Verdidebatt

Folkets vilje?

Kvifor tek politikarane seg til rette og går på tvers av fokeviljen, er EU's overnasjonale føringar og juridiske betraktningar grunnen?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mange undrast kvifor Stoltenberg-regjeringa er så oppteken av å tekkast etniske minoritetar, særskilt muslimar, Senterpartiet måtte ta støyten for blasfemi-fadesen, og ein statssekretær og ein rådgjevar i Justisdepartementet  ”tok skulda” for hijab-forsøket.

Svaret er ikkje veldig komplisert, men kanskje ikkje så opplagt for folk flest. Både Sverige og England har godteke islamske krav om samfunnsdeltaking og særordningar på ein heilt annan måte enn Norge. I begge landa er fagrørsla sterkt svekka, med det resultatet at arbeidstida aukar og lønningane vert dårligare.

Det var Margaret Thatcher, som forsto at dersom ein skal svekke fagrørsla og liberalisere arbeidsmarknaden så er etnisitet, kulturelle og religiøse skilnadar det beste våpenet å bruke, så frå og med 1979 kutta Thatcher samarbeidet med fagrørsla slik at etniske minoritetar, med låg utdanning, vart kjempande saman med etniske engelskmenn med låg eller ingen utdanning i kampen om arbeid til luseløn, det vil seie 40 – 60 kroner i timen.

Det er denne langsiktige strategien, som går ut på å svekke fagrørsla, som eigentlig ligg bak Stoltenberg-regjeringas udemokratisk behandla utspel om integrasjon. Like udemokratisk var Stoltenbergs ja til EUs tenestedirektiv, som legg til rette, for mellom anna, sosial dumping og svekka forbrukarvern.

Skulle nokon tykkje at dette synest konspiratorisk, så er det berre til å søkje opp ”Makt-og demokratiutredningen” av 2003. Denne utredninga vart leia av professor, ved UiO, Øyvind Østerud, og konkluderte, mellom anna, med at etniske nordmenn med låg utdanning må konkurrere med raskt veksande etniske minoritetar om arbeid i slitaryrka, helse-og sosial, handel, reinhald, sjåfør, anlegg m. m., og at etnisitet, kulturelle-og religiøse skilnadar gjer at samarbeid, i felles fagrørsle blir vanskelig, nesten umogeleg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt