Torstein Langesæter

177

Himmelriket

Det store gjestebodet

Publisert: 27. jan 2012

Herrens gjestebod .


” På DETTE FJELLET” skal Herren, Allhærs Gud,
gjera eit GJESTEBOD for alle folk,
eit gjestebod med feite retter,
eit gjestebod med gamal vin,
med feite, mergfulle retter
og gamal, klåra vin.
7 På DETTE FJELLET skal han ta bort
det sløret som ligg over alle folk,
det sveipet som er lagt over alle folkeslag.
8 Han skal GJERA DØDEN TIL INKJES for alltid.
Herren vår Gud skal turka
tårene av alle andlet.
Sitt folks vanære skal han ta bort
frå heile jorda.
For Herren har tala.”

Kvar er det Herren eller Messias skal halda gjestebodet ?

Ute i universet , fjernt frå jorda,slik som Paulus prøver å seia ?

Nei , det er her på jorda - på Herrens fjell.(sjå tidlegare innlegg)

Som teksten videre viser så skal dei frelste jubla seg når Herren grip inn.

Han straffar desse folka som har teke seg til rette i Jerusalem i det bokstavlege MidtAusten.

”Den dagen skal dei seia:


«Sjå, DETTE ER VÅR GUD!
VI VENTA PÅ HAN,
OG HAN FRELSTE OSS;
dette er Herren som vi venta på.
Lat oss gleda og fagna oss over hans frelse!»
10 For Herrens hand skal KVILA OVER DETTE FJELLET.” v .9

Matteus 8,11 lærer oss noko veldig viktig i samanheng med dette gjestebodet.


Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.

Mange er kalla ,med diverre takkar dei fleste nei.

Det er så mange ting som dei ynskjer å gjera her medan dei lever.Det er så mange ting som dreg.

Men dei som tek imot i frå aust og vest skal når lauvhyttefesten startar sitja til bords med dei verkeleg store trusheltane- Abraham,Isak og Jakob.

Dette gjestebodet vert omtala fleire stader. Det vert skikkeleg kjekt.

Då Yeshua innstifta  nattverden  uttalte han desse kjende orda.

"Drikk alle av den! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i RIKET ÅT FAR MIN".

Kor er dette?

Her på jorda , der Edens hage låg.Dette  skal gjenopprettast .Der er og Guds heilage fjell .

Og her er eit fantastisk ord.- HIMMELRIKET.

Kor er det?

HER på jorda.

Der skal me samlast.

I sine 7 Festar viser Gud oss nøyaktig når det skal skje.

Lauvhyttesfesten startar 5 dagar etter Yom Kippur - 15/7 i jubelåret.

No er snart dei 6000 åra slutt. Det er berre 16 år til det store gjestebodet skal haldast.

http://bki.net/6000/6000aar.html

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere