Leif Halvard Silli

69

Serbia og Hl Georgs Drakeorden

Meir om Serbia og Drakeordenen — ein av riddarordenane Breivik meiner å ha til føredøme. Då ordenen vart skipa, freista ein samstundes å få til ei mytologisk tilknyting til det store slaget mellom ottomanarane og serbarane på Kåsåvå-sletta.

Publisert: 23. apr 2012

Breivik skal i kompendiet vera oppteken av Drakeorden — «Drakeordenen til den heilage Georg». (Heilage Georg er òg kjend som «drakedreparen».)

Denne knekte-ordenen hadde òg ein norskt medlem, nemleg kong Kristoffer frå Bayern, konge av Noreg, Sverige og Danmark. Han var truleg andreklasse-knekt, ettersom han vart medlem fyrst mot slutten av Drakeordenen si levetid.

Fyrsteklasse-knektane var dei som vart med frå byrja av — i 1408. Øvste leiaren i ordenen var kong Sigismund av Ungarn — seinare keisar av Det heilage (tysk-)romerske riket. Ein katolikk. Kona til Sigismund, Barbara av Cejle, skal ha vore viktig for ordensskipinga. Slik at det er klårt at det var ein katolsk orden på den måten at ein katolsk fyrste stod i spissen. Samstundes ter orden seg òg som gresk-orthodoks, grunna slike ting som at fyrst Stefan av Serbia var med heilt ifrå byrja, med rang som nummer to, etter Sigismund. 

Denne ordenen skal ha hatt mang slag direkte og indirekte føredøme. Men, etter russisk og fransk Wikipedia å døma, var ein viktig inspirator — ja, på papiret, gjerne ein direkte inspirasjon, den hemmelege drakeorden den serbiske fyrsten Milåsj Åbilitj skal ha skipa i samband med Kåsåvå-slaget. Berre ein av dei 12 drakeorden-medlemene skal ha overlevd Kåsåvå-slaget, og det er litt uklårt for meg om denne personen var fyrst Stefan sjølv eller ikkkje.

Koss det no er: Den «nye» Drakeordenen til Sigismund skal altso ha hatt ein serbisk drakeorden til føredøme. 

Det må vel kunna kallast ein sers politisk — militærpolitisk — orden. Og det må vel ligga mykje politikk i dette med at ordenen liksom skulle vera eit framhald av serbaren Milåsj Åbilitj sin orden — eg tolkar dette som ein medviten politikk for å vinna stød og tillit frå dei gresk-orthodokse fyrstane. Noko som klårt var viktig andsynes kampen imot Ottomanarane — ettersom dei gresk-orthodokse rika var viktige «Warsjava-paktland» — buffersonar — mot Det ottomanske riket.

Summa summarum: Kva som rører seg i hovudet til ein militant, serbisk nasjonalist skal eg ikkje ha sagt. Men eg må, nok ein gong, stadfesta at eg var for kategorisk då eg skreiv at det var usannsynleg/umogeleg at ein slik person skulle kunna finna grunnlag, i si eiga nasjonale historie, for ein slags «økumenisk» gresk-orthodoks og romersk-katolsk islam-mostands-orden. 

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere