Leif Halvard Silli

69

22. juli og Serbia-sporet

Slik FrP aldri har gått imot NATO (og dermed heller ikkje gjekk imot bombekrigen mot Serbia), var krossfararane og tempelriddarane eit romersk-katolsk fenomen. Ein nasjonalistisk, serbisk leigesoldat i «Knights Templar» er difor usansynleg.

Publisert: 22. apr 2012

Møtte Breivik ein serbisk leigesoldat i Liberia?

Det er ikkje fyrste gongen i 22. juli-saka at det serbiske sporet er oppe: Alt 5. august hadde t.d. Vårt Land ein artikkel der ekspertar fekk lov å teikna eit bilete av det serbiske folk som ein arnestad for europeisk muslimhat.

Difor, som gresk-ortodoks kristen og ven av Serbia og serbarane, kjenner eg det rett å peika på ein inkonsistens i Breivik si framstelling — ein grunn til å forkasta tanken om at «Knights Templar» eventuelt kan ha serbiske nasjonalistar som medlemer.

For, slik aktor Inga Bejer Engh gjorde rett i å peika på at Framstegspartiet aldri har gått imot NATO (og dermed heller ikkje gjekk imot den norsk deltakinga i bombekrigen mot Serbia), so er det på sin plass å minna om at krossfararane og tempelriddarane aldri var eit fenomen innanfor den gresk-ortodokse Kyrkja sin kultursfære. Og då er den serbiske gresk-ortodokse Kyrkja rekna med — ei kyrkja som mange har halde fram som ein stillteiande inspirator for den serbiske nasjonalismen på 90-talet.

Difor, dersom Breivik, då han — etter som han sjølv ha sagt — kom i kontakt med «Knights Templar» i Liberia, og dersom ein eller fleire av knektane i denne «riddarordenen» verkeleg var/er serbiske nasjonalistar, so seier det ganske mykje om kvaliteten på «nasjonalismen» til vedkomande.

For, medan det er rimeleg lett å skjøna at ein historieorientert engelsk anglikanar eller katolikk kan sverma for t.d. Rikard Løvehjarte, so er det tilsvarande vanskeleg å skjøna kvifor ein historieorientert, nasjonalistisk serbar skulle kunna hylla denne katolske og Byzans-fiendtlege krossfarar-kongen, som mellom anna okkuperte Kypros.

Noko slikt ville vera på lag like dumt som at det i dagens Russland finst folk som kallar seg nazistar. Med andre ord: Det er jo mogeleg. Men med tanke på at den serbiske nasjonalismen på 90-talet vel må kunna seiast ha vore ikkje berre anti-muslimsk men òg anti-katolsk, so ter denne teorien seg ikkje sers truverd.

Det er meir truleg at me her ser nok eit døme på tiltala si dekonstruerte — eller rettare sagt oppkonstrurerte —  historieforteljing. Eventuelt, dersom han faktisk møtte ein serbar, nok eit døme på koss gjerningsmannen tolkar møte og hendingar på sin eigen måte.

Kommentar #1

Knut Nygaard

488 innlegg  6965 kommentarer

Undrer

Publisert over 9 år siden

Er alle serbere like?

I så fall er det ikke håp for oss - hvis vi i Norge alle er lik - ABB - i virkelighetsoppfatning og villighet til handling.

Er klar over at dette er frimurerer riddere, men sånn sett - de er jo internasjonale og finnes jo også i Serbia.. her er Tempelridderutgaven...

http://www.neotemplar.info/country_39.ahtml?NKLN=39_A

Jeg er ingen historiker, men på denne snutten finnes et historisk tilbakeblikk på land som har forsvart det kristne Europa

 http://www.youtube.com/watch?v=aaY-vHDgCUE

I og med at ABB er et norsk "unntak", så kan det vel og finnes et serbisk unntak??

Kommentar #2

Knut Nygaard

488 innlegg  6965 kommentarer

Ad Milorad Pelemis

Publisert over 9 år siden

som media påstår er serbiakontakten så er han omtalt i dette vitneutsagnet fra Srebenica-masskaren som kommer fra tiltalte Drazen Erdemovic (nå kan det jo være taktisk å skylde på andre, men allikevel...)

http://www.rcimun.org/ErdemovicTestimonyofAccused.pdf

Kommentar #3

Leif Halvard Silli

69 innlegg  589 kommentarer

Modifikasjon: Det finst eit historiegrunnlag

Publisert over 9 år siden

Dei som lydde på Verdibørsen på NRK P2 idag, fekk gjerne med seg at Dracula hadde dette (til)namnet fordi faren hans hadde høyrd til Drakeordenen — og eg går utifrå at faren dermed var gresk-orthodoks, ettersom han var ein rumensk herskar og Romania stort sett har vore gresk-orthodokst.

Ifylgje tysk Wikipedia, var Drakeordenen ein katolsk orden, stifta av keisar Sigismund av Det heilage (tysk-)romerske riket. Og serbisk og engelsk Wikipedia fortel at Stefan Lazarevitj, som styrte millomalder-Serbia frå 1389 til 1427, var med då Sigismund i 1408 grunnla Drakeordenen. Han skal ha vore nummer to i hierarkiet til denne ordenen. Tysk Wikipedia er ikkje like bombastisk, og seier at «ifylgje sume kjelder skal han ha høyrt til Drakeordenen». Eg skjønar av serbisk og engelsk Wikipedia at ein grunn til ordens-medlemsskapen nok var at Stefan gjekk med i ei slags vasallstats-pakt med Sigismund.

Dermed er eg nøydd å moderera påstanden min: Dei serbarane eg kjenner, er ikkje fiendar av Vest-Europa — kvifor Serbia skulle ha det so vanskeleg i høve til Vest-Europa er noko t.d. ein ven av meg ikkje kunne skjøna 

Når det altso finst eit slikt historisk døme på ein orden som hadde både gresk-orthodokse fyrstar so vel som romersk-katholske fyrstar, so er det jo — faktisk — tenkjeleg at einkvan serbaren kunne gripa attende til dette. Det er jo eit døme på ein slags fellesorganisasjon — for romersk-katolske og gresk-orthodokse — imot Den ottomanske hermakta.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere