Verdidebatt

Skal eg dumpe nynorsk, Kristin Halvorsen?

Er det dette Kristin Halvorsen ønsker seg, eller er det berre ein utilsikta praktisk konsekvens av hennar utspel om å tone ned fokus på sidemål i skulen?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For å tone ned fokus på sidemål vil i størst grad ramme nynorsk.

Lat oss ta det openbare først. Eg som nynorskbrukar er ikkje interessert i å publisere på eit språk folk ikkje beherskar. Eg er ikkje interessert i å nytte eit språk som folk ikkje treng lære seg.

For meg er ikkje språket eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for kommunikasjon. Skal ein formidle må ein ha eit språk som fungerer.

Om no fokuset på nynorsk skal tonast ned i skulen, må ein tenke seg godt om. Skal ein gi ut bøker på nynorsk, på eit språk som er nedprioritert, for dei spesielt interesserte og som folk ikkje vil/ treng bruke tid på å lære seg?

Er dette interessant for meg å bruke eit slikt språk i det lange løp? Bjellene har begynt å ringe for ei rekke nynorskbrukarar.

Kvifor er det slik at ein forlagsredaktør eg prata med, anbefalte meg bokmål? Desse anbefalingane vil nok neppe bli sjeldnare om nynorskkompetansen i skulen skal svekkast. Senka kompetanse vil i sin tur føre til senka bruk. Kvifor er det slik at mange forfattarar tenker slik alt idag? Det blir snakka om kva språk profilerte nynorskingar skal gi ut si neste bok på. Er det på tide å velge bokmålet? Nynorsk er i ferd med å bli kjørt i grøfta.

Er det dette Halvorsen ønsker seg, eller ser ho berre ikkje konsekvensane av eigne forslag? Konsekvensane av nedprioritering av nynorsk i skulen, vil gjere språket også mindre attraktivt å nytte for oss som har nynorsk som hovedmål. Glømte ho å tenke på det, eller? At vi dumpar det i same slengen?

Trur Halvorsen virkelig, at vi som nynorskbrukarar skal stille opp og halde fram å kommunisere på nynorsk, om dette språket ikkje lenger er noko ein prioriterer? Skal vi vere kulturhistorias vaktarar og idealistar? Nei, dei fleste av oss er ikkje språkidealistar. Vi er kvardagsbrukarar. Språk er ikkje eit mål, men eit middel for oss.

Nynorskkompetansen er alt sterkt svekka, også i sentrale nynorskområder, som Sunnfjord, der eg kjem frå. No skal det altså svekkast ytterlegare.

Mange av mine venner frå Sunnfjord har gått over til bokmål. Kvifor? Fordi dei ikkje beherskar nynorsk. Dei aner ikkje kva ord som er lov og kva ord som ikkje er lov. Dei kan ikkje bøye verb, ikkje substantiv, det er vanskeleg å vite korleis ein skal skrive for å vere konsekvent, og dette er ikkje fordi dei er dumme eller ignorante.

Som ein kamerat seier det: «Eg skriv nynorsk på sms privat, men bokmål når eg sender ut epostar til kollegaer. I ei mediebedrift er det faktisk ganske pinleg å sende ut ein mail full av skrivefeil. Difor vel eg bokmål.»

Eg kjenner journalistar som skriv nynorsk når dei har god tid og bokmål når dei har dårleg tid. Kvifor? Fordi det er ikkje lett å vite kva ord som er lov og kva ord som ikkje er lov. Og dette er folk med nynorsk som hovudmål. Etterkvart må ein kanskje no også vurdere å skrive bokmål fordi folk ikkje forstår kva som står der ellers.

Så fortell meg, Kristin Halvorsen, er middelet levedyktig eller tenker du ta det vekk og gjere det ubrukeleg ved å kappe ned på sidemål og nynorskundervisning?

Eg skriv og eg treng eit redskap, eit språk som er i bruk, også i framtida. Vil eg ha det, Kristin Halvorsen? Innbiller du deg virkelig at nynorsk vil vere interessant som kommunikasjonsmiddel om folk flest ikkje innehar kompetanse på språket? Då er du naiv.

Anne Viken, skribent og bloggar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt