dei som nektar, for tar ein ikkje vaksinen når ein er 13, og vil ha den når ein er 16, må ein betale vaksinen sjølv.  Og det kostar i overkant av 2000 kroner.

Den norske stat legg altså opp til å bruke over 2000 kroner pr vaksine for å massevaksinere landets 13-årige jenter.  Dei er godt under lovleg seksuell minstealder i Norge.  I plassen for å legge inn over norsk ungdom at det faktisk på mange måtar kan svare seg å vente med sex, legg samfunnet vårt heller opp til å prøve og avgrense skadeverknadene ved det seksuallivet norsk ungdom lever ut med å vaksinere tenåringsjenter for ei eventuell eksponering av HPV-virus.

Bent Høie gjekk 7. mai ut i media med eit oppgjer med manglande toleranse for aktive kristne.  Dette burde fleire av kommentarskrivarane på aftenbladet.no, samt nyhetssjef Stueland, ha lese.  For i vårt såkalla tolerante samfunn er det ei kjend sak at toleransen kun skjer på visse vilkår.  Kristne folk, som tør å utfordre Staten med å nekte ungdommane sine å vaksinere seg, eller som seier nei takk til kommunal sexveiledning, får på pukkelen så det held.  Akkurat som om dei ikkje veit det beste for borna.  Ein burde kunne krevje ein viss respekt for at det framleis finst folk i Norge i 2012 som nektar å la seg styre av det liberale meiningsdiktaturet og tar eigne val.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt