Leif Halvard Silli

69

Breiviks tilhøve til Serbia

Dagbladet meiner at Breivik var «nærmest besatt av Serbia». Er det rett å seia det slik?

Publisert: 25. apr 2012

På tysdag hadde Dagbladet ein artikkel med eit intervju med Milorad Pelemis, mannen eit Bosnisk tidskrift meinte kunne vera Breiviks kontakt i Liberia. Pelemis nektar for å i det heile teke ha vore i Liberia — og seier òg at han ikkje kjenner andre serbiske krigsveteranar som «jobbet i Liberia».

Dagbladet seier dette om Breiviks tilhøve til Serbia:

  • «Anders Behring Breivik er nærmest besatt av Serbia i sitt manifest. Han skriver blant annet at Natos angrep på Serbia i 1999, som Norge var med på, er den enkelthendelsen som bidro mest til at han gjennomførte terroren.»

Er det rett at Breivik var «nærmest besatt av Serbia»? Eg har ikkje lese kompendiet — berre skumma ein PDF-versjon av dokumentet for å finna litt statistikk. Det viser seg at å ha:

  • 339 tilslag på ord som inneheld tekststrengen «serb»
  • 140 tilslag på «Kosovo»
  • 77 tilslag på «croat»
  • 350 tilslag på «bosn» (altso «Bosnia» osb)
  • 35 tilslag på «yug»(oslav(ia))
  • 25 tilslag på «montenegr»

Men dokumentet har òg:

  • 340 tilslag på på «russia»
  • 232 tilslag på «engl» (altso «English», «England» etc)
  • 445 tilslag på «brit» (altso «British» og liknande)
  • 357 tilslag på «France»
  • 241 tilslag på «French»
  • 73 tilslag på «Scand»(inav)

Uitfrå dette ser det i og for seg ut til at han er minst like besett av Storbrittannia som av Serbia. Men — klårt — det er jo ein vekselverknad her: I ein artikkel om t.d. USSR vert det lett mykje om USA, òg.

Litt «økumenisk» statistikk: «Orthodox» kjem føre 72 gonger. Og «catholic» 134 gonger. «Anglican» berre 4 gonger. «Protestant» 86 gonger. «Pentecostal» 1 gong. 8 tilslag på «Luther» (derimellom Martin Luther King, Martin Luther, Lutheran Church). «Church» har 541 tilslag. 2473 tilslag på «christ»(ian(ity)). 

Litt «muslimsk» statistikk: «mosque» er nemnd 106 gonger.  «Quran» 168 gonger. «Moslem» 63 gonger. «Muham» 304 gonger. «Islam» 3363 gonger — som er flest gonger av dei orda eg har vurdert.

Er Breivik einaste «kontra-jihadist» som er oppteken av Serbia? Eg veit ikkje. Dette må eg undersøkja. Men eitt svar på dette er gjerne at teksten hans inneheld minst 32 sitat frå «The Decline of Eastern Christianity: From Jihad to Dhimmitude» av Bat Ye’or — ho som lanserte Eurabia-uttrykket. Det er klårt at mange minoritetskyrkjer i Austen og Midt-Austen er anten gresk-orthodokse, koptisk-orthodokse eller assysisk-orthodokse.

Eg har ikkje arbeidd med «eurabia-litteraturen» før.  For meg var det overraskande å, på denne måten, verta kjent med kor mykje plass det kan sjå ut til at mellom anna Den greskt-orthodokse kyrkja har fått i denne sfæren.

Til sist vil eg minna om at ei av dei omkomne 22. juli, høyrde til i Georgias orthodokse kyrkje.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere